Rundskriv V-4N-2004

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Budsjettrundskriv for 2005 (20.01.2004)

Til
statlege verksemder
under Kulturavdelinga

Nr.

Vår ref

Dato

V-4N/2004

2004/266 KU/KU3 EvFa:pbp

20.01.2004

Budsjettrundskriv for 2005

1. Innleiing

1.1 Generelt

Budsjett­rundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjett­framlegget for 2005, både når det gjeld innhald og utforming.

Som verksemdene er kjende med, er det fastsett nytt regelverk for økonomistyring i staten. Det nye regelverket inne­ber at mål- og resultatstyringa skal vidareførast. Verksemdene må derfor utarbeide budsjett­framlegg som er utforma slik at det gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennom­føre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettframlegget må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettframlegget for 2005.

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettframlegg for 2005 til Kultur- og kyrkje­departementet er 1. mars 2004.

Budsjettframlegget for 2005 skal sendast inn i eitt eksemplar. Budsjettframlegget må også sendast inn på e-post til følgjande adresse: postmottak@kkd.dep.no

2. Budsjettframlegget for 2005

Utarbeidinga av budsjettframlegget for 2005 må ta utgangspunkt i den tildelte budsjettramma for 2004 og rekneskapen for 2003. Det er viktig at budsjettframlegget er kortfatta og poengtert.

Verksemder som forvaltar tilskotsordningar, må også innarbeide omtale av dei aktuelle tilskotsordningane i budsjettframlegget.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil peike på at kulturbudsjettet for 2005 vil vere sterkt bunde opp til å dekkje tiltak det allereie er fatta forpliktande vedtak om. Dette gjeld mellom anna nybygget for Hålogaland teater i Tromsø, nybygg for romaniavdelinga ved Glomdalsmuseet og utbygginga av Nasjonalbiblioteket. Det er difor naudsynt at institusjonane i sterkare grad enn tidlegare prioriterer stramt i sine budsjettsøknader. Det vil som hovudregel berre vere tiltak som er gitt høg prioritet i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og Stortingets behandling av denne som vil kunne vurderast.

Budsjettframlegget for 2005 skal innehalde følgjande:

2.1 Mål for verksemda

Departementet ber om at verksemdene innarbeider forslag til overordna mål og resultatmål i budsjettframlegget for 2005.

Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten i verksemda, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp for verksemda i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument o.l.

Forslag til dei resultatmåla som verksemda tek sikte på å nå i 2005, må formulerast så konkret som råd. Det er tenleg at resultatmåla blir avgrensa til hovud­satsingsområda for verksemda. Det er vidare viktig at resultatmåla blir formulerte slik at det i ettertid er mogeleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for verksemda.

I tilknyting til resultatmåla må det utarbeidast resultatindikatorar som kan opplyse om graden av måloppnåing.

2.2 Omtale av bemanning og organisatoriske stillingsframlegg

Verksemdene må leggje ved ei utrekning over dei samla lønnsutgiftene til alle fast tilsette spesifisert på lønnstrinn, lønnsbeløp og talet på årsverk på det enkelte lønnstrinnet. Lønnsutgiftene skal førast opp på grunnlag av dei regulativsatsane som gjeld pr. 01.01.2004.

Verksemdene må omtale den samla bemanningssituasjonen og om det er lagt opp til auke/reduksjon i talet på årsverk i 2005. Dersom det blir fremma forslag om tiltak som det trengst nye årsverk for å få gjennomført, må slike årsverk omtalast særskilt. Det må gå fram av omtalen kva den enkelte stillinga skal nyttast til.

Dersom det blir gjort framlegg om omgjering/oppretting av stilling på leiarnivå, som inneber organisatoriske endringar, må det i tillegg til omtale av framlegget også utarbeidast organisasjonskart (eige vedlegg) som viser organiseringa av verksemda medrekna dei nye stillingane.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2005

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Verksemdene må innleiingvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjett­framlegget for 2005 og eventuelle endringar i forhold til 2004.

Verksemdene må gjere greie for korleis planlagte endringar i 2005 vil endre ressursbehovet i forhold til 2004-budsjettet. Eventuelle forslag til endringar må derfor omtalast særskilt, og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved eventuelt behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar, nye stillingar) både i 2005 og 2006.

