Rundskriv F-064-99

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Endring av vedlegg 2 i læreplan for kurs II Økologisk landbruk (Kurskode K012). (06.09.99)

Rundskriv F-064-99

Saksnr. 99/463

06.09.1999

Stikkord: eksamen.

Sjå vedlagde liste

Endring av vedlegg 2 i læreplan for kurs II Økologisk landbruk (Kurskode K012)

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har endra eksamensform på nokre av studieretningsfaga i VK II økologisk landbruk.

Følgjande fag har fått endra eksamensform:

Berekraftig samfunnsutvikling ( skriftleg eksamen)
Skogs- og utmarksforvaltning ( tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen)
Tun- og bygningslære ( tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen)

Endringane blir sett i verk frå skuleåret 1999/2000.

Med helsing

Ole Briseid e.f.
ekspedisjonssjef
Inger Iversen
avdelingsdirektør

Vedlegg: Oppretta framside og vedlegg 2 til læreplan for VK II økologisk landbruk
Vedlegg: Liste over adressater

Lagt inn 15. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
VEDLEGG

Rundskriv F-064-99 Vedlegg 2

Saksnr. 99/463

06.09.1999

Opprettet per 20. august 1999

Læreplan for vidaregåande opplæring

Studieretning for naturbruk

Studieretningsfaga i vidaregåande kurs II økologisk landbruk

Oslo, august 1996
Kyrkje, utdannings- og forskingsdepartementet

Vedlegg 2

Vurdering i vidaregåande kurs II økologisk landbruk

Standpunktkarakterar

Det blir gjeve standpunktkarakterar i alle fag.
Resultat av prosjektarbeid skal inngå i standspunktkarakteren.

Eksamen

A. Generelle prinsipp:

  1. Elevane kan trekkjast ut til eitt eller fleire fag.
  2. Alle studieretningsfaga kan trekkjast ut som fag til eksamen.
  3. Alternativt eller i tillegg kan elevane trekkjast ut i ei tverrfagleg prøve.
  4. Eksamen skal som hovudregel utarbeidast lokalt etter sentrale retningsliner.
  5. Eksamen skal sensurerast lokalt etter sentrale retningsliner.
  6. Det skal vere mogleg å gå opp til eksamen som privatist i alle fag etter nærmare retningsliner gjeve av departementet.

B. Eksamen på vidaregåande kurs II økologisk landbruk:

Studieretningsfag:

Elevane skal opp til ein skriftleg eksamen i eit av studieretningsfaga:
Berekraftig samfunnsutvikling
Omlegging, organisering og berekraftig økonomi

Elevane skal opp til ein tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen i studieretningsfaga:
Økologisk jordkultur
Økologisk plantekultur
Økologisk husdyrhald
Skogs- og utmarksforvaltning
Tun- og bygningslære
Lokal foredling og omsetjing

Eksamensoppgåvene vert utarbeidd lokalt etter sentrale retningsliner.

Retningsliner for den praktisk gjennomføringa av eksamen vil verte gjeve i eigne skriv godkjende av departmentet.

Lagt inn 15. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
VEDLEGG

Rundskriv F-064-99 Vedlegg 1

Saksnr. 99/463

06.09.99

Liste over adressatar:

Fylkeskommunane Rådet for fagopplæring i arbeidslivet Opplæringsråda Statens utdanningskontor Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus, Eksamenssekretariatet Departementa Fylkeskommunale vidaregåande skular Statlege vidaregåande skular Elevorganisasjonane Lærarorganisasjonane Næringslivets Hovedorganisasjon Landsorganisasjonen i Norge Kommunenes Sentralforbund Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund Norges Arbeidsgiverforening for virksomheter med offentlig tilknyting Arbeidsdirektoratet Fylkesarbeidskontora Arbeidernes Opplysningsforbund Norsk forbund for fjernundervisning Voksenopplæringsforbundet Nasjonalt læremiddelsenter Samisk utdanningsråd Lagt inn 15. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen