Rundskriv V-4-2002

Rapportering om målbruk i departementa og ved Statsministerens kontor i 2001 (05.01.2002)

Alle departementa og Statsministerens kontor

Nr. V-4/2002

Vår ref

Dato 5.01.2002

Rapportering om målbruk i departementa og ved Statsministerens kontor i 2001

Vedlagt følgjer skjema for rapportering om målbruken i departementa og ved Statsministerens kontor i 2001. Skjemaet gjeld rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som departementa har laga i 2001.

1. Innsamling av opplysningar og frist for innsending til Kultur- og kyrkjedepartementet

Det er det samla talet på dokument eller skriv av dei ulike slaga som departementet har produsert som skal førast opp. Det må såleis innhentast oppgåver frå dei ulike avdelingane/einingane, desse tala må summerast og summane førast på eit eige samleskjema. Berre dette samleskjemaet skal sendast inn.

Siste frist for innsending av skjemaet til Kultur- og kyrkjedepartementet er 15. februar 2002.

For å unngå forseinkingar og unødig ekstraarbeid ber vi alle vere nøye med å halde den oppgitte innsendingsfristen.

2. Kva tilfang som skal rapporterast

a) Rapporteringa gjeld i utgangspunktet alt tilfang som fell inn under § 8 første ledd første og andre punktum i mållova, i praksis så godt som alt anna enn brev til enkeltadressatar:

"Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformen,e slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer."

b) Også tilfang som er nemnt ovanfor, men som berre gjeld eit geografisk avgrensa område, skal takast med dersom det aktuelle området ikkje har såkalla fleirtalsmålform, jf. mållova § 7 andre ledd. Når vi reknar heile fylke, er dette Oslo, Telemark, Aust-Agder, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms. Sjå elles oversynet over kommunale målvedtak i Statens personalhandbok. Målvedtaka finst også under Sentrale forskrifter på Lovdata.

3. Nærmare om avgrensinga av tilfang som likevel ikkje skal rapporterast

Vi registrerer sjølve alle stortingsdokument, og desse skal derfor ikkje vere med på skjemaet. Heller ikkje lov- og forskriftstekster skal takast med i rapporten. Også dette vil bli registrert sentralt. Alt regelverk som ikkje blir kunngjort Norsk lovtidend, skal derimot vere med, mellom anna alt tilfang som har karakter av råd og rettleiing, likeins alle høyringsnotat o.l.

Stillingsannonsar som har vore med i den statlege fellesutlysinga i Norsk lysingsblad, skal heller ikkje takast med. Desse registrerer vi sjølve veke for veke. De må derimot passe på å få med alle andre stillingsannonsar som departementet har rykt inn i avisene og i andre publikasjonar.

4. Nærmare om utfyllinga og om registrering av dokument med ulik storleik

Den venstre hovudkolonnen gjeld skriv/dokument som har ein storleik på inntil 3 A4-sider, eventuelt 3 trykksider i det formatet som er nytta. Her skal førast opp kor mange slike skriv som er laga berre på bokmål, kor mange som berre er på nynorsk, og kor mange som er laga både på bokmål og nynorsk (anten som parallellutgåver eller t.d. med bokmål på eine sida og nynorsk på hi sida).

I den høgre hovudkolonnen skal det på tilsvarande måte førast opp alle skriv/dokument som har eit omfang på mellom3 og 10 sider.

Alle skriv/dokument som er på meir enn 10 sider, same kva type, skal spesifiserast på baksida av skjemaet, under Større tekster og publikasjonar. Her skal De også spesifisere alle tidsskrift, blad eller andre større publikasjonar som departementet har gitt ut i 2000. Legg ved eige ark dersom det ikkje er plass på skjemaet. For kvar av desse publikasjonane skal De først oppgi det samla sidetalet og så om lag kor mange av desse

sidene som var på nynorsk. Dersom det er tale om ein publikasjon som har kome ut med fleire nummer i 2000, skal De ikkje føre opp kvart enkelt nummer, men heile 2000-årgangen under eitt. Her viser vi elles til vårt rundskriv nr. V-50/88.

***

Vi ber Dykk ta kontakt på telefon 48031 dersom noko skulle vere uklart.

Med helsing

Alf Modvar e.f.
avdelingsdirektør

Marie Helene Korsvoll
rådgjevar

Vedlegg:

  • Rapportskjema 1: Målbruk i statstenesta
  • Rapportskjema 1: Målbruk i statstjenesten
  • St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste