Rundskriv H-03/00

Kommunelova - tolkingar frå departementet 1999

Rundskriv: Kommunelova - tolkingar frå departementet 1999.

Kommunelova - tolkingar frå departementet 1999

Rundskriv H-3/00

Innledning

Formålet med dette rundskrivet er å gi informasjon om tolkingar som Kommunalavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet gjorde i 1999. Utsegnene frå departementet er i hovudsak svar på brev frå kommunar og fylkeskommunar.

Eksempla er stort sett organisert etter stigande paragrafar i kommunelova. Vi håpar at denne forma for informasjon vil hjelpe til auka forståing av kommunelova, og at rundskrivet vil vere eit nyttig reiskap for kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene.

Kommunal- og regionaldepartementet har tidlegare gitt ut slike eksempelsamlingar som rundskriv H-13/98, H-17/96 og H-30/94.

Endring av medlemstalet i kommunestyret

Sak nr. 99/1177 kommunelova § 7 nr. 3

Etter kommunelova § 7 nr. 3 må ei endring av medlemstalet i kommunestyret med verknad for neste valperiode bli vedtatt av kommunestyret sjølv i løpet av dei tre første åra i valperioden. Ein kommune spurde departementet om dei etter dei hadde vedtatt ei slik endring frå 41 til 27 representantar (hausten 1998) likevel kunne vedta å behalde det gamle medlemstalet på 41 (mars 1999).

Oppfatninga til departementet var at ei avgjerd om å behalde det medlemstalet kommunestyret hadde, ikkje er eit slikt vedtak kommunelova § 7 nr. 3 omhandlar. Eit slikt vedtak vil ikkje vere ei "endring" etter § 7 nr. 3. Ein av føresetnadene var at kommunen ikkje hadde kome så langt i nominasjonsprosessen at det å oppretthalde medlemstalet ville vere umogleg.

Departementet meinte vidare at det var ein føresetnad at kommunen gjekk tilbake til det gamle medlemstalet på 41. Ei avgjerd om ein "mellomløysing", til dømes 35 representantar, vil vere ei endring av medlemstalet etter kommunelova § 7 nr. 3, og det måtte ha vore vedtatt innan 1998.

Leiar av forvaltningsgrein - valførleik

Sak 99/2476 kommunelova § 14 nr. 1 b

Departementet fekk i samband med kommunestyrevalet 1999 spørsmål frå eit fylkesmannsembete om kven som er leiar av forvaltningsgrein i ein kommune etter vallova § 13 tredje ledd. Vurderinga er den same etter kommunelova § 14 nr. 1 b. Saka gjaldt konkret valførleik for to rektorar og ein styrar for ein barnehage, i ein kommune som har teke bort etatssjefnivået.

Departementet uttalte i denne saka at ein viktig demokratisk rett er prinsippet om at færrast mogleg skal utelukkast frå val til folkevalde organ. Politisk deltaking bør som utgangspunkt vere mogleg for alle, også offentleg tilsette. Dette prinsippet strid til ein viss grad mot prinsippet om å skilje mellom dei folkevalde organa som tek avgjerdene og tenestemennene som leverer premissane. Dersom sentrale tenestemenn skal veljast som medlem av politiske organ, vil det føre til ei svekking av skiljet mellom folkevalde og administrasjon. Det er fare for at ein og same person blir "sitjande på begge sider av bordet" og dermed fare for samanblanding av ulike funksjonar.

Generelt sa departementet at spørsmålet om kven som definerast som leiar av forvaltningsgrein, kjem an på ei konkret vurdering i kvar einskild sak, ut frå korleis administrasjonen er organisert i kommunen. Med uttrykket ”forvaltningsgren” siktar ein generelt til eit avgrensa og utoverretta funksjonsområde i

den kommunale forvaltninga. For å kunne rekne ein person som leiar av forvaltningsgrein, må vedkommande ha ein kvalifisert leiarfunksjon, der vedkommande har eit sjølvstendig ansvar. Stillingar som inneber leiarfunksjonar med delegerte fullmakter frå rådmannen innanfor ein del av administrasjonen, må etter departementet si meining vere omfatta av omgrepet.

