REGELVERK FOR FORVALTING AV STATLEG STØTTE VED BYGGING AV SKIP

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

REGELVERK FOR FORVALTING AV STATLEG STØTTE VED BYGGING AV SKIP

Regelverket er fastsett av Nærings- og handelsdepartementet 22.12.2000 og gjort gjeldande frå same dag. Regelverket erstattar regelverk av 08.06.2000. Midlar til ordninga vert løyvd over kap. 966, post 50 i statsbudsjettet

DEL 1: TILSKOTSORDNINGA

1 Føremål med ordninga

Føremålet med ordninga er å tilføre norske verft skipsbyggingsoppdrag.

2 Målgruppe

Målgruppa er skipsverft i Noreg samt verksemder i Noreg som utfører skipsbyggingsoppdrag.

3 Tilskotsforvaltar

Ordninga administrerast av Eksportfinans ASA. Heimel for utarbeiding av dette regelverket er gjeven i Stortingsvedtak av 18. desember 1992, jf. St.prp. nr.1. Tillegg nr. 11 (1992-93), vedtak XV. Ein syner vidare til EØS-komiteens beslutning av 29. januar 1999 om å innlemme Rådsforordning nr 1540/98 av 29. juni 1998 om støtte til skipsbyggingsindustrien i EØS-avtalen gjennom endring av EØS-avtalens vedlegg XV. Forordninga trådte i kraft i EU 1. januar 1999. Ved "Forskrift om gjennomføring av EØS-avtalens bestemmelser om offentlig støtte til skipsbyggingsindustrien", vedteke ved kgl. res. av 19. mars 1999, er det vedteke at rådsforordninga skal gjelde som føresegn med dei tilpassingar som EØS-komiteen vedtok ved innlemminga i EØS-avtalen sitt vedlegg XV.

"Regelverk for forvalting av statleg støtte ved bygging av skip" er meint å vere utfyllande i høve til "Forskrift om gjennomføring av EØS-avtalens bestemmelser om offentlig støtte til skipsbyggingsindustrien" av 19. mars 1999.

4 Tilskotsordninga omfattar

Tilskotsordninga omfattar:

  1. bygging som vert utført i Noreg av følgjande sjølvdrivne, sjøgåande kommersielle fartøy:
  • fartøy på minst 100 bt som brukast til transport av passasjerar og/eller gods
  • fartøy på minst 100 bt til særlege formål (for eksempel mudringsfartøyer, isbrytarar)
  • slepebåtar på minst 365 Kw
  • fiskefartøy på minst 100 bt til eksport utanfor EØS-området, og
  • flytande og flyttbare uferdige skrog av ovannemnde fartøy.

I denne samanheng meines med "sjølvdrivne, sjøgåande fartøy" eit fartøy som ved eige framdriftsmaskineri og eige styringssystem er fullt ut navigerbart på opent hav.

  1. ombygging som vert utført i Noreg på sjølvdrivne, sjøgåande kommersielle fartøy på minst 1000 bt, forutsett at ombyggingsarbeidet medfører omfattande endringar av lastearrangementet, skroget, framdriftsmaskineriet eller bekvemmelighetane for passasjerane.

Reparasjonar, utskifting av brukt utstyr o.l. skal ikkje reknast som ombygging. Slike kostnader skal trekkjast ut av utrekningsgrunnlaget for tilskot dersom andre delar av ein kontrakt kan karakteriserast som ombygging. Ombygging under ein verdi av 2,5 mill. kroner har ikkje rett til tilskot.

Dersom delar av byggeoppdraget vert utført av bedrifter i utlandet, skal

kontraktverdien av dette arbeidet og utstyr levert i samband med denne delen av byggearbeidet ikkje reknast med i utrekningsgrunnlaget. Dette gjeld og kostnader knytte til frakt/slep i samband med slike byggeoppdrag. Ved slep skal verdien av anna utstyr som følgjer med slepet og trekkjast ut av utrekningsgrunnlaget.

Utgifter som - utan bakgrunn i reelle byggekostnader - fører til at kontraktprisen aukar, reknast ikkje med i utrekningsgrunnlaget.

