Rundskriv V-2N-2001

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Budsjettrundskriv for 2002

Til faste tilskottsmottakarar under Kulturdepartementet
( utanom: funksjondelingsinstitusjonane, Norsk Film AS, Vestnorsk filmsenter AS)

Nr.

Vår ref

Dato

V-2N/2001

2000/4500 AØ/ØS EAn

02.01.2001

Budsjettrundskriv for 2002

Innleiing

Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettframlegget for 2002 både når det gjeld innhald og utforming.

Budsjettrundskrivet er eit viktig ledd i departementets arbeid med å betre budsjett- systemet og kommunikasjonen med tilskottsmottakarane. Det er ei prioritert oppgåve for departementet å tilpasse tilskottsmottakaranes budsjettprosess mest mogleg til departementets eige arbeid med statsbudsjettet, både når det gjeld prosedyrar og krav til innhald.

Frist

Fristen for innsending av budsjettsøknaden for 2002 er 1. mars 2001.

Budsjettsøknaden for 2002 må sendast inn i 3 eksemplar.

Budsjettsøknaden for 2002

Budsjettsøknaden for 2002 skal innehalde følgjande:

  • rapport for 2000
  • omtale av formål
  • budsjettframlegg for 2002

Tilskottsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.

Rapport for 2000

Rapporten for 2000 skal innehalde følgjande:

-

foreløpig rekneskap for 2000

-

omtale av den samla aktiviteten i 2000 i forhold til dei formåla som er trekte opp i tilsagnsbrevet for 2000

-

omtale av eventuelle andre føresetnader for disponering av tilskottet som er trekte opp i tilsagnsbrevet for 2000

Formål

Tilskottsmottakarane må i budsjettsøknaden for 2002 gi ein omtale av kva som er formålet med den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv.

Departementet viser i denne samanhengen til tilsagnsbrevet for 2001, der det er gjort greie for kva for formål og eventuelle andre foresetnader som tilskottsmottakaren skal oppfylle.

Formålet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene for tilskottsmottakaren som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l. Dersom det vanskeleg let seg gjere å formulere eit formål for heile den aktiviteten som tilskottsmottakaren driv, må det formulerast formål for dei ulike hovudarbeidsområda.

Budsjettframlegg med talbudsjett for 2002

Omtale av hovudtrekka i budsjettframlegget

Tilskottsmottakarane må innleiingsvis gje eit samandrag av budsjettframlegget der det kort blir gjort greie for korleis tilskottsmottakaren vil gjennomføre aktiviteten innanfor noverande tilskott, kva for aktivitet som krev nye ressursar og endringar i forhold til 2001.

Krav til omtale av endringar i aktiviteten

Det budsjettet som er vedteke av Stortinget for 2001, dannar utgangspunktet for tilskottsmottakarens arbeid med 2002-budsjettet. Den samla aktiviteten for 2002 må derfor basere seg på dette. Ambisjonsnivået må ikkje setjast høgare enn den faktiske ressurstilgangen. Tilskottsmottakarane må derfor gjere greie for kva for aktivitetar som kan gjennomførast innanfor dei budsjettrammene ein i dag har til disposisjon.

Tilskottsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar i aktiviteten i 2002 vil endre tilskottsbehovet i høve til 2001-tilskottet. Tilskottsmottakarane må vere budd på omdisponering og effektivisering av noverande ressursar for å frigjere ressursar til ny aktivitet.

Det må gjerast greie for behovet for og målet med ny aktivitet, om aktiviteten kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar eller om det er behov for nye ressursar. Det må grunngivast kvifor aktiviteten krev nye ressursar. Det må vidare gjerast greie for kva gjennomføringa av aktiviteten totalt vil koste, både i 2002 og 2003, og korleis dette vil verke inn på statstilskottet.

Planlagte endringar og aktivitet som treng nye ressursar, skal førast opp med kostnadsoverslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje.