Eventuelle endringar som treng nye ressursar i 2005, skal førast opp med kostnads­overslag i eiga oppstilling i prioritert rekkefølgje, jf. tabell 4 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet.

I tilknyting til omtalen av budsjettforslaget for 2005 må det også givast ein omtale av planane for verksemda i 2006-2007. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet

Talbudsjettet for 2005 skal utarbeidast etter statens kontoplan, jf. tabell 2 og 3 i vedlagte kopi av det elektroniske skjemaet. Talbudsjettet skal førast opp med tre kolonner:

-

rekneskap 2003

-

løyving 2004

-

framlegg 2005

Alle kronebeløp skal rundast av til nærmaste tusen kroner, også rekneskapstal.

Budsjettframlegget for 2005 må byggje på ein detaljert disposisjonsplan for
2004-budsjettet. Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ”Budsjett 2005, rekneskap 2003 m.m. – statlege verksemder under Kultur- og kyrkje­departementet". På side 1 i skjemaet er det opplyst kvar på Internett skjemaet kan hentast opp og det er gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet. Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må og leggjast ved budsjettframlegget for 2005.

Følgjande tabellar i det elektroniske skjemaet skal fyllast ut:

-

tabell 1:

Administrasjon

-

tabell 2:

Budsjettframlegg for 2005 - utgifter

Lønnsutgiftene for 2005 skal budsjetterast med "nettolønn", jf. Finans­departementets rundskriv R-101/2003, pkt. 2.5.3 Pensjonsinnskudd, og ut frå lønnsnivået pr. 01.01.2004.

Driftsutgiftene under underpost 01-2 Varer og tenester skal utarbeidast i 2004-kroner.

Oppdragsutgiftene under utgiftspost 21 og oppdragsinntektene under inntektspost 02 skal balansere.

Kommentarane til post 45 Større nyinnkjøp og vedlikehald må omtale:

- disponering av løyvinga i 2003 og ev. overført ubrukt løyving frå 2002
- planlagt disponering i 2004
- behov for 2005

-

tabell 3:

Budsjettframlegg for 2005 - inntekter

Aktuelle inntektspostar må fyllast ut, også rekneskapstal for 2003, og kommenterast. Oppdragsinntektene under inntektspost 02 må byggje på eit realistisk overslag over det omfanget verksemda reknar med at oppdrags­aktiviteten vil få i 2005.

-

tabell 4:

Oppsummering av budsjettframlegget for 2005 - tiltak som krev auka løyving

-

tabell 5:

Spesifikasjon av leigeareal og husleigeutgifter

Alle leigeavtalar, både i statlege bygg og i bygg som er leigde av privat utleigar skal førast opp, uavhengig av om avtalen er/vil bli inngått med privat eller statleg utleigar.

-

tabell 6:

Tilsegnsfullmakt i 2005 ( gjeld berre Utsmykkingsfondet for offentlege bygg)

Tilsegnsfullmakter fastset det maksimumsbeløpet som ein til kvar tid kan ha ståande som tilsegn utan dekning i løyving. Når ein ber om fullmakt for ein ny termin, må ein derfor i tillegg til behovet for nye tilsegner i 2005 også rekne med kor mykje av tidlegare tilsegner som ikkje vil vere utbetalt pr. 01.01.2005. For nærmare omtale viser vi til pkt. 8.2 i Veileder i statlig budsjettarbeid, utarbeidd av Finansdepartementet.

-

tabell 7:

Personale

-

tabell 8:

tabell 9:

Publikum

Aktivitetar m.m.

Alle beløp som blir førte opp i talbudsjettet for 2005 skal kommenterast/grunngivast nærmare.

Verksemder som forvaltar tilskotsordningar må også føre opp beløp for dei aktuelle tilskotsordningane i tabell 2.

Med helsing

Kjell Myhren e.f.
ekspedisjonssjef

Even Fallan
rådgjevar

Vedlegg:

Skjemaet ”Budsjett 2005, rekneskap 2003 m.m. – statlege verksemder under Kultur- og kyrkje­departementet".