Eksportleveringar av fiskefartøy

Denne ordninga omfattar eksportleveringar utanfor EØS-området av fiskefartøy som er kontraherte ved norske verft.

Vidare vert det berre gjeve støtte dersom fartøy skal eksporterast til land som har ratifisert anten FN-avtala om fiske på det opne hav, jf. St. meld. nr. 43 (1994-95) eller "Avtale om å fremme fiskefartøyers overholdelse av internasjonale bevarings- og forvaltningstiltak på det frie hav", eller til land der ei slik ratifisering er nær foreståande. Søkjarar skal dokumentere at fartøyet vil få fiskeløyve (lisens) frå det land det skal eksporterast til. Fiskerimyndigheitane kan krevje ytterlegare dokumentasjon eller gjere eigne undersøkingar for å tryggje at fartøyet ikkje nyttast i strid med nemnde avtaler. Reglane gjeld og for utanlandske reiarlag med norske eigarinteresser.

5 Krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot må sendast til Eksportfinans ASA utan ugrunna opphald i samband med kontraktinngåing. I søknaden skal innhaldet i kontrakten vera spesifisert i rimeleg grad.

Det vil spesielt bli stilt krav om at det skal gjevast opplysningar om samanfallande eigarinteresser mellom verft og kontrahent eller mellom kontrahent og større leverandørar. Er det slike vesentlege eigarinteresser til stades, kan tilskotsgrunnlaget fastsetjast etter skjønn. Kostnader knytt til slik fastsetjing ved skjønn vert fråtrukke ved utbetaling av byggetilskotet. Same rutinar kan og nyttast i andre avgrensingssaker.

Kontraktar der innrapporteringa ikkje er i samsvar med pkt. 8 vil ikkje gje grunnlag for utbetaling av byggetilskot.

6 om Kontrakten

Med dato for kontraktinngåing forstår ein den dato verft og kontrahent inngår ein gjensidig bindande kontrakt. Ein gjensidig bindande kontrakt tyder at kontrakten ikkje kan ha atterhald som i røynda inneber at ein eller båe partane einsidig og utan erstatningsansvar kan trekkje seg frå kontrakten. Dato for kontraktinngåing kan likevel ikkje setjast seinare enn den dato verftet startar den fysiske bygginga av skipet.

Med leveringsdato for nybygg forstår ein den dato fartøyet formelt vert ført over til reiarlaget. For ombyggingar vil levering ha funne stad den dato reiarlaget formelt tek over fartøyet. Det er eit vilkår at levering finn stad ikkje meir enn 3 år etter kontraktinngåing.

Tilsegnsvilkåra som gjeld for den gjensidig bindande hovudkontrakten, kan og bli gjort gjeldande for ein auke på inntil 15 pst. av den delen av hovudkontrakten som er tilskuddsberettiget når denne auken i kontraktprisen er dokumentert. Det vil ikkje verte gjeve tilskot for den delen av ein auke som overstig 15 pst. av hovudkontrakten.

Dette regelverket gjeld for nye gjensidig bindande kontraktar som vert inngått frå og med 22. desember 2000 og fram til og med 31. desember 2000 eller fram til den datoen OECD-avtalen om normale konkurransevilkår i skipsbyggingsindustrien trer i kraft.

Tilsagt tilskot som gjeld ein gjensidig bindande kontrakt mellom eit verft og ein reiar, kan førast over til ny reiar dersom fartøy spesifikasjonane er dei same. Ein slik overføring må ha godkjenning frå Eksportfinans ASA.

Nærings- og handelsdepartementet tek atterhald om at regelverket kan verte endra. Slike eventuelle endringar vil likevel ikkje få verknad dersom det alt er inngått gjensidig bindande kontraktar. Utan omsyn til dette kan relevante overvakingsorgan på grunnlag av gjeldande føresegn fatte vedtak om støttevilkår inklusive tilbaketrekking av tilsegn.

7 Utrekning av tilskot (Utrekningsreglar)

Tilskotssatsane vert årleg fastsett av Stortinget. Det er ein høg sats for nybygg på minst 10 mill. EURO og ein låg sats for nybygg på under 10 mill. EURO og ombyggingar.

Grensa på 10 mill. EURO for høg og låg sats for nybygg gjeld for nettobyggesum, jamfør definisjon punkt 7.1, pluss verdien av tilskotet til verftet. I høve til denne grensa tek ein utgangspunkt i valutakursane (midtkursane) til Noregs Bank ved kontraktinngåing.

7.1 Om utrekning av byggetilskot

Byggetilskotet reknast ut på følgjande måte:

  • Når verftet får byggetilskotet og ein dermed har teke omsyn til tilskotet i kontraktprisen, vil normalt kontraktprisen reflektere byggekostnaden minus byggetilskotet (nettobyggesum). Dersom dette er tilfellet skal ein rekne ut byggetilskotet etter denne formelen:

nettobyggesum x støttesats i prosenteiningar

……..100 - støttesats i prosenteiningar……..

  • Dersom ein ikkje har teke omsyn til tilskotet i kontraktprisen vil normalt kontraktprisen reflektere byggekostnaden (bruttobyggesum). Dersom dette er tilfellet, og reiaren skal få refundert byggetilskotet frå verftet, eller ved kostnader som er fakturerte direkte til reiarlaget/kontrahenten ("owner supply") skal ein rekne ut byggetilskotet etter denne formelen:

bruttobyggesum eller kontraktspris ("owner supply") x støttesats i prosenteiningar

…………………………………… 100……………………………………………….

7.2 Utrekning av tilskot ved valutakontraktar

Tilskota vert utbetalte i norske kroner. Om kontrakten er i utanlandsk valuta, legg ein valutakursane (midtkursane) til Noregs Bank ved kjølstrekking eller to verkedager før leveringsdato til grunn ved utrekning av tilskot.

8 Krav om rapportering i samband med støtte

Krava er:

  1. Følgjande dokument skal vere Eksportfinans ASA i hende seinast innan utgangen av andre månad etter at kontrakten er inngått:
  1. korrekt utfylt blankett nr. 1, underteikna av verft og reiar
  2. aksepterte tilsegn frå reiar og verft
  3. advokatstadfesting vedrørande dato på bindande kontrakt
  1. Dersom ein ønskjer utbetaling av tilskot til verftet ved kjølstrekking, må i tillegg til punkta i a) ovanfor og følgjande dokument vere Eksportfinans ASA i hende:
  1. stadfesting frå klasserepresentant vedrørande kjølstrekking
  2. ansvarserklæring, forpliktande underskriven iht. firmaattest
  3. firmaattest
  4. bankgaranti ved tilskotsbeløp større enn NOK 10 mill.
  1. Seinast innan 2 veker etter leveringsmånaden skal følgjande dokument vere Eksportfinans ASA i hende:
  1. korrekt utfylt blankett nr. 1, underteikna av verft og reiar
  2. revisorstadfesting(r)
  3. kopi av overtakingserklæring underteikna av verft og reiar
  1. Verftet må dessutan gje andre opplysningar som vert kravd i dette regelverket, gjeldande Forskrift av 19.03.99 og tilsegnbrev.

Verft som ikkje syter for innsending av dei opplysningane som vert kravd, i rett tid, vil tape retten til tilskot eller få krav om å betale attende tidlegare utbetalte tilskot. Det same gjeld dersom det er gjeve urette eller misvisande opplysningar jf. pkt.10.

9 Utbetaling av tilskot

Utbetaling av tilskotet kan skje på følgjande måtar:

  1. Inntil 50 pst. ved kjølstrekking og resten ved levering. Bankgaranti vert kravd for den delen av tilskotsbeløpet som utbetalast ved kjølstrekking og som overstig 10 mill. kroner.
  1. 100 pst. ved levering.

Tilskot ved "owner supply" vil bare bli utbetalt ved levering.

Med omgrepet kjølstrekking forstår ein i dette regelverket følgjande:

  • Når skroget vert bygd i Noreg er kjølstrekking utført når ein oppfyller SOLAS krav til kjølstrekking.

Når skroget vert bygd i utlandet eller saka gjeld ombygging er kjølstrekking utført anten når skroget/fartøyet kjem til det norske verftet eller når verftet har påbegynt andre deler av byggeoppdraget som er av ein slik storleik (15-20%) at det kan jamstellast med SOLAS’s definisjon av kjølstrekking.

Dersom det viser seg at eit verft har motteke meir enn 50 pst. av det endelege tilskotet ved kjølstrekkingstidspunktet vil normalt Eksportfinans ASA berekne morarenter for den delen som overstig 50 pst. og motrekne dette mot den endelege utbetalinga.

Utbetaling av tilskot vil skje etter at all naudsynt dokumentasjon i korrekt utfylt stand er motteke av Eksportfinans ASA. Eksportfinans ASA vil måtte berekne noko handsamingstid for kvar sak. Eit administrasjonsgebyr vil bli trekt frå tilskotet for å dekkje kostnader knytt til handsaming av ordninga. I einskilde tilfelle vil og kostnader til dekning av honorar til maritim eller teknisk konsulent krevjast dekket.

10 Høve til å setje i verk kontroll, ikkje utbetale tilsagte tilskot og krevje utbetalte tilskot attende

Nærings- og handelsdepartementet tek atterhald om høve for departementet og Riksrevisjonen til å setje i verk kontroll med at dei statlege tilskota vert nytta etter føresetnadene, jf. Løyvingsreglementet.

Dersom det vert klårlagt at det er gjeve tilsegn om utbetaling av tilskot under denne ordninga på bakgrunn av misvisande eller feilaktige opplysningar, vil utbetalinga kunne bli halden attende. Det same gjeld dersom det er grunnlag for mistanke om slike forhold.

Verft og reiarlag må gje melding til Eksportfinans ASA om all anna offentleg støtte som vert gjeve til verft og reiarlag. Dersom det syner seg at det er gjeve tilsegn om høgare støtte enn det som er tillate, kan hele eller deler av tilsegn om støtte bli trekte attende.

Dersom utbetalinga har skjedd på bakgrunn av misvisande eller feilaktige opplysningar er verftet/reiarlaget forplikta til å betale attende til staten, heilt eller delvis, tilskot som alt er utbetalte. Det vil bli kravd morarente frå det tidspunkt den feilaktige støtta ble utbetalt. Saka kan verte meld som straffesak til politiet.

11 Generelt

Eventuelle spørsmål om dette regelverket skal rettast til Eksportfinans ASA. Det er ein føresetnad at eventuelle tvilsspørsmål vert tekne opp med Nærings- og handelsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet kan gjere naudsynte presiseringar og avklåringar som gjeld dei einskilde områda i dette regelverket. Det vil i ein slik samanheng verte lagt vekt på å unngå forskjellsbehandling og om det er gjeve støtte til same slag fartøy i andre land i EØS-området.

Nærings- og handelsdepartementet er i henhold til forvaltningslovens § 28 klageinstans for vedtak fatta av Eksportfinans ASA.

12 Definisjonar

  • Med omgrepet bruttotonn (bt) forstår ein i dette regelverket standarden i framlegg frå Skipsmålingskonvensjonen av 1969, som trådde i kraft med verknad frå 1982.
  • Eksportlevering er definert som levering av skip til eit reiarlag som er registrert i utlandet.
  • Innanlandsk levering er definert som levering til norskregistrert reiarlag.
  • EØS-området omfattar EU-landa, Island, Liechtenstein og Noreg. Færøyane og Grønland er ikkje med i EØS-området

DEL 2: FORHOLDET MELLOM EKSPORTFINANS ASA OG NÆRINGS- OG HANDELSDEPARTEMENTET

13 Krav til innhald i tilsegnsbrev

Tilsegnsbrevet skal innehalde informasjon om krav til dokumentasjon, jf. pkt. 8. Desse krava må oppfyllast før midlane kan utbetalast.

14 Krav til oppfølging og kontroll av tilskotsmottakar

Eksportfinans ASA skal som administrator av ordninga, følgje opp ovanfor tilskotsmottakar dersom informasjonen gjeve i henhold til pkt. 8 har openbare feil eller manglar i høve til reglane eller ut frå Eksportfinans ASA si erfaring og praksis i slike saker. Det skal vidare foretas hensiktsmessig kontroll av informasjonen. Kontrolltiltaka skal omfatte:

  • innhenting av erklæringar og bekreftingar som nemnd under pkt. 8 ovanfor.
  • nærare bestemd stikkprøvekontroll for prøving av innrapportert informasjon.