Kommunen i denne saka hadde organisert seg slik at ein hadde teke bort alle etatssjefane, og har etablert 12 sjølvstyrte resultateiningar. Kvar eining leiast av ein person, der dei aktuelle personane er leiar av ein barne- og ungdomsskole, leiar av ein barneskule og leiar av ein barnehage. Dei tre rapporterer direkte til rådmannen eller hans stab. Leiarane har fagleg avgjerdsmynde og stor mynde til omdisponering økonomisk. Dei har òg avgjerdsmynde i personalsaker og er med ved avgjerda i tilsettingssaker. Dette gjer at leiarane har eit økonomisk og fagleg resultatansvar.

Synet til departementet var etter dette at alle dei tre var "leder av forvaltningsgren" etter vallova § 13 tredje ledd, jf. kommunelova § 14 nr. 1 b, og difor ikkje valføre til kommunestyret i kommunen ved kommunestyrevalet 1999.

Start og slutt på funksjonstid for styre for distriktsrevisjonar i samband med nyval ved kommunestyre- og fylkestingsval

Sak 99/4794 kommunelova § 17

Departementet fekk spørsmål om kven arbeidstakarorganisasjonane skal forhandle med når ikkje heile det nye styret for distriktsrevisjonen er på plass innan fristen for forhandlingane. Skal det forhandlast med det gamle styret, eller det styret som har både nye og gamle medlemer.

Kommunelova § 17 har reglar om konstituering av kommunale og fylkeskommunale nemnder. Reglane i kommunelova seier at kvar kommune på det konstituerande kommunestyremøtet bør velje nye medlemmer til nemnder. Dette er såleis ikkje noko absolutt krav. Det er ingen regel som føreset at dei aktuelle kommunane vel ut sine medlemer til styret for distriktsrevisjonen samstundes.

Når ein kommune vel ein representant til ei nemnd vil vedkommande folkevald tre inn i sitt verv når han er vald, jf kommunelova § 17 nr. 3, 2. punktum. Departementet meiner av den grunn at det rette må vere å forhandle med dei folkevalde som til ei kvar tid er vald til styret for distriktsrevisjonen. Dette er grunna i at det berre er det fellesstyret med den samansetning som eksisterer på det konkrete tidspunkt for forhandlingane, som har kompetanse til å fatte vedtak.

Partane sitt høve til å vere til stades i møter som er lukka etter kl § 31

Sak nr. 99/3052 kommunelova § 31

Departementet fekk spørsmål om ein part har rett, eller kan gjevast rett, til å vere til stades ved handsaminga av si eiga sak, når møtet er lukka etter kommunelova § 31.

Har parten ein rett?

§ 31 gir reglar om opne og lukka møter i folkevalde organ. Dei folkevalde kan i særskilde høve lukke møtet for alle som ikkje har lovbestemt møterett i organet. Dette tyder at det berre er personar med lovbestemt møterett som har rett til å delta i lukka møter, og at ein part difor ikkje har rett til å møte i eit slikt møte.

Kan det folkevalde organet gi parten ein slik rett?

Den vanlege læra er at andre enn dei som har møterett kan få høve av det folkevalde organet til å vere til stades i eit lukka møte. Departementet uttala at der møtet er lukka av omsyn til reglane om teieplikt, følgjer det av reglane i forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 1 at partane kan gjerast kjend med opplysningar som er underlagd teieplikt. Om partane blir gjort kjend med slike "opplysningar" ved innsyn i dokument, eller i møte er etter synet til departementet ikkje avgjerande. Det enkelte folkevalde organ kan dermed med heimel i forvaltningslova § 13 b første ledd nr. 1 gi partane i saka høve til å vere til stades, og organet kan såleis sjølv avgjere om det ønskjer å ha partane som tilhøyrarar.

Høve til å halde skriftleg avstemming

Sak 99/826 kommunelova § 35

Departementet fekk spørsmål om ein ved fleirtalsvedtak kan fastsetje at ein avstemming skal haldast skriftleg.

Som hovudregel skal avstemmingar i folkevalde organ skje ved røysteteikn, opent i møtet. Medlemene i organet er vald for å representere og stå til ansvar ovanfor sine veljarar, og normalt også ovanfor eit politisk parti som har nominert vedkommande. Ved val og tilsetjingar er det innarbeidd ein regel om at eit enkeltmedlem kan krevja skriftleg avstemming, og dette er også slått fast i kommunelova.

