Rundskriv V-12/2004

Kommunane og kyrkja

Kommunane
Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda
Fylkesmennene
Biskopane
Bispedømmeråda

Nr.

Vår ref

Dato

V-12N/2004

2004/814

30.03.2004

Kommunane og kyrkja

Sist vinter kom det meldingar frå kyrkjelydar i ulike deler av landet om at ein vanskeleg kyrkjeøkonomi gjorde det nødvendig å gjennomføre innsparingstiltak. Blant tiltaka var stenging av kyrkjer, reduksjon i den kyrkjelege bemanninga og reduksjon i vedlikehaldet av kyrkjene. Innstrammingstiltaka hadde fleire årsaker. Auka strøm- og pensjonsutgifter, sett i samanheng med ein generelt stram kommuneøkonomi, har vore framheva som viktige forklaringsmoment.

I lys av situasjonen sist vinter og det faktum at kommunesektoren i 2004 vil få betre økonomiske rammevilkår, har Kyrkjerådet på vegner av Kyrkjemøtet 2003 bedt om at det går ut eit fellesskriv frå Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet med oppmoding om at den lokale kyrkja må få del i den generelle styrkinga av økonomien i kommunane.

Oppmodinga frå Kyrkjemøtet aktualiserer spørsmålet om korleis det økonomiske tilhøvet mellom kommunane og kyrkja er å forstå. Vi viser til at kyrkjeministeren og kommunalministeren i 1999 sende ut eit felles rundskriv om dette, sjå rundskriv F-24-99 av 2. mars 1999 der det er orientert om forståinga av kyrkjelova § 15, som regulerer utgiftspliktene til kommunane i høve til kyrkja. Seinare har Kultur- og kyrkjedepartementet ved rundskriv V-5/2002 av 16. januar 2002 gitt ei meir grundig rettleiing til kyrkjelova § 15 og rekkevidda av denne.

I fellesskrivet frå 2. mars 1999 heiter det mellom anna:

”Kirkeloven stadfester prinsippet om at kommunen har det økonomiske ansvaret for den lokale kirke, slik ordningen har vært i vårt land siden kommunenes opprinnelse. I respekt for det kommunale selvstyret og i tillit til at den enkelte kommune også i dag ser verdien av å gi gode rammevilkår for kirkens liv og virke, er det ikke gitt mer detaljerte regler om kommunenes økonomiske plikter i forhold til Den norske kirke enn det som framgår av selve loven.

Drift og vedlikehold av kirker og kirkegårder, og lønn til nødvendige lovbestemte stillinger i kirken, er blant de utgiftsområder som kommunene fra tidligere har hatt ansvar for. Den nye kirkeloven har ikke endret dette. Forståelsen av kommunenes økonomiske ansvar etter kirkeloven § 15 må derfor bygge på den forutsetning at de kommunale bevilgninger til kirken fortsatt gir grunnlag for tilfredsstillende drift og vedlikehold av våre kirker og kirkegårder og for utgiftsdekningen i kirkelige stillinger. Budsjettrammen til disse formål vil imidlertid være gjenstand for ordinære kommunale prioriteringer innenfor lovens rammer.”

Med bakgrunn i situasjonen sist vinter og oppmodinga frå Kyrkjemøtet, vil vi minne om denne grunnleggjande forståinga av kyrkjelova § 15 og av det økonomiske tilhøvet mellom kommunane og kyrkja.

Med helsing

Valgerd Svarstad Haugland

Erna Solberg