Rundskriv H-31/03

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Rundskriv om frist for omorganisering av kommunale bedrifter til kommunale føretak m.m.

Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene

Nr.

Vår ref

Dato

Rundskriv H-31/03

03/4132

02.12.2003

Rundskriv om frist for omorganisering av kommunale bedrifter til kommunale føretak m.m.

1. INNLEIING

Vi vil i dette rundskrivet minne om fristen for å omorganisere kommunale bedrifter til kommunale føretak som er innan 1. januar 2004, jf. lov av 29. januar 1999 nr. 5 om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt foretak). Ei kort orientering om denne lovendringa framgår i punkt 2 i rundskrivet.

Vi ønskjer også å informere om regjeringa sitt framlegg om endringar i kommunelova § 27 nr. 4 og i lov om interkommunale selskaper § 40 andre ledd, som er fremma ved Ot. prp. nr. 105 (2002-2003) Om lov om endringar i kommuneloven m.m. (interkommunalt samarbeid). Plikta til å omorganisere interkommunale samanslutningar med uavgrensa ansvar til interkommunale selskap vil etter framlegget falle bort. Ei kort orientering om innhald og status i dette lovframlegget framgår under punkt 3 i rundskrivet.

2. NÆRMARE OM FRISTEN FOR Å OMORGANISERE KOMMUNALE BEDRIFTER TIL KOMMUNALE FØRETAK

Frå 1. januar 2000 blei kommunelova § 11 endra. Denne regelen omfatta før styre for kommunale og fylkeskommunale bedrifter, institusjonar og liknande. Endringa gjekk ut på at ei slik organisasjonsform berre skal gjelde for kommunale og fylkeskommunale institusjonar. Dette var ein konsekvens av det nye kapittel 11 i kommunelova om kommunale og fylkeskommunale føretak.

Kommunal- eller fylkeskommunal verksemd som då lova tråtte i kraft var organisert som kommunal bedrift med eige styre etter den tidlegare § 11 i lova, må innan fire år frå lova tråtte i kraft vere omorganisert til kommunalt- eller fylkeskommunalt føretak etter kommunelova kapittel 11. Ei slik omorganisering må såleis utførast innan 1. januar 2004. Er ikkje bedrifta omorganisert innan denne fristen, blir styret rekna som eit fast utval etter kommunelova § 10. Dette inneber at om dei tilsette har styrerepresentasjon, vil disse måtte tre ut. Kommunestyret/fylkestinget kan likevel velje tilsette som medlemmar såframt dei er valføre.

Grensa mellom ein ”institusjon” som framleis kan organiserast etter kommunelova § 11 og eit ”foretak” som er omfatta av kommunelova kapittel 11 kan vere uklar. Med ”institusjon” siktast det organisatoriske einingar av meir samfunnsmessig karakter, slik som skular, helseinstitusjonar og liknande, mens bedrifter som må reknast som ”foretak” etter lova vil vere verksemd med meir forretningsmessig karakter. I uklare grensetilfelle vil det vere kommunestyret/fylkestinget sjølv som tek endeleg avgjerd om spørsmålet.

3. NÆRMARE OM LOVFRAMLEGGET I OT. PRP. NR. 105 (2002-2003)

Interkommunale selskap med avgrensa ansvar må etter gjeldande lov omorganiserast til aksjeselskap, til interkommunalt selskap (IKS) etter lov om interkommunale selskaper, eller til anna lovleg organisasjonsform innan 1.1.2004. Det same gjeld for interkommunale selskap med uavgrensa ansvar, så framt selskapet er organisert etter selskapslova av 1985 og ikkje har andre deltakarar enn kommunar og fylkeskommunar. Vidare gjeld det for interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, så framt verksemda er eit eige rettssubjekt.

I Ot. prp. nr . 105 (2002-2003) framgår det at når det gjeld spørsmålet om omdanning av interkommunale samanslutningar som er organiserte etter kommunelova § 27, har departementet kome til at det ikkje vil vere tenleg å påleggje slike samanslutningar å omorganisere seg til interkommunalt selskap (IKS) innan den fristen lova i dag krev. Det er derfor føreslått å gjere unntak frå omdanningsplikta for slike verksemder inntil vidare.

Bakgrunnen for dette er at departementet i nærmaste framtid vil gjennomføre ei utgreiing av dei rettslege rammevilkåra for interkommunalt samarbeid. Ei vurdering av om kommunelova § 27 inneber ei tenleg regulering av interkommunalt samarbeid om forvaltningsoppgåver og myndeutøving, kjem truleg til å stå sentralt i dette arbeidet. Det vil i denne fasen derfor ikkje vere ønskjeleg at gjeldande lovgiving tvingar alle interkommunale einingar som etter ei konkret vurdering må reknast som eigne juridiske personar, inn i ei organisering som interkommunalt selskap etter lov om interkommunale selskaper.

Ei slik endring i kommunelova inneber at det vil vere høve til å etablere nye interkommunale samanslutningar som har ei slik grad av sjølvstende at dei må reknast som eigne juridiske personar, utan at det er nødvendig å organisere verksemdene som interkommunale selskap. Endringa i lov om interkommunale selskaper § 40 inneber at det for eksisterande interkommunale samanslutningar som er etablerte etter kommunelova § 27, og som er eigne rettssubjekt, ikkje er nødvendig å organisere einingane som interkommunale selskap etter denne lova.

Av lovframlegget går det fram at lovendringa skal tre i kraft straks lova er vedteken av Stortinget.

Lovframlegget blei vedteke i Odelstinget den 28.11. 2003.

Eivind Dale e.f.
ekspedisjonssjef

Jostein Selle
seniorrådgiver