Rundskriv til kommuneproposisjonen 2016 og revidert nasjonalbudsjett 2015

Rundskriv H-11/15

Kommuneproposisjonen 2016 og Revidert nasjonalbudsjett 2015

Dette brevet orienterer om handsaminga i Stortinget av Kommuneproposisjonen 2016 (Prop. 121 S (2014–2015)), jf. Innst. 375 S (2014–2015) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med kommuneproposisjonen la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2015 (Meld. St. 2 (2014–2015)) og forslag til løyvingsendringar for 2015 i Prop. 119 S (2014–2015), jf. Innst. 360 S (2014–2015) frå finanskomiteen. Stortinget fatta vedtak om desse sakene 16. og 19. juni 2015.

Innstillingane frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengeleg på nettsidene til Stortinget: www.stortinget.no.

1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2016

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2016 er følgjande:

  • Realvekst i dei samla inntektene i storleik 6 til 7 mrd. kroner. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2015 i Revidert nasjonalbudsjett 2015.

  • Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 4,5 og 5 mrd. kroner.

    • Fylkeskommunane får ein vekst i frie inntekter på 0,5 mrd. kroner. Av desse midlane er 0,2 mrd. kroner knytt til vidare opprusting av fylkesvegane, og blir fordelt særskilt.

    • Resterande del av inntektsveksten, mellom 4 og 4,5 mrd. kroner, går til kommunane. Av desse midlane er 400 mill. kroner grunngitt i behovet for ei auka satsing på rusfeltet, 200 mill. kroner er grunngitt i behovet for ei ytterlegare satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta, og 400 mill. kroner er knytt til meir fleksibelt barnehageopptak.

  • Ny ferjeavløysingsordning i inntektssystemet for fylkeskommunane, jf. kommuneproposisjonen kap. 8. Stortinget vedtok ei oppmoding til regjeringa om at ferjeavløysingsmidlar kan utbetalast i inntil 40 år (forslaget i proposisjonen var inntil 30 år).

  • Ny ordning med selskapsskatt med verknad frå 2017, jf. kommuneproposisjonen kap. 9.

  • Stortinget vedtok ei skjønsramme på 2 547 mill. kroner i tråd med forslaget i kommuneproposisjonen.

  • Kompensasjon for endringane i differensiert arbeidsgjevaravgift frå 2014, justeringar i ordninga i tråd med forslaget i kommuneproposisjonen kap. 10.

 

Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2016 (Prop. 1 S (2015–2016)). Statsbudsjettet 2016 blir lagt fram onsdag 7. oktober 2015.

2. Revidert nasjonalbudsjett 2015

2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2015

Regjeringa foreslo i Prop. 119 S (2014–2015) ei styrking av kommuneøkonomien med 1,1 mrd. kroner. Etter handsaminga i Stortinget er beløpet auka til 1,2 mrd. kroner. Midlane blir fordelt med 1007,8 mill. kroner til kommunane og 192,2 mill. kroner til fylkeskommunane. Sjå nærmare omtale av fordelinga av desse midlane nedanfor.

Kommunane

Vedlegg 1 viser kommunevis fordeling av rammetilskotet i 2015 etter handsaminga av Prop. 119 S (2014–2015).

Styrking av kommuneøkonomien

1007,8 mill. kroner blir fordelt slik:

  • 853 mill. kroner etter kommunane sin andel av skatteinntektene. Vedlegg 1, kolonne 3.
  • 100 mill. kroner som likt beløp per innbyggjar. Vedlegg 1, kolonne 4.
  • 54,8 mill. kroner til kommunar som fikk reduserte skatteinntekter som følgje av omlegging av skattlegginga av uføre. Midlane blir fordelt særskilt. Vedlegg 1, kolonne 2.

 

Nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling i barnehage (adm. meirkostnader).

Gratis kjernetid i barnehagen for alle 4- og 5-åringar

Innføring av nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling i barnehage frå 1. mai 2015 vil kunne gi auka administrasjonskostnader i ein overgangsperiode. Rammetilskotet er difor auka med ei eingongsløyving på 41,7 mill. kroner.

Frå 1. august 2015 blir det innført gratis kjernetid i barnehagen for alle 4- og 5-åringar i familiar med inntekt under ei grense som blir fastsett av Stortinget. 51 mill. kroner er løyvd over rammetilskotet.

Midlane til desse to sakene (i alt 92,7 mill. kroner) blir fordelt etter barnehagenøkkelen i inntektssystemet. Vedlegg 1, kolonne 5.

Endring i fordelinga av midlar til deltidsbrannpersonell

For å leggje til rette for auka utdanning av deltidsbrannpersonell, er 36,9 mill. kroner av rammetilskotet i 2015 fordelt særskilt til kommunar ut frå talet på brannpersonell (tabell C i Grønt hefte). Der det er vertskommunesamarbeid om brannvesen, er midlane fordelt til vertskommunane. I Grønt hefte 2015 er Fjell kommune tildelt 149 000 kroner ut frå at samarbeidet mellom Fjell og Sund er eit vertskommunesamarbeid. Dette er ikkje tilfelle, og i berekningane av rammetilskotet etter revidert nasjonalbudsjett 2015 er rammetilskotet til dei to kommunane korrigert ut frå det faktiske talet på deltidsbrannpersonell i dei to kommunane. Rammetilskotet til Fjell kommune er redusert med 74 500 kroner, medan rammetilskotet til Sund kommune er auka med 74 500 kroner til dette føremålet.