I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2002 må det også givast ein kort omtale av tilskottsmottakarens planar for 2003-2004.

Utarbeiding av talbudsjettet for 2002

Som vedlegg til budsjettrundskrivet følgjer tabell for oversikt over utgifter og inntekter 2000 - 2002.

Tabellen skal fyllast ut. Alle beløpa i tabellen må kommenterast/grunngivast nærmare.

Utgangspunktet for budsjettframlegget er rekneskapet for 2000. Framlegget for 2002 må vidare byggje på ein detaljert disposisjonplan for 2001-budsjettet, som må vere i balanse.

Budsjettframlegget for 2002 må utarbeidast i 2001-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.

Framtidig informasjonsinnhenting – utfylling av skjema

Kulturdepartementet arbeider med å utvikle eit nytt opplegg for framtidig innhenting av informasjon frå dei statlege verksemdene og dei faste tilskottsmottakarane. Målet er å få til eit enklare og meir systematisk opplegg for informasjonsinnhenting enn det ein har i dag. Departementet legg til grunn at den framtidige informasjonsinnhentinga i hovudsak skal vere elektronisk basert.

Saman med budsjettrundskrivet følgjer eit eige Skjema for oppsummering av budsjetsøknaden for 2002 for statlige virksomheter og faste tilskuddsmottakere under Kulturdepartementet.

Målet med skjemaet er m.a.:

  • å forbetre og forenkle kommunikasjonen mellom dei statlege verksemdene, tilskottsmottakarane og departementet
  • å få informasjonen systematisert slik at den blir meir einsarta, lettare tilgjengeleg og reduserer risikoen for feil/mistydingar
  • få samla viktig informasjon i eitt dokument

Vi viser til dette og ber om at skjemaet blir fylt ut. Skjemaet kan hentast inn frå ODIN i Word tekstbehandlar som eit elektronisk skjema. Det utfylte skjemaet skal sendast elektronisk til Kulturdepartementet via e-post til den adressa som er oppgitt på skjemaet. Nærmare omtale av korleis skjemaet skal fyllast ut er også oppgitt på skjemaet.

Erfaringane med bruken av skjemaet vil danne grunnlag for departementets vidare arbeid med eit enklare og meir systematisk opplegg for framtidig informasjonsinnhenting. På bakgrunn av denne runden vil det m.a. bli vurdert å endre dei framtidige budsjettrundskriva og innrapporteringa av informasjon knytt til budsjettsøknaden.

Vi ber derfor om forståing for at vi denne gongen ber om ei viss dobbeltrapportering av informasjon.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.

ekspedisjonssjef

Einar Andersen

rådgjevar

Vedlegg

OVERSIKT OVERUTGIFTER OG INNTEKTER 2000 - 2002


(i 1 000 kr)


Budsjett
2000


Rekneskap
2000

Disponibelt
budsjett
2001


Framlegg
2002


Driftsinntekter:

Statstilskott frå

Kulturdepartementet

Tilskott frå fylkeskommunen

Tilskott frå kommunen

Andre offentlege tilskott

Billettinntekter

Andre eigeninntekter 1)

Sum driftsinntekter


Driftskostnader:

Lønnskostnader

Husleigeutgifter

Utgifter til drift av lokale 2)

Utstillingsvederlag 3)

Ordinære avskrivingar

Øvrige driftsutgifter

Sum driftskostnader


Driftsresultat


Finansinntekter

Finanskostnader

Netto finanskostnader


Årsresultat


Disponering av årsresultat:

Dekking av tidligare underskott

Overføring til/frå eigenkapitalen

1)Spesifikasjon av andre eigeninntekter:

- sponsorinntekter

- salsinntekter

- anna

Sum

2)Utgifter til elektrisitet, brensel, reinhald, vedlikehald, avgifter m.v.
3) Gjeld kun tilskottsmottakarar som har utgifter til utstillingsvederlag