Rundskriv V-1N/2010: Budsjettrundskriv for 2011

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Til
statlege verksemder
under Kulturdepartementet 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-1N/2010

200905302 AØ/Ø EAN

05.01.2010

 

Budsjettrundskriv for 2011

1.   INNLEIING

1.1 Generelt

Budsjett­rundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjett­framlegget for 2011, både når det gjeld innhald og utforming.

Mål- og resultatstyringa skal halde fram på same måten som i 2010. Verksemdene må derfor utarbeide budsjett­framlegget slik at departementet får eit nødvendig grunnlag for å kunne gjennom­føre ein budsjettprosess som sikrar omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettframlegget må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2011.

Som følgje av at departementet nyttar elektronisk saksbehandling blir budsjett­framlegget skanna inn. Vi ber derfor om at framlegget blir sendt inn i A4-format og at det blir nytta svart skrift på kvit bakgrunn.

 

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2011 til Kulturdepartementet er 1. mars 2010.

Budsjettframlegget for 2011 inkl. elektronisk rekneark, jf. pkt. 2.3.2 nedanfor, skal sendast inn i eitt eksemplar og på e-post til følgjande adresse: postmottak@kud.dep.no

2.   BUDSJETTFRAMLEGGET FOR 2011

Utarbeidinga av budsjettframlegget for 2011 må ta utgangspunkt i den tildelte budsjettramma for 2010 og rekneskapen for 2009. Det er viktig at budsjettframlegget er kortfatta og poengtert, og at følgjande går klart fram innleiingsvis:

-          forslag til nye tiltak med behov for auka midlar

-          behov for budsjettauke for å vidareføre eksisterande verksemd

-          spesielle forhold som krev ekstraordinære eingongsmidlar.

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar, må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskottsordningane i budsjettframlegget. 

Budsjettframlegget for 2011 skal innehalde følgjande:

2.1  Mål for verksemda

Departementet ber om at verksemdene innarbeider forslag til overordna mål og resultatmål i budsjettframlegget for 2011.

Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument o.l.

Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2011, skal vere så konkrete som råd. Det er tenleg at resultatmåla blir avgrensa til hovud­satsingsområda for verksemda. Det er vidare viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogeleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda.

I samband med resultatmåla må verksemda óg utarbeide resultatindikatorar som kan angi graden av måloppnåing. 

2.2  Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg

Verksemdene må leggje ved ei utrekning over dei samla lønnsutgiftene til alle fast tilsette spesifisert på stillingskategoriar, lønnstrinn, lønnsbeløp og talet på årsverk på det enkelte lønnstrinnet. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativ­satsane som gjeld pr. 01.01.2010.

Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det er lagt opp til auke/reduksjon i talet på årsverk i 2011. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som krev nye årsverk for å få gjennomført, må verksemda omtale slike årsverk særskilt. Det må gå fram av omtalen kva den enkelte stillinga skal nyttast til.

Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må verksemda i tillegg til omtale av framlegget også utarbeide organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda medrekna dei nye stillingane.

2.3  Budsjettframlegg med talbudsjett for 2011 

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Verksemdene må innleiingvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjett­framlegget for 2011 og endringar i forhold til 2009.

Verksemdene må gjere greie for korleis planlagte endringar og forslag til nye tiltak i 2011 vil endre ressursbehovet i forhold til 2010-budsjettet. Forslag til endringar og nye tiltak krev særskilt grunngiving og må innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2011 og 2012.

Endringar/nye tiltak som treng nye ressursar i 2011, skal førast opp med kostnads­overslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.

I samband med omtalen av budsjettforslaget for 2011 må det også vere ein omtale av verksemdas planar for 2012-2013. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet på elektronisk rekneark

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Budsjett 2011, rekneskap 2009 m.m. – statlege verksemder under Kulturdepartementet". Skjemaet er lagt ut på Internett under ”Regjeringen.no”  og kan hentast opp frå Kulturdepartementets heimeside under ”Dokumenter\Andre dokumenter\Skjema”. På side 1 i skjemaet er det gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kud.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må óg liggje ved budsjettframlegget for 2011.

Verksemda må utarbeide talbudsjettet for 2011 etter statens kontoplan, jf. tabell 2 og 3 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:

-

rekneskap 2009

-

løyving 2010

-

framlegg 2011

Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.

Følgjande tabellar i det elektroniske skjemaet skal fyllast ut:

-

tabell 1:

Administrasjon

-

tabell 2:

Budsjettframlegg for 2011 - utgifter

Budsjettframlegget skal inkludere utgifter til evt. nye tiltak.

Lønnsutgiftene for 2011 skal budsjetterast med "nettolønn", jf. Finans­departementets rundskriv R-101/2008, pkt. 2.5.3 Pensjonsinnskudd, og ut    frå lønnsnivået pr. 01.01.2010.

Driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2010-kroner.

Oppdragsutgiftene under utgiftspost 21 og oppdragsinntektene under inntektspost 02/07 skal balansere (gjeld ikkje Riksteatrets turnéutgifter under kap. 324, post 21 og bilet- og salsinntektene under kap. 3324, post 02).

Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale:

-   disponering av løyvinga i 2009 og evt. overført ubrukt løyving frå 2008

-   planlagt disponering i 2010

-   behov for 2011

-

tabell 3:

Budsjettframlegg for 2011 - inntekter

Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2009, og kommenterast. Inntektene under inntektspost 02/07 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at aktiviteten  vil få i 2011.

-

tabell 4:

Oppsummering av budsjettframlegget for 2011 - tiltak som krev auka løyving

-

tabell 5:

Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter

(gjeld berre verksemder som får løyvinga frå budsjettkapitla 320-329)

Alle leigeavtalar, både i statlege bygg og i bygg som er leigde av privat utleigar skal førast opp, uavhengig av om avtalen er/vil bli inngått med privat eller statleg utleigar.

-

tabell 6:

Tilsegnsfullmakt i 2011 (gjeld berre Kunst offentlege rom)

Tilsegnsfullmakter fastset det maksimumsbeløpet som ein til kvar tid kan ha ståande som tilsegn utan dekning i løyving. Når ein ber om fullmakt for ein ny termin, må ein derfor i tillegg til behovet for nye tilsegner i 2011 også rekne med kor mykje av tidlegare tilsegner som ikkje vil vere utbetalt pr. 01.01.2011. For nærmare omtale viser vi til Del II, pkt. 2.5.2.1 i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidd av Finansdepartementet i mars 2006.

-

tabell 7:

Personale

 

 

 

(gjeld berre verksemder som får løyvinga frå budsjettkapitla 320-329)

-

tabell 8:

Ulike aktivitetar m.m.                         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2011 krev kommentar/nærmare grunngiving.

Verksemder som forvaltar tilskottsordningar må også føre opp beløp for dei aktuelle tilskottsordningane i tabell 2. 

 

Med helsing 

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Einar Andersen
seniorrådgjevar

 

Vedlegg:

Skjema i excel-format: Budsjett 2011, rekneskap 2009 m.m. – Statlege verksemder under Kulturdepartementet  

Skjema i ods-format/Open Document Format: Budsjett 2011, rekneskap 2009 m.m. – Statlege verksemder under Kulturdepartementet