Det er etter forarbeida til kommunelova heilt klart at eit enkeltmedlem ikkje kan krevje skriftleg avstemming i andre saker enn ved val og tilsetjing.

Departementet tok først stilling til om kommunestyret gjennom eit fleirtalsvedtak i den einskilde sak kan avgjere at avstemming skal skje skriftleg. Etter ei tolking av ordlyden i § 35 samanhalde med forarbeida, kom departementet til at kommunestyret ikkje i den einskilde sak kan avgjere at avstemminga skal skje skriftleg.

Det neste departementet tok stilling til var om kommunestyret gjennom reglement etter kommunelova § 39 kan avgjere at einskilde/alle avstemmingar skal skje skriftleg. Kommunestyret kan i medhald av denne føresegna gi reglar for saksbehandlinga innanfor dei rammer som blir sett i eller i medhald av lov. Departementet konkluderte med at det vil stride mot kommunelova om eit kommunestyre vedtek at visse typar avstemmingar skal skje skriftleg.

Departementet peika på at det er ein del av demokratiet at veljarane skal kunne vite kva for politikarar som står for kva for standpunkt, og om til dømes valkampsaker er blitt følgde av politikarane.

Rett til permisjon for å utføre kommunale verv

Sak 99/5579 kommunelova § 40 nr. 1

Kommunal- og regionaldepartementet vart beden om å greie ut om si oppfatning av kommunelova § 40 nr. 1 anna ledd anna punktum om permisjon for folkevalde.

Føresegna gir frå 1. juli 1999 alle folkevalde ein rett til permisjon i fire år for å utføre kommunale eller fylkeskommunale verv. Om folkevalde i kommande valperiodar ønskjer forlenga permisjon, må den folkevalde avtale dette med arbeidsgivar særskilt.

Spørsmålet i denne konkrete saka var om ein folkevald som i førre valperiode etter avtale med sin arbeidsgivar blei innvilga permisjon i fire år for å utføre eit kommunalt verv, nå kan krevje å få permisjon i nye fire år med heimel i kommunelova § 40 nr. 1. Kommunelova slik den nå lyder gir berre rett til permisjon i fire år.

Departementet tolkar ordlyden i § 40 nr. 1 om permisjon for folkevalde slik at føresegna ikkje direkte avgrensar retten til permisjon for dei som er innvilga permisjon før dei nye reglane trådte i kraft. Føresegna er generell i den forstand at den etter si ordlyd gir alle folkevalde med heil- eller deltidsverv rett til permisjon i fire år.

Departementet konkluderte med at folkevalde som i førre valperiode blei innvilga permisjon etter avtale med sin arbeidsgivar, ikkje mister retten til permisjon i fire år etter kommunelova § 40 nr. 1 anna ledd anna punktum.

Kommunepolitikarane sin innsynsrett og reglar om teieplikt

Sak 98/6268 kommunelova § 40 nr. 5

Departementet fekk spørsmål om reglane om teieplikt i forvaltningslova og særlovene kan hindre at kommuneadministrasjonen leverer ut opplysningar i enkeltsaker til kommunepolitikarane. Etter kommunelova § 40 nr. 5 skal kommunestyret lage eit reglement for dei folkevalde sin rett til innsyn i saksdokument.

Utgangspunktet er at reglane i offentleglova om innsynsrett gjeld for folkevalde. Det er dessutan ulovfesta reglar som gir dei folkevalde i kraft av sin posisjon innsynsrett ut over reglane i offentleglova. Dei folkevalde skal ha best mogleg grunnlag for sine vedtak, og dei folkevalde er overordna administrasjonen. Ut frå dette har departementet lagt til grunn at folkevalde kan ha rett til innsyn i dokument som ikkje er offentlege etter offentleglova §§ 5 og 6.

Dette gjeld likevel ikkje dokument som inneheld opplysningar underlagt teieplikt, jf. offentleglova § 5 a). Av denne føresegna og av forvaltningslova § 13b nr. 2, går det fram at slike opplysningar likevel kan bli gjort kjende for å oppnå det føremål dei er gitt eller innhenta for, til dømes til avgjerd av ei sak.