15 Rutiner for registrering av tilskot i forhold til disponibel løyving

Alle registra skal ta utgangspunkt i aksepterte tilsegn basert på gjensidig bindande kontraktar og alle seinare registrerte endringar i desse.

Eksportfinans ASA skal som administrator av ordninga føre einskilde register over:

  1. aksepterte tilsegn med forventa støtteutbetaling for kvart budsjettår, spesifisert på nybygg med hhv. høg og låg støttesats og ombyggingar, samt fordelt på innanlandsk kontraktar og eksportkontraktar.
  2. utbetalt tilskott, gjenståande utbetalingsforpliktingar og forventa utbetalingstidspunkt under dei ulike årlege fonda.

For nærare rapportering frå Eksportfinans ASA, sjå. pkt. 19.

Nærings- og handelsdepartementet skal føre register for fondskontiane knytte til dei
ulike årgangane som inneheld informasjon om:

  • totale utbetalingar
  • beløp som totalt er tilført
  • gjenståande midlar

16 Vilkår og rutinar for utbetaling og rekneskapsføring

16.1 Krav til utbetalingsrutinar

Nærings- og handelsdepartementet oppretter ved byrjinga av kvar budsjettermin ein fondskonto i Noregs Bank og overfører heile løyvinga under kap. 966, post 50 til denne fondskontoen. Når tilskot skal utbetalast sender Eksportfinans ASA over et krav om utbetaling til Nærings- og handelsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet fører deretter over tilskotet til Eksportfinans ASA. Eksportfinans ASA utbetaler deretter tilskotet fråtrukke administrasjonsgebyr til å dekkje kostnader knytte til handsaming av ordninga, inkludert kostnader knytte til stikkprøvekontroll.

Utbetalingsdokumenta til Eksportfinans ASA skal vere attestert av Nærings- og handelsdepartementet/Næringspolitisk avdeling, og fondskontiane i Noregs Bank blir belasta av Nærings- og handelsdepartementet.

16.1 Rekneskapsføring og kontroll

Nærings- og handelsdepartementet registrerer løpande belastningar av fondskontiane i Noregs Bank, jf. pkt. 15, og registra samanhaldast med kontoutskriftene frå Noregs Bank. Rørslene på kontiane rapporterast til kapitalrekneskapet av Nærings- og handelsdepartementet/Administrativ- og juridisk avdeling.

Vidare skal Nærings- og handelsdepartementet kontrollere at følgjande er korrekt:

  • Registrering av faste data
  • At overførte midlar til Eksportfinans ASA er overførte på bakgrunn av utbetalingsdokument og til rett tid
  • Registrering i rekneskapet
  • Behandling av dokumentasjon frå Eksportfinans ASA

17 Oppfølgingskriterier

Følgjande storleiker skal leggjast til grunn ved vurdering av resultatoppnåing:

  • Tilskotsberettiga ordreinngang
  • Sysselsettinga ved verfta

18 Evaluering

Nærings- og handelsdepartementet skal med nokre års mellomrom syte for at føremålet med tilskotsordninga og bruken av tilskotsmidlane blir evaluerte.

19 Krav til rapportering frå Eksportfinans ASA

Eksportfinans ASA skal innan fem veker etter utgangen av kvart kvartal, sende inn ein rapport som syner status i dei ulike registra i pkt. 15.

For registeret som omhandlar aksepterte tilsegn med forventa støtteutbetaling, skal tala for det gjeldande året rapporterast fordelt på kvartal. For dei føregåande åra skal det rapporterast for året under eitt. Rapporten skal vera spesifisert på nybygg og ombyggingar, fordelt på innanlandske kontraktar og eksportkontraktar med forventa støtteutbetaling.

For registra som omhandlar utbetalt tilskott, gjenståande utbetalingsforpliktingar og forventa utbetalingstidspunkt på dei ulike fonda, må totale forpliktingar på kvart fond samt totalbeløpet til utbetaling pr. fond pr. utbetalingstidspunkt rapporterast.

Nærings- og handelsdepartementet22.12.2000

____________________________

Departementsråd