Rundskriv F-025-02

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Hovudavtalen i staten § 33 nr. 3 - ressursar til fastlønna tillitsvalde

Rundskriv
F-25-2002

Saksnr. 02/1329

04.09.2002

Statens utdanningskontor
Fylkeskommunar
Fylkesrevisjonar
Kommunar
Kommunerevisjonar

Hovudavtalen i staten § 33 nr. 3 – ressursar til fastlønna tillitsvalde

Retten til permisjon for tillitsvalde er regulert i hovudavtalen (HA) i §§ 33, 34 og 35. Etter HA § 33, nr. 1, har tillitsvalde rett til tenestefri med lønn i samband med utføring av tillitsvervet. Som alternativ til at arbeidsgjevar skal gje permisjon for kvart einskild oppdrag, kan det etter § 33 nr. 3 lagast ordningar der årsverk eller deler av årsverk vert sett av til arbeidet som tillitsvald i den einskilde verksemda (fastlønna tillitsvalde).

Det er UFD som til no med heimel i hovudavtalen årleg har fastsett omfang og fordeling av tidsressursar til fastlønna tillitsvalde i skoleverket i kommunar og fylkeskommunar. I den nye hovudavtalen i staten som vart iverksett frå 01.01.02, er prosedyrane i samband med fastsetjing av tidsressurs til arbeid som tillitsvald forenkla. Av praktiske grunnar har partane for skoleåret 2002/03 (med samtykke frå AAD) likevel vore einige om å følgje prosedyrane etter dei tidlegare vilkåra i hovudavtalen § 33, dvs. at UFD har fastsett omfang og fordeling av ressursar, jf. rundskriv F-20-02.

Normalordninga i HTA § 33 er no at ressursomfanget og fordeling av ramma vert fastsett etter drøftingar mellom partane i verksemda (kommunen og fylkeskommunen), og denne ordninga skal følgjast i skoleverket f.o.m. skoleåret 2003/04.

Føremålet med endringa er enklare sakshandsaming, og at ressursomfanget kan fastsetjast ut frå lokale forhold Arbeidsgjevar skal gje dei tillitsvalde best mogleg arbeidsvilkår slik at dei skal kunne utføre verva sine (jf. Hovudavtalen i staten – tilpassing av del 1 til skoleverket, § 1 pkt 7). Fram t.o.m. 1985 vart det gjeve direkte tilskot til ordninga med ressurs til tillitsvalde. Frå 1986 vart denne refusjonen lagt inn i rammetilskotet til kommunen/fylkeskommunen. Det vil ikkje bli gjort endringar i dette, og UFD vil derfor tilrå at det samla ressursomfanget ikkje blir redusert.

I forhold til §§ 34 og 35 i hovudavtalen vil UFD spesielt gjera merksam på fylgjande:

Formuleringa styremøte og møte i faste organ i hovudavtalen § 34 dekker òg møte i utval som er oppnemnde av og/eller rådgjevande for styret.

Uttrykket styremøte og møte i faste organ i hovudavtalen skal òg omfatte organisasjonane sine årsmøte, styremøte og leiarmøte samt møte i rådgjevande utval på fylkes- og landsplan.

Ved delvis permisjon etter § 35 vil UFD i tråd med tidlegare praksis tilrå at arbeidsgjevar betalar full lønn og krev refusjon frå vedkomande organisasjon for den prosentsatsen det er gjeve permisjon for. Ved heil permisjon etter § 35 overtek vedkomande organisasjon arbeidsgjevaransvaret (inkludert betaling av lønn) for den tillitsvalde.

Med helsing

Ulla Werner e.f.
avdelingsdirektør

John Røyrvik
seniorrådgjevar

Kopi:Lærarorganisasjonane

Kommunenes Sentralforbund