Departementet peika i svarbrevet på at det folkevalde organ i så fall har plikt til å praktisere det slik at det berre er dei som klårt treng opplysningane som skal ha dei. Forvaltningslova § 13 slår fast at det er ei plikt at ein hindrar at andre får tilgang til eller kjennskap til opplysningar som gjeld personlege forhold. Forbodet i § 13 fører derfor med seg plikt for det aktuelle forvaltningsorgan til å sørgje for at sensitive opplysningar ikkje blir kjende av fleire enn det som er naudsynt for ei forsvarleg saksbehandling.

For administrasjonen inneber dette at saka må leggjast fram for det folkevalde organet utan dei opplysningane det er teieplikt for. Om det folkevalde organet meiner at det treng desse opplysningane for ei forsvarleg saksbehandling, må organet be administrasjonen om innsyn i desse dokumenta. Det er organet sjølv, og ikkje det einskilde medlem, som har ein slik rett til innsyn. Organet må av denne grunn krevje slikt innsyn ved fleirtalsvedtak.

(Vi gjer merksam på at departementet med det første vi sende ut ein særskild rettleiar om teieplikt for folkevalde).

Dekking av tapt arbeidsforteneste for pensjonistar

Sak 99/3749 kommunelova § 41 nr. 2

Departementet fekk spørsmål om det berre er faktisk inntektstap som skal erstattast, eller om krav om erstatning for forsømming av private gjeremål sannsynleggjer at det ligg føre eit inntektstap.

Etter kommunelova § 41 nr. 2 er den enkelte kommune forplikta til å erstatte tap av inntekt som folkevalde har som følgje av sitt kommunale tillitsverv. Erstatninga er meint å dekke inntektstap som følgjer av at den folkevalde må forsømme ordinære gjeremål på grunn av tillitsvervet. Kommunen skal etter lova fastsette eigne satsar for legitimert og ulegitimert tap. Pensjonistar har, på linje med andre folkevalde, rett til erstatning for tap i inntekt som følgjer av kommunale tillitsverv.

Eit vilkår for retten til erstatning er at den tillitsvalde faktisk har lidd eit tap. Det har ikkje noko å seie for retten til erstatning om kravet er legitimert eller ikkje. Først må ein slå fast om den tillitsvalde har lidt eit tap, så tar ein stilling til om ein skal gi erstatning for legitimert eller ulegitimert tap. Om tapet kan dokumenterast, skal det gis erstatning for legitimert inntektstap. Blir det reist krav om erstatning for ulegitimert inntektstap, må tapet sannsynleggjerast. Erstatning for ulegitimert inntektstap kan berre gis om den folkevalde faktisk forsømmer sitt arbeid på grunn at vervet som folkevald. Det er ikkje nok at tida den folkevalde bruker til sitt offentlege verv, kunne ha vore nytta til andre gjeremål.

Bakgrunnen for regelen om dekning av ulegitimert inntektstap er at det for enkelte grupper kan være vanskeleg å dokumentere tap i inntekt. Husmødre, studentar og pensjonistar er eksempel på slike grupper. Om ein skulle betale ut erstatning for ulegitimert inntektstap til alle som ikkje kan fremme eit krav om legitimert erstatning, ville dette i realiteten utgjere ei form for ekstra godtgjersle. Ei slik automatisk utbetaling kan verke urettferdig i høve til dei som faktisk har lidd eit tap. Dette er bakgrunnen for vilkåret om at ein må sannsynleggjere inntektstapet.

For at kravet om sannsynleggjering skal vere oppfylt, må den folkevalde som eit minimumskrav fremme eit erstatningskrav. Kva for krav som ein elles skal stille til sannsynleggjering av tapt inntekt; om kommunen vel å stole på den folkevalde uten fleire opplysningar eller ber vedkommande om ei nærmare forklaring, må kommunen sjølv avgjere. Det er kommunen som må ta stilling til om tapet er tilstrekkeleg sannsynleggjort når kravet blir sett fram. Ein må ta ei konkret vurdering av om den einskilde folkevalde si forsømming av daglege gjeremål som følgje av tillitsvervet, gir rett til erstatning. Om vervet må utførast til same tid som pensjonisten sine ordinære gjeremål, vil den folkevalde normalt ha rett til slik erstatning.

Kven kan endre den budsjettramma som er vedtatt for revisjonen?

