Rundskriv F-035-00

Endring i forskrift til opplæringslova om formidling av lærlingar til lærebedrifter - godkjenning av utdanningsløp som ikkje følgjer fastsett struktur (10.07.00)

Rundskriv
F-035-00

Saksnr. 00/1766

10.07.2000

Fylkeskommunane
Yrkesopplæringsnemndene
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Opplæringsråda
Statens utdanningskontor
Elevorganisasjonane
Lærerorganisasjonane
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Norges rederiforbund
Kommunenes Sentralforbund
Maskinentreprenørenes Forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Sekretariatet for små og verneverdige fag
Fylkesarbeidskontora

Endring i forskrift til opplæringslova om formidling av lærlingar til lærebedrifter - godkjenning av utdanningsløp som ikkje følgjer fastsett struktur

Departementet har i dag vedtatt endring i forskrift 28. juni 1999 til opplæringslova. Endringa inneber eit nytt tillegg til noverande § 6-28 i forskrifta.

Forslag til denne endringa vart sendt på høyring 28. februar 2000 med uttalefrist 1. mai 2000. Departementet fekk inn 45 merknader. Dei fleste slutta seg til departementets forslag.

Etter dette skal § 6-28 tredje ledd (nytt) lyde:

Fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda kan for einskilde lærlingar avvike frå første leddet, tredje strekpunkt, som vilkår for formidling på desse vilkåra:

  • Lærebedrifta skal gi og/eller kosteden mogeleg manglande opplæring i forhold til læreplanen sitt krav ved at lærlingen ikkje har rett vidaregåande kurs I, og eventelt ikkje rett grunnkurs. Dette gjeld så vel manglande teori som praksis.
  • Lærebedrifta og lærlingen er einige om avviket. Konsekvensar og ansvarsforhold må komme fram i lærekontrakta.
  • Lærlingen må framstille seg til den tverrfagleg teoriprøva for det vidaregåande kurs I lærefaget normalt vert rekruttert frå.
  • Det kan ikkje krevjast ekstra tilskott for lærlingen.

Alle vilkåra må vere oppfylte.

Endringsforskrifta trer i kraft straks.

Med helsing

Jan Ellertsen e.f.
avdelingsdirektør

Lars G. Rime
fung. avdelingsdirektør