Rundskriv V-6N/2001

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Høyring - Tverrsamband - Rapport frå arbeidsgruppe for IT og andre sektorovergripande spørsmål innanfor bibliotek, arkiv og museum

Einslydande brev til adressatar,
j.f. vedlagd linkdoc121271#docliste

Nr.

Vår ref

Dato

V-6N

99/448 KU/KU3 IRO:ksl

21.05.2001

Høyring – Tverrsamband – Rapport frå arbeidsgruppe for IT og andre sektorovergripande spørsmål innanfor bibliotek, arkiv og museum

Kulturdepartementet (KD) sender med dette rapporten TverrsAMBand ut på høyring. Rapporten er skriven av ei interdepartemental arbeidsgruppe for IT og andre sektorovergripande spørsmål innanfor bibliotek, arkiv og museum, oppnemnd av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (KUF) og KD i mai 1999. Rapporten låg føre i mars 2001. Teksten er tilgjengeleg på Internett på adressa: linkurlhttp://odin.dep.no/kd/norsk/publ/rapporter/018031-220004#url_blankhttp://odin.dep.no/kd/norsk/publ/rapporter/018031-220004

Bakgrunnen for oppnemninga av arbeidsgruppa var ei erkjenning av dei utfordringane som både KUF og KD står overfor når det gjeld samordning og samarbeid innanfor dei tre sektorane arkiv, bibliotek og museum. Dette er særskilt viktig sett i lys av dei omleggingane som IKT-utviklinga har ført til og vil føre til i tida framover.

Mandatet for arbeidsgruppa var å kartleggje fellesområde for dei tre sektorane, peike på samordningstiltak, særleg i tilknyting til Kulturnett Noreg og etter- og vidareutdanningsreforma, dessutan foreslå tiltak for å skape synergieffektar for utdannings-, forskings- og kultursektoren. I samband med innføringa av ordninga med fakturering for fjernlån fekk arbeidsgruppa også i oppgåve å drøfte denne problematikken.

Vedlagt følgjer rapporten TverrsAMBand, samt ei liste over høyringsinstansar. Kommentarar og synspunkt kan sendast KD innan 1. august 2001.

Med helsing

Stein Sægrov e.f.
avdelingsdirektør

Ingunn Rotihaug
førstekonsulent