Sak 98/7124 kommunelova § 45 nr. 2

Mynde til å endre det budsjettet som er vedtatt ligg som utgangspunkt til kommunestyret. Kommunestyret kan ikkje delegere mynde til å vedta eller å gjera vesentlege endringar i kommunen sitt budsjett til andre folkevalde organ eller administrasjonen, jf kommunelova § 45 nr 2. Rekkevidda av delegasjonsforbodet er i praksis avhengig av detaljgraden i budsjettet. Nærmare reglar om delegasjon av budsjettmynde framgår av budsjett- og regnskapsforskrifta § 11. Som utgangspunkt vil kommunestyret kunne delegere kompetanse til å gjere endringar i budsjettet som ikkje er vesentlege.

Spørsmålet blir da om dette stiller seg på ein annan måte når det gjeld den budsjettramma som er vedtatt for revisjonen. Det overordna omsyn for kontrollutval og revisjon er at desse organa skal vere så frie/uavhengige som mogleg i forhold til dei organa som dei skal kontrollere. Departementet gav uttrykk for at når det gjeld vedtakinga av budsjett kan det seiast at det er uheldig at organ som kontrollutvalet skal kontrollere og ha tilsyn med, for eksempel formannskapet eller administrasjonsutvalet, sjølv vil kunne få reell innverknad på budsjettramma for tilsynsorganet. Ved vedtakinga er det kommunestyret som vil ha endeleg avgjerdsmynde. Dette i motsetnad til kva som gjeld ikkje-vesentlege endringar i eit allereie vedtatt budsjett. Denne kompetansen kan kommunestyret delegere til andre organ; administrasjon eller folkevald. Om kommunestyret skal kunne delegere denne kompetansen til andre enn kontrollutvalet eller revisjonen sjølv, vil dette bryte med dei prinsippa som ligg til grunn for føresegnene for kontrollutvalet og revisjonen.

Departementet gjekk difor ut frå at kommunestyret ikkje kan delegere kompetanse til å gjere mindre vesentlege endringar i revisjonen sittbudsjettet. Kontrollutvalet kan sjølvsagt som overordna revisjonen få tildelt slik endringskompetanse.

Underskotsbudsjettering

Sak nr. 98/8412 kommunelova § 47 nr. 2

Etter § 47 i kommunelova er årsbudsjettet bindande. Det vil seie at kommunestyret ikkje kan gi tilleggsbevilgning i løpet av budsjettåret utan å samstundes fatte vedtak om korleis utgiftene skal dekkjast på årets budsjett. Departementet kan dispensere frå denne regelen når det ligg føre ”særlege forhold”.

Ein kommune hadde budsjettert med eit negativt netto driftsresultat, det vil seie underskot, etter ein budsjettrevisjon, og ba departementet om å godkjenne dette. Kommunen grunngav sin søknad med eit dyrt lønnsoppgjer.

Departementet fant ikkje å kunne godkjenne dette vedtaket. Etter departementets oppfatning ramma lønnsoppgjeret ikkje den aktuelle kommunen spesielt, men heile kommunesektoren. Dermed er verknaden av lønnsoppgjeret ikkje eit ”særleg forhold” for den aktuelle kommunen.

Valutadisposisjonar

Sak nr. 99/1554 kommunelova § 50 nr. 9

§ 50 nr. 9 i kommunelova og forskrift H-18/93 gir reglar om høve for kommunar og fylkeskommunar til å gjere disposisjonar som medfører valutarisiko. Ein finansinstitusjon ba om ei avklaring av korleis reglane er å forstå.

Departementet peikte på at kommunar og fylkeskommunar etter § 1 i forskrifta ikkje skal gjere disposisjonar som i nemneverdig grad medfører valutarisiko. Dette inneber at kommunar og fylkeskommunar ikkje kan investere i rentepapir, eigenkapital-instrument eller fond som er notert i utanlandsk valuta.

For at ein kommune eller fylkeskommune skal kunne plassere midlar i fond som investerer i utlandet, men som blir notert i norske kroner, må det være ein føresetnad at fondsforvaltar eller eventuelt andre enn kommunen/fylkeskommunen sjølv ber all direkte valutarisiko.

Ein kommune eller fylkeskommune som eig eit aksjeselskap kan velje å la selskapet gjere eventuelle transaksjonar som medfører valutarisiko. Transaksjonane må harmonere med formålet til selskapet, men selskapet treng ikkje å være oppretta for å forvalte finansinvesteringar.

Garanti

Sak nr. 99/5619 kommunelova § 51 nr. 1

Ein fylkeskommune hadde vedtatt å garantere for låneopptaka til eit aksjeselskap i samband med bompengefinansing av eit vegprosjekt, og ba departementet om å godkjenne dette vedtaket.

Departementet fant ikkje å kunne godkjenne vedtaket. Departementet viste til at ein fylkeskommune etter § 51 nr. 1 i kommunelova kan stille garanti for andre sine økonomiske plikter når det ligg føre ”særleg fylkeskommunal interesse”. Dette ligg føre når formålet med verksemda er ei fylkeskommunal primæroppgåve, jf. rundskriv H-10/93. Fylkeskommunale primæroppgåver er først og fremst oppgåver som er lagt til fylkeskommunen ved lov. I den aktuelle saka gjeld den fylkeskommunale garantien eit riksvegprosjekt. I rundskriv H-10/93 framgår det at ei oppgåve ikkje er ei fylkes-kommunal primæroppgåve når oppgåva ved lov er lagt til eit anna forvaltningsorgan. Dermed ligg det ikkje føre ”særleg fylkeskommunal interesse” i denne saka.

Etter § 51 nr. 1 i kommunelova kan ein fylkeskommune likevel stille garanti når det er vedteke i lov eller stortingsbeslutning. Stortinget hadde vedtatt at bompengeselskapet kunne krevje inn bompengar for å finansiere vegprosjektet. Departementet kunne likevel ikkje sjå at Stortinget hadde vedteke at fylkeskommunen kunne stille garanti for prosjektet.

Kven skal tilrå ved handsaming av budsjett for revisjonen

Sak 98/7124 forskrift om kontrollutval § 4 nr. 7

Departementet fekk spørsmål om kven som kan tilrå ved handsaming av budsjett for revisjonen.

Etter forskrifta om kontrollutval § 4 nr. 7 er det kontrollutvalet som skal tilrå i sak om budsjettframlegg for revisjonen. Formannskapet kan ikkje gjere endringar i kontrollutvalet sin tilråding til budsjett for revisjonen. Formannskapet er ikkje direkte bunde av denne tilrådinga når det sjølv utarbeider sitt framlegg til samla budsjett. Formannskapet kan såleis gå inn for ein lågare sum til revisjonen enn det kontrollutvalet tilrår. Uansett om formannskapet heilt følgjer kontrollutvalet si tilråding eller om det legg andre tal til grunn i sitt budsjettframlegg, så skal kontrollutvalet si tilråding om budsjett for revisjonen uendra følgje formannskapet sitt samla budsjettframlegg til kommunestyret, jf § 4 nr. 7 i forskrifta om kontrollutval. Kommunestyret kan dermed, som overordna organ og på sjølvstendig grunnlag, ta stilling til både kontrollutvalet si tilråding og formannskapet si innstilling til samla budsjett.

Kan ein velje nytt kontrollutval i valperioden?

Sak 98/6950 Forskrifta til kontrollutval § 2

Forskrifta til kontrollutval § 2 gir særskilde reglar om val og samansetning av kontrollutval. Siste ledd i føresegna slår og fast at: "For øvrig gjelder kommunelovens regler om valg av faste utvalg tilsvarende". Ein fylkesmann spurde departementet om det at føresegna syner til faste utval òg inneber at kommunelova § 10 nr. 6 (om omorganisering og nedlegging) gjeld i høve til kontrollutvalet.

Departementet uttalte at når det er vist til reglane om val av faste utval gjeld dette berre reglane i kommunelova om sjølve gjennomføringa av valet, altså kommunelova §§ 35-38. Departementet meiner at kommunelova § 10 ikkje er omfatta av forskrifta § 2 siste ledd, og føresegna skal derfor ikkje nyttast ovanfor kontrollutvalet. Departementet viste til at dette ikkje berre følgjer av ei naturleg forståing av ordlyden i forskrifta, men også ut frå samanhengen med dei andre føresegnene i kommunelova. Kontrollutvalet er eit obligatorisk organ pålagt i lova, og kan difor ikkje leggjast ned eller omorganiserast i perioden.

