Redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Ei arbeidsgruppe som har sluttevaluert Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002) meiner at det har skjedd ein risikoreduksjon på minst 25% i planperioden, og at det overordna målet i handlingsplanen såleis er nådd. (13.06.2003)

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist:

Ei arbeidsgruppe som har sluttevaluert Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002) meiner at det har skjedd ein risikoreduksjon på minst 25% i planperioden, og at det overordna målet i handlingsplanen såleis er nådd.

Ei samanlikning av gjennomsnittet for 1996-97 med gjennomsnittet for 2001-02 syner ein liten reduksjon i omsetning (8%), men ein markert reduksjon i helserisiko (33%) og i miljørisiko (37 %). Jamvel om ein bør vere varsam med å leggje for mykje vekt på slike indikatortal, synest trenden klar; det har vore ein markert risikoreduksjon i handlingsplan-perioden, både for helse og for miljø.

Med utgangspunkt i plantevernmidla sine ibuande eigenskapar og kalkulert risiko, og med grunnlag i omsetningsstatistikken, er det utarbeidd ein målemetode og indikatorar for å beskrive utviklinga over tid i helse- og miljørisiko ved bruk av plantevernmiddel. Ein ny bruksstatistikk for plantevernmiddel utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, vil på sikt gjere det mogleg å få sikrare tal på risikoutviklinga.

Resultat frå gjennomførde spørjeundersøkingar retta mot norske bønder, støttar inntrykket av risikoreduksjon i handlingsplanperioden, og syner positive haldningsendringar og praksis i høve til bruk og handtering av plantevernmiddel. Om lag 40% av respondentane i spørje-undersøkinga frå 2002/03 meinte at dei på bruket sitt har hatt ein markert nedgang i bruk av plantevernmiddel i løpet av 5-årsperioden.

Jamvel om trenden går i positiv lei, syner resultat frå overvakingsprogramma for nærings-middel og miljøet likevel at situasjonen enno ikkje er fullt ut tilfredsstillande.

Evalueringsgruppa, samansett av representantar for avtalepartane i jordbruksoppgjeret (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Staten), Forbrukarrådet, Statens forureiningstilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn, understrekar behovet for ein framhaldande innsats for ytterlegare å redusere risikoen for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel. Spørjeundersøkingar har også klarlagt at det er rom for betringar på fleire område.

Gruppa tilrår ei vidareføring av mål og tiltak frå tidlegare handlingsplanar i ein ny Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008).

Under jordbruksoppgjeret i mai er det sett av 17 mill kr for 2004 til gjennomføring av tiltak under den nye handlingsplanen.

Landbruksdepartementet har sendt evalueringsrapporten ut på ei brei høyring. Den nye handlingsplanen vil bli utarbeidd på grunnlag av tilrådingane frå evalueringsgruppa og uttale frå høyringsinstansane.

Kontaktperson: Kåre Årsvoll
Tlf. 22 24 94 42
E-post: kare.arsvoll@ld.dep.no


13. juni 2003