Fylkeskommunane

Vedlegg 2 viser fylkeskommunevis fordeling av rammetilskotet i 2015 etter handsaminga av Prop. 119 S (2014–2015).

Styrking av kommuneøkonomien

192,2 mill. kroner blir fordelt slik:

  • 187,3 mill. kroner etter fylkeskommunane sin andel av skatteinntektene. Vedlegg 2, kolonne 2.

  • 4,9 mill. kroner i ferjeavløysingsmidlar, med særskilt fordeling. Ved forvaltningsreforma i 2010 overtok fleire fylkeskommunar ansvaret for tidlegare riksvegprosjekt der ferjeavløysingsmidlar inngår i finansieringsgrunnlaget. Midlane blei fordelt særskilt i inntektssystemet til fylkeskommunane i perioden 2010–2014. Frå 2015 er midlane fordelt etter den nye kostnadsnøkkelen, noko som fører til at dei aktuelle fylkeskommunane får noko lågare inntekter enn om midlane framleis hadde blitt fordelt særskilt i inntektssystemet. Stortinget har vedteke å kompensere dei fire fylkeskommunane med fem ferjeavløysingsprosjekt for inntektsnedgangen i tråd med forslaget i Prop. 119 S (2014–2015). Ved berekning av kompensasjonen på 4,9 mill. kroner er det teke omsyn til overgangsordning og tapskompensasjonsordning i inntektssystemet til fylkeskommunane. Vedlegg 2, kolonne 3.

 

Kjøp av plassar - ideelle senter

Ved handsaminga i Stortinget av statsbudsjettet for 2015 blei det i innstillinga frå familie- og kulturkomiteen spesifisert at 35 mill. kroner på kap. 858, post 01 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skulle gå til kjøp av plassar frå fem namngjevne ideelle senter for foreldre og barn. To av desse sentra er lokalisert i Oslo. Stortinget har vedteke at 14 mill. kroner av den samla løyvinga på 35 mill. kroner blir løyvd over rammetilskotet for å leggje til rette for at Oslo kommune skal kunne kjøpe plassar frå sentra i kommunen. Vedlegg 2, kolonne 4.

CO2-avgift

Stortinget har vedteke å auke CO2-avgifta på LPG med 0,22 kroner per kg og på naturgass med 0,15 kr per Sm3 frå 1. juli 2015. Det blir gitt kompensasjon som følgje av inngåtte avtalar om offentleg kjøp av persontransporttenester, mellom anna i samband med gassdrivne bussar. Fylkeskommunar som blir påverka av avgiftsauken blir kompensert med 1 mill. kroner, med særskilt fordeling. Gass til gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart er friteken for CO2-avgift. Vedlegg 2, kolonne 5.

Lærlingtilskot

Stortinget har vedteke å auke lærlingtilskotet med 2 500 kroner per kontrakt med verknad frå 1. juli 2015. Fylkeskommunane blir kompensert med 24,35 mill. kroner, fordelt etter delkostnadsnøkkelen for vidaregåande opplæring. Vedlegg 2, kolonne 6.

Retningslinjer for regionalstøtte – transportsektoren

Kostnadene til fylkeskommunane som følgje av dei nye retningslinjene for transportstøtte frå 2014 er i Prop. 119 S (2014–2015) anslått til 139 mill. kroner i 2015. Dette er 3 mill. kroner meir enn det som blei lagt til grunn i Prop. 27 S (2014–2015). Dei aktuelle fylkeskommunane blir kompensert i 2015 med totalt 139 mill. kroner. Som varsla i Prop. 121 S (2014–2015) vil kompensasjonen vidareførast i skjønsramma i 2016 med same fordeling. Vedlegg 2, kolonne 7.

Tapskompensasjon

Stortinget vedtok å auke kompensasjonen til fylkeskommunar som taper på omlegginga av inntektssystemet med ytterlegare 10 mill. kroner. Fordelinga av desse midlane er ikkje bestemt.

2.2 Statlege overføringar til kommunesektoren

Vedlegg 3 er ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerka tilskot og rammeoverføringar) etter handsaminga i Stortinget av Prop. 119 S (2014–2015).

2.3 Utbetaling av rammetilskot

Endringane i rammetilskotet som følgje av handsaminga i Stortinget av revidert nasjonalbudsjett er utbetalt på juli-terminen av rammetilskotet. Dette gjeld ikkje 10 mill. kroner i auka tapskompensasjon til fylkeskommunane. Desse midlane blir utbetalt seinare.

 

Med helsing

Thor Bernstrøm e.f.

avdelingsdirektør                                                                                                    

 
Einar Bye        

                                                                                                                               fagdirektør