Kva for arbeid kan kommunerevisor/fylkesrevisor/distriktsrevisor ha ved sida av arbeidet som revisor?

Sak 99/3709 Forskrifta til revisjon § 2

Departementet fekk spørsmål om korleis ein skal forstå føresegnene i forskrifta til revisjon som handlar om arbeid utanfor stillinga som revisor for kommunerevisor/fylkesrevisor/distriktsrevisor. Eit anna spørsmål som departementet fekk var kva for omsyn som ligg bak desse føresegnene.

Forskrifta § 2 fjerde ledd er absolutt. Ein kommunerevisor kan ikkje ha lønna arbeid i dei kommunane der han har ansvaret for revisjon. Når det gjeld arbeid for andre, eller eiga verksemd, inneheld fjerde ledd ein prosessregel. Dersom arbeidet er meir enn "rent leilighetsvis ekstraarbeid av ubetydelig omfang" krev ein at revisor får samtykke frå det organet som har tilsett han i kommunen. Denne føresegna avgrensar ikkje høvet for revisor til å ha lønna arbeid for andre enn kommunen, eller til å drive eiga verksemd. Føresegna krev berre at revisor har fått naudsynt samtykke. Om slikt arbeid kan kombinerast med stillinga som leiar av kommunerevisjonen, må ein vurdere ut frå dei vanlege reglane i forvaltningslova § 6 (om ugildskap).

Grunngjevinga for føresegna er både å sikre den frie stillinga revisor skal ha og å sikre at revisor set av nok tid til arbeidet i revisjonen. Dette er bakgrunnen for at forskrifta krev samtykke frå tilsetjingsorganet. Om eit tilleggsarbeid krev uforsvarleg mykje ressursar av revisor ved sida av stillinga som leiar av revisjonen, eller om det vil rokke ved den frie stillinga til revisor, må tilsetjingsorganet vurdere når det avgjer om det vil gi samtykke.

Møte- og talerett for andre enn folkevalde representantar i faste utval etablert i medhald av kommunelova § 10

Sak 99/3335 kommunelova kap 6

Departementet har fått fleire spørsmål om kommunelova er til hinder for at kommunestyret vedtek å gi møte- og talerett i folkevalde organ til ikkje-folkevalgte, til dømes tilsette i kommunen eller representantar for ungdomsråda.

Kommunelova fastset kven som har lovfesta møte- og talerett i kommunale nemnder. Lova seier ikkje noko om at eit kommunestyre kan bestemme om andre skal ha møte- og talerett i folkevalde nemnder. I forarbeida til lova uttaler kommunelovutvalet at ein bør ha færrast mogleg lovreglar som gir andre enn folkevalde lovfesta møterett i politiske organ. Men utvalet seier òg at det bør vere opp til organet sjølv, eventuelt eit overordna organ å avgjere om andre enn medlemene skal ha møterett. Departementet meiner difor at organet/kommunestyret sjølv må gje retningsliner for møte- og talerett for ikkje-folkevalde i folkevalde organ, og at kommunelova ikkje er til hinder for at nokon får ein slik rett.

Departementet minna likevel om at sjølv om kommunane vil stå fritt med omsyn til kven dei vil gi møte- og talerett, bør spørsmålet vurderast konkret i kvart tilfelle og drøftast ut i frå kva for ein funksjon vedkomande er tenkt å fylle. Kommunen bør mellom anna sjå på dei konsekvensane dette kan føre med seg for lokaldemokratiet. Dersom kommunen vil gi møte- og talerett til kommunalt tilsette, er det særleg viktig å ta omsyn til at det er administrasjonssjefen som er leiar for den samla kommunale administrasjon, jf. kommunelova § 23 nr. 1. Det er også administrasjonssjefen som etter kommunelova § 23 nr. 3 peikar ut den underordna som eventuelt skal representere administrasjonssjefen i folkevalde organ.

Forslagsrett for andre enn folkevalde i folkevalde organ

Sak 98/7943 kommunelova kap 6

Departementet fekk spørsmål om representantar for ungdomsrådet kunne få møte-, tale- og forslagsrett i kommunestyret. Sjå saka over for spørsmål om møte- og talerett.

