Rapport om samfunnsøkonomiske konsekvensar ved marginalisering og utanforskap blant barn og unge

Oslo Economics har, på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet, gjennomført ein analyse av dei samfunnsøkonomiske kostnadane ved marginalisering og utanforskap blant barn og unge.

Rapporten viser at låg inntekt, omsorgssvikt, vald og overgrep, og funksjonsnedsetjing gir betydeleg auka risiko for å oppleva marginalisering. Analysen synleggjer òg store samfunnsøkonomiske kostnadar ved utanforskap frå arbeidslivet blant tidlegare marginaliserte barn og unge. Dei store kostnadene tydar på at tiltak som bidreg til å førebyggje og motverke marginalisering og utanforskap frå tidleg alder kan gi store gevinstar, både for den einskilde og for samfunnet.

Les rapporten (PDF)