Rundskriv N-3/2017 -Honnørrabatt for døvblinde med følgje – Utferding av tilleggslegitimasjon

I Rundskriv N-3/2001 frå Samferdselsdepartementet blei det gjort greie for organiseringa av den statlege kompetansetenesta for døvblinde, og retten til å utferde tilleggslegitimasjon for honnørrabatt for personar som er døvblinde.

Les rundskrivet (pdf)

Honnørrabatt for døvblinde med følgje – Utferding av tilleggslegitimasjon

I Rundskriv N-3/2001 frå Samferdselsdepartementet blei det gjort greie for organiseringa av den statlege kompetansetenesta for døvblinde, og retten til å utferde tilleggslegitimasjon for honnørrabatt for personar som er døvblinde.

Både struktur og namn er endra for alle einingane i denne kompetansetenesta sidan 2001. Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde er ein del av spesialisthelsetenesta i Noreg. Tenesta har fire sentre med regionale oppgåver, to sentre med landsdekkande oppgåver og ein koordinerande eining, som alle er knytt til Helse Nord RHF. Nærmare informasjon kan ein finne på www.dovblindhet.no

Utferding av tilleggslegitimasjon for honnørrabatt til personar som er døvblinde

Dei fire regionsentra som står for utferding av tilleggslegitimasjon for honnørrabatt for personar som er døvblinde er:

• Regionsenteret for døvblinde, Universitetssykehuset i Nord-Norge HF Postadresse: Pb 88, 9038 Tromsø Kontorstad: Grønnegata 83, 9008 Tromsø

• Statped vest, fagavdeling kombinerte syns- og hørselstap og døvblindhet Postadresse: Statped postmottak, Pb 113, 3081 Holmestrand Kontorstad: Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis

• Statped sørøst, fagavdeling kombinerte syns- og hørselstap og døvblindhet Postadresse: Statped postmottak, Pb 113, 3081 Holmestrand Kontorstad: Vitaminvegen 1A, 0485 Oslo

• Rådgivningsavdelingen, Signo skole- og kompetansesenter Molandveien 44, 3158 Andebu

Oppheving av rundskriv

Rundskriv N-3/2001 vert oppheva.

Vi ber om at dette rundskrivet blir distribuert til administrasjonsselskap, trafikkselskap og andre aktuelle medlemsbedrifter.


Med helsing


Anne-Lise Junge Jensen (e.f.)