Rundskriv V-5N-2004

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Budsjettrundskriv for 2005 (20.01.2004)

Til
tilskotsinstitusjonar under Kulturavdelinga
(tilskot frå 70-, 71- og 72-postar i statsbudsjettet)

Nr.

Vår ref

Dato

V-5N/2004

2004/267 KU/KU3 EvFa

20.01.2004

Budsjettrundskriv for 2005

1. Innleiing

1.1 Generelt

Budsjettrundskrivet gir retningslinjer for arbeidet med budsjettsøknaden for 2005 både når det gjeld innhald og utforming.

Det er fastsett nytt regelverk for økonomistyring i staten. Det nye regelverket inneber at mål- og resultatstyringa skal vidareførast. Tilskotsmottakarane må derfor utarbeide ein budsjettsøknad som er utforma slik at den gir departementet det nødvendige grunnlaget for å kunne gjennomføre ein budsjettprosess som ivaretek omsynet til resultatstyring. Utarbeidinga av budsjettsøknaden må derfor følgje den disposisjonen som er omtalt i dette rundskrivet, jf. pkt. 2 Budsjettsøknaden for 2005.

1.2 Frist

Fristen for innsending av samla budsjettsøknad for 2005 til Kultur- og kyrkje­departementet er 1. mars 2004.

Budsjettsøknaden for 2005 skal sendast inn i tre eksemplar. Budsjettsøknaden må også sendast inn på e-post til følgjande adresse: postmottak@kkd.dep.no

2. Budsjettsøknaden for 2005

Utarbeidinga av budsjettsøknaden for 2005 må ta utgangspunkt i det tildelte tilskotet for 2004 og rekneskapen for 2003. Det er viktig at søknaden er kortfatta og poengtert.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil peike på at kulturbudsjettet for 2005 vil vere sterkt bunde opp til å dekkje tiltak det allereie er fatta forpliktande vedtak om. Dette gjeld mellom anna nybygget for Hålogaland teater i Tromsø, nybygg for romaniavdelinga ved Glomdalsmuseet og utbygginga av Nasjonalbiblioteket. Det er difor naudsynt at institusjonane i sterkare grad enn tidlegare prioriterer stramt i sine budsjettsøknader. Det vil som hovudregel berre vere tiltak som er gitt høg prioritet i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og Stortingets behandling av denne som vil kunne vurderast.

Tilskotsmottakarane må oppgi kva for bank- eller postgirokonto midlane skal overførast til.

Budsjettsøknaden for 2005 skal innehalde følgjande:

2.1 Årsrapport for 2003

For nærmare omtale av krav til innhaldet i årsrapporten viser ein til omtalen i Kultur- og kyrkjedepartementets tilsegnsbrev for 2003.

Departementet ber òg om styrets vurdering av om det er utført tilstrekkeleg vedlikehald av bygningar, lokale og utstyr ved institusjonen i rapporteringsåret, og om det er gjort tilstrekkelege avsetningar til vedlikehald kommande år.

2.2 Mål

Departementet ber om at tilskotsmottakarane innarbeider forslag til overordna mål og oppfølgingskriterium i budsjettsøknaden for 2005.

Det overordna målet skal formulerast mest mogleg dekkjande for den samla aktiviteten, og vere i samsvar med dei rammene som er trekte opp i lover, vedtekter, sentrale styringsdokument e.l.

Forslag til kva for resultat tilskotsmottakaren tek sikte på å nå i 2005, må utformast mest mogleg konkret. Det er tenleg at oppfølgingskriteria blir avgrensa til tilskots­mottakarens hovudarbeidsområde. Det er vidare viktig at oppfølgingskriteria blir formulerte slik at det i ettertid er mogleg å måle om ein har nådd dei resultata som vart sette for aktiviteten.

2.3 Budsjettframlegg med talbudsjett for 2005

2.3.1 Omtale av budsjettframlegget

Tilskotsmottakarane må innleiingsvis gi eit kort samandrag av hovudlinjene i budsjett­framlegget for 2005 og eventuelle endringar i forhold til 2004.

Tilskotsmottakarane må gjere greie for korleis planlagde endringar i 2005 vil endre tilskottsbehovet i forhold til 2004-tilskotet. Eventuelle forslag til endringar og må omtalast særskilt, og innehalde ein kort omtale av tiltaket der ein gjer greie for behovet for og målet med tiltaket, og om tiltaket kan gjennomførast ved omdisponering/effektivisering innanfor eksisterande ressursar. Ved eventuelt behov for nye ressursar må det gjerast greie for kva gjennomføringa av tiltaket totalt vil koste (lønns- og driftsutgifter, utgifter til investeringar), både i 2005 og 2006, og korleis dette vil verke inn på statstilskotet.

Eventuelle endringar som treng nye ressursar i 2005, skal førast opp med kostnads­overslag i prioritert rekke­følgje. Eventuelle forslag om nye investeringar må omfatte ein samla investeringsplan.

I tilknyting til omtalen av budsjettframlegget for 2005 skal det også givast ein omtale av tilskotsmottakarens planar for 2006-2007. Omtalen skal vere kortfatta.

2.3.2 Utarbeiding av talbudsjettet på elektronisk rekneark

Talbudsjettet for 2005 må byggje på ein detaljert disposisjonsplan for 2004-budsjettet, jf. tilskots­brevet for 2004.

Departementet har utarbeidd eit elektronisk skjema (excel-rekneark), jf. vedlagte kopi av skjemaet ” Budsjett 2005 - rekneskap 2003 m.m. – tilskotsinstitusjonar og faste tilskotsmottakarar under Kulturavdelinga".

På side 1 i det elektroniske skjemaet er det opplyst kvar på internett skjemaet kan hentast opp og det er gitt ei kort orientering om utfylling av skjemaet.

Det ferdig utfylte skjemaet skal sendast til følgjande e-postadresse: postmottak@kkd.dep.no

Utskrift av det ferdig utfylte skjemaet må òg leggjast ved budsjettsøknaden for 2005.

Alle beløpa i budsjettframlegget for 2005, jf. kolonne E i tabell 2, må kommenterast/­grunngivast nærmare.

Budsjettframlegget for 2005 må utarbeidast i 2004-kroner. Utgifter og inntekter må balansere.

Med helsing

Kjell Myhren e.f.
ekspedisjonssjef

Even Fallan
rådgjevar

Vedlegg:

Skjemaet ”Budsjett 2005 - rekneskap 2003 m.m. – tilskotsinstitusjonar og faste tilskotsmottakarar under Kulturavdelinga"

Kopi: Fylkeskommunane