Forslagsrett er ein større rett enn kva kommunelova gir andre grupper som administrasjonssjef og dei tilsette i kommunen. Tilsette har berre møte- og talerett, ikkje forslags- og stemmerett, i nemnder når desse handsamar saker som gjeld høve mellom dei tilsette og kommunen som arbeidsgjevar, jf. kommunelova § 26. Kommunestyret kan gi dei tilsette rett til å møte i andre saker enn dei sakene som er nemnt over, men i forarbeida til kommunelova, Ot.prp. nr. 42 side 95, går kommunelovutvalet ut frå at representasjon for dei tilsette i kommunestyret/fylkesting må vere utelukka. Utvalet grunngir det med at det vil stride mot prinsippet om folkestyre. I Ot.prp. nr. 42 side 127 seier utvalet at det er

"særlig betenkelig å gi andre enn medlemmene forslagsrett. Det innebærer at de gjøres til en slags kvasi-medlemmer, i det de gjennom forslagsretten kan framtvine avstemninger som organet ikke selv ønsker og som forslagsstilleren ikke deltar i eller bærer ansvaret for resultatet av."

Etter dette kom departementet til at det ikkje vil passe godt med systemet i kommunelova eller forarbeidene å gi representantar for ungdomsrådet forslagsrett i kommunestyret.

Opne eller lukka møter der kommunestyret er delt inn etter "komitémodellen"

Sak 98/8585 kommunelova § 31

Fleire kommunar har etablert eit system der kommunestyret er delt inn i komitear som berre har som oppgåve å førebu saker, eller innstille til kommunestyret. Departementet har fått fleire spørsmål om reglane i kommunelova kapittel 6, § 31 om opne eller lukka møter skal brukast i desse tilfella.

Eit vilkår for at denne type komitear blir omfatta av kommunelova § 31 er at dei er folkevalde organ i kommunelova si forstand. I Ot.prp. nr. 20 (1998-99) er det sagt at slike komiteer ikkje er utval eller komitear etter kommunelova § 10. Heimelen for desse komiteane er kommunelova § 39 nr. 1 som slår fast at kommunestyret og fylkestinget ved reglement sjølv fastset nærmare reglar for saksbehandlinga i folkevalde organ. Komiteane er altså måte å organisere arbeidet i kommunestyret/fylkestinget på.

Departementet understreka at dette berre gjeld så lenge komiteane utelukkande førebur/innstiller til kommunestyret eller fylkestinget. Om komiteane har fått avgjerdsmynde eller annen mynde til å gripe inn i saksgangen, vil dei vere organ etter kommunelova § 10. Dette gjeld òg dersom reglementet føreset at det kan leggjast mynde til komiteen, sjølv om slik mynde reint faktisk ikkje er lagd til komiteen.

Slike komitear er etter dette ikkje folkevalde organ i kommunelova si forstand, noko som gjer at kommunelova § 31 ikkje kan nyttast når komiteane førebur/innstiller til kommunestyret. Den enkelte kommune vil sjølv kunne avgjere om desse møtene skal vere opne eller lukka med grunnlag i § 31.

Departementet oppmoda sterkt om at kommunar som nyttar "komitémodellen" i størst mogeleg grad har møtene for opne dører ved å leggje reglane i kommunelova § 31 til grunn for reglementet for komiteane.

Korleis handsamar ein reglementet for kontrollutvalet?

Sak 98/7124 kommunelova § 60 nr. 2 og 5

Departementet fekk spørsmål om kven som skulle greie ut og innstille der ein skulle utarbeide nytt reglement for kontrollutvalet.

Etter kommunelova § 60 nr. 2 og 5 skal kommunestyret sjølv velje eit kontrollutval og kommunerevisor. Dette kan kommunestyret ikkje delegere til andre. Grunnen til denne skranken er omsynet til at kontrollutvalet og revisjonen skal vere uavhengig av administrasjonen og andre folkevalde organ i kommunen. Dette omsynet taler og for at det ikkje bør vere rådmannen eller formannskapet som bør ha ansvaret for å greia ut og innstille i sak om nytt reglement for kontrollutvalet. Etter departementet sitt syn bør kontrollutvalet og revisor sjølve greie ut og innstille i ei slik sak.