Rundskriv V-006/2021 Budsjettskriv om utarbeiding av søknad om tilskot for 2022 og statistikkskjema for 2020

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2022 og statistikkskjema for2020.

1. Innleiing

Rundskrivet gjev retningsliner for utfylling av budsjettsøknad for 2022 og statistikkskjema for 2020.

Budsjettsøknaden og statistikkskjemaet skal leverast via Altinn-portalen – www.altinn.no. Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i innboksen åt institusjonen i Altinn i perioden 1. februar–1. mars 2021.

Det at Kulturdepartementet nyttar søknadsskjema i Altinn inneber at du som søkjer på vegner av verksemda, må ha elektronisk ID for å logga inn. Dette er den same ID-en som du nyttar når du til dømes leverer sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID kan du lesa
om korleis du skaffar deg slik ID på denne sida på ID-porten hjå Difi.

For å få tilgang til årets budsjett- og statistikkskjema må den, eller dei, som skal fylla ut på vegner av verksemda, fyrst logga seg inn på sin eigen Altinn-profil. Les meir om pålogging og tildeling av roller for utfylling av budsjett- og statistikkskjema i den vedlagde rettleiinga.

På fyrste sida i søknadsskjemaet finn de gode tips om utfylling av skjemaet, mellom anna om val av rett nettlesar, lagring av tekst og korleis ein under vegs i arbeidet kan sjå ein PDFversjon av søknaden. Mange av felta i skjemaet har eigne hjelpetekstar. Vi oppmodar om å lesa informasjonen om utfylling av skjemaet og alle hjelpetekstarne nøye, og å byrja arbeidet med søknaden i god tid. 

Har du praktiske spørsmål om innlogging i Altinn, ta kontakt med portalhjelpa til Altinn. 

Har du spørsmål til utfyllinga av budsjett- og statistikkskjema, ta kontakt med Norsk kulturråd som har ansvaret for søkarrettleiing til musea:
E-post: veiledning.budsjettsoknad@kulturradet.no – tlf. 932 28 171
E-post: veiledning.statistikkskjema@kulturradet.no – tlf. 452 37 083

2. Budsjettsøknad

Søknaden skal mellom anna innehalda:
- revidert rekneskap for 2020
- arbeidsbudsjett 2021
- årsrapport for 2020
- søknad for 2022
- museumsstatistikk for 2020

Institusjonane skal rapportera i dei aktuelle felta om korleis covid-19-situasjonen har verka inn på drifta i den einskilde institusjonen både med omsyn til økonomiske konsekvensar og aktivitet. Rettleiing om dette blir gitt i punkta nedanfor.

2.1 Revidert rekneskap for 2020

Rekneskapen inkludert balansen må innehalda alle utgiftene og inntektene som institusjonen har hatt i løpet av året. Rekneskapen skal vera revidert. Større avvik mellom rekneskap og arbeidsbudsjett for 2020 skal kommenterast. Eventuelt budsjettavvik som følgje av covid-19
skal kommenterast i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse". Tilskotsmottakarane må forklara grunnane til eit eventuelt negativt årsresultat og opplysa om korleis dette vert dekt inn. Det same gjeld eventuell negativ eigenkapital.

Tilskotsmottakarar som har fått omframt eingongstilskot i 2020 i samband med covid-19 eller anna eingongstilskot, skal rapportera desse midlane som "anna offentleg tilskot frå Kulturdepartementet" i webskjemaet.

2.2 Arbeidsbudsjett for 2021

Tilskotsmottakar må arbeida ut arbeidsbudsjett for 2021 – plan for disponering av samla utgifter og inntekter ved institusjonen. Arbeidsbudsjettet må innehalda alle utgiftene og inntektene som tilskotsmottakaren reknar med å få i løpet av budsjettåret. Eventuelle
kommentarar om arbeidsbudsjettet knytte til covid-19-situasjonen skal leggjast inn i feltet "kommentarar til rekneskap og balanse".

2.3 Årsrapport for 2020

Rapporten skal gjere greie for tilskotsmottakars aktivitet og resultat i rapporteringsåret med utgangspunkt i de formåla som er omtalte i budsjettsøknaden for 2020 og krava som vart stilt i tilskotsbrevet for 2020.

Tilskotsmottakaren skal også gi ein statusrapport om dei vesentlegaste forholda ved den økonomiske situasjonen. I rapporten skal institusjonane gjere greie for utfordringar som har oppstått som følgje av covid-19, og opplyse om kva alternative former for drift og publikumsretta aktivitet som er gjennomført, eller som institusjonen planlegg å gjennomføre.

2.4. Søknad for 2022

Tilskotsmottakar må i søknaden for 2022 oppgi kva som er formålet med verksemda. Formålet skal vere mest mogleg dekkande for tilskotsmottakars samla aktivitet.

Tilskotsmottakar skal òg gjere greie for planlagd drift i søknadsåret.  Omtalen skal ta utgangspunkt i ein situasjon der driftstilskotet blir vidareført på same nivå som i dag. Talbudsjettet må innehalde alle utgifter og inntekter institusjonen reknar med å få i løpet av
2022. Inntekter og utgifter må balansere. Tilskot frå andre enn Kulturdepartementet, fylkeskommunar, kommunar og Den kulturelle skolesekken skal spesifiserast i særskilde felt.

Søknaden kan innehalde maksimalt tre nye tiltak med behov for auke i tilskotet. Forslag til slike tiltak krev særskild grunngiving med plan for finansiering. Eventuelle forslag må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket. I tillegg må tilskotsmottakar vurdere om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering av dei ressursane som er til disposisjon, og kva konsekvensane av dette vil vere. Eventuelle forslag om nye tiltak med behov for auke i tilskotet skal registrerast i prioritert rekkjefølgje.

2.5 Statistikkskjema

Tilskotsmottakarane skal fylla ut skjemaet for museumsstatistikk for 2020.
Det er lagt inn nye felt i statistikkskjemaet knytte til digital formidling og immateriell kulturarv.

3. Frist i 2021

Frist for å levera søknaden er 1. mars 2021 kl. 23.59.

Søknadsskjemaet vil vera tilgjengeleg i Altinn frå 1. februar, og institusjonen kan arbeida med og gjera endringar i søknaden fram til fristen går ut. Søknadsfristen er absolutt, og det vert ikkje gjeve utsetjing. Søknader som vert sende inn etter fristen vil verta automatisk avviste.

Fylgjande dokument skal leverast innan fristen:

1. Budsjettsøknad for 2022 og museumsstatistikk for 2020.
2. Revidert rekneskap og revisormelding for 2020. Årsmeldinga frå styret skal berre leverast av store føretak.

Den 15. desember 2017 vedtok Stortinget endringar i rekneskapslova som inneber at kravet til årsmelding for små føretak er oppheva. I tillegg til rapporteringa i nettportalen, skal tilskotsmottakarar som er definerte som små føretak etter krava i rekneskapslova, berre levera revidert rekneskap for 2020 med revisormelding til departementet. Store føretak skal, som før, levera årsmeldinga frå styret saman med revidert rekneskap for 2020 og revisormelding. Dokumenta skal vera signerte. Dokumenta skal sendast til postmottak@kud.dep.no.


Med helsing

Stein Sægrov (e.f.)
avdelingsdirektør

Natalia Ryan
seniorrådgjevar

 

Vedlegg:
- Rettleiing for utfylling av budsjett- og statistikkskjema (.pdf)
- Vanlege spørsmål om søknadsprosess og Altinn (.pdf)

Kopi:
Norsk kulturråd