Rundskriv F-067-99

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Varsling ved fare for ikkje å få bestått eller ikkje å få karakter. (20.09.99)

Rundskriv F-067-99

Saksnr. 99/7121

20.09.1999

Statens utdanningskontorer Fylkeskommunene De private videregående skolene De statlige videregående skolene Lærerorganisasjonene Elevorganisasjonen

Varsling ved fare for ikkje å få bestått eller ikkje å få karakter

I forskrift 26. juni 1995 nr. 676 om eksamen, vurdering, dokumentasjon mv. (vurderingsforskrifta) var det i § 2-9 gitt reglar om at eleven/foreldra skulle ha skriftleg varsel dersom det var fare for at eleven ikkje ville få bestått karakter eller dersom grunnlaget for å setje karakter mangla på grunn av stort fråvær.Varslingsplikta galdt i forhold til både terminkarakter og standpunktkarakter.

I brev 14. januar 1999 med forslag om forskrift til opplæringslova, foreslo departementet å oppheve varslingsplikta i forhold til terminkarakteren. Flesteparten av dei høyringsinstansane som uttalte seg til dette spørsmålet, slutta seg til departementet sitt forslag. Forslaget i høyringsutkastet blei lagt til grunn i den endelege forskriftsteksten, jf.forskrift 28. juni 1999 til opplæringslova § 4-17.

Avgrensinga av varslingskravet må sjåast i samanheng med den retten eleven har til å få rettleiing og vurdering etter reglane i § 4-10 i forskrifta til opplæringslova.

Reglane i § 4-17 i forskrifta inneber at kravet om skriftleg varsel gjeld dersom det er fare for at eleven ikkje får bestått standpunktkarakter, eller det er fare for at grunnlaget for å setje standpunktkarakter vil mangle.

Læraren må ut frå pedagogiske omsyn og muligheiten for eleven til å forbetre seg, vurdere kva tid varsel skal bli gitt. Det gjeld ikkje lenger nokon ubetinga plikt til å gi varsel i første termin.

Med helsing

Ole Briseid e.f.
ekspedisjonssjef
Lars G. Rime
fung. avdelingsdirektør
Lagt inn 21. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen