Rundskriv V-14N/2009: Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon

Blanketten ligg no føre i revidert utgåve.

Kyrkjelege fellesråd

Sokneråd i kommunar med eitt sokn

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-14N/2009

2009/04202 KIA krs

29.09.2009

 

Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon

Blanketten Krav om gravlegging og/eller kremasjon V-0916 N og Begjæring om gravlegging/og eller kremasjon V-0916 B ligg no føre i revidert utgåve. Det er i hovudsak gjort mindre språklege endringar. Det er lagt til ein rubrikk for e-postadresse og to nye avkryssingsboksar for kva type grav det skal vere ved ny grav. Dei to avkryssingsboksane gjeld fri kistegrav med ledig kistegrav over (to nivå), jf. forskrift til gravferdslova § 18. I tillegg er det ein avkryssingsboks for dei tilfella der grava skal vere i namna minnelund, som no har blitt tatt i bruk nokre stader.

 

Blanketten er tilgjengeleg i elektronisk utgåve og kan bli lasta ned frå Statleg blankettarkiv. 

Med helsing

Anne-Lise Brodtkorb e.f.
avdelingsdirektør

Kristian Skjeldal
seniorrådgjevar

 

Kopi: HSH Gravferd/BFN