Rundskriv V-8/2001 N

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kulturdepartementet

Rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2001 Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2001

Til
statlege verksemder
under Kulturdepartementet

Nr.

Vår ref

Dato

V-8/2001N

2001/2108 AØ/Ø EAn

16.05.2001

Rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2001
Plan for forbruket i resten av budsjetterminen 2001

I. Rapport over forbruket pr. 30. juni 2001 og plan for forbruket vidare

Det skal utarbeidast ein halvårleg rapport over rekneskapen på postane 01 og 21, og ein tilsvarande rapport over inntektene. Målet med rapporteringa er å betre økonomistyringa og å unngå overskridingar i budsjetterminen. Det skal òg utarbeidast ein oversikt over årsverk.

For at departementet skal få oversyn over budsjettsituasjonen, både samla og ved den enkelte verksemda, ber vi verksemdene utarbeide rapport over rekneskapen pr. 30. juni 2001 og ein plan for korleis verksemda kan halde forbruket for resten av budsjetterminen 2001 innanfor den disponible budsjettramma på postane 01 og 21.

Følgjande skjema, jf. vedlegg, skal brukast ved rapporteringa:

- Skjema 1: Post 01 Driftsutgifter
- Skjema 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/Store utstillingar/- Arkeologiske og andre oppdrag
- Skjema 3: Inntekter
- Skjema 4: Oversikt over årsverk og lønnsutgifter

II. Merknad til skjema 1: Post 01 Driftsutgifter

Den budsjettramma som verksemda disponerer på post 01 i 2001, skal førast i kolonne 1. Ramma skal fordelast på underpostar slik det går fram av skjemaet.

Trygdeutgiftene, sjå underpost 01-18, skal utgjere 14,1 pst. av utgiftene under underpostane 01-11 - 01-17.

Utrekninga av den disponible budsjettramma på post 01 må spesifiserast nærmare, slik det går fram av pkt. a - g i skjemaet. Forutan beløp skal ein føre opp dato og journalnummer for brev om tildeling/innsparing av budsjettmidlar.

Overslaget over lønnsutgiftene for 2001 skal byggje på det faktiske lønnsnivået i 2001.

Verksemdene vil seinare få tildelt midlar til å dekke meirutgiftene som følgje av lønnsoppgjeret pr. 1. mai 2001. Lønnsmeirutgiftene i 2001 som følgje av dette oppgjeret, blir rekna ut sentralt. Dersom denne tildelinga ikkje dekker dei faktiske lønnsmeirutgiftene fullt ut, må verksemda sjølv dekke differansen innanfor den tildelte budsjettramma for 2001. Vi ber likevel verksemda føre opp sitt eige overslag over desse lønnsmeirutgiftene under pkt. i.

Midlar som verksemda har fått stilte til disposisjon gjennom posteringsfullmakt, skal inntektsførast under inntektspost 01 på same måten som andre ymse inntekter.

Meirinntekter under inntektspost 01 skal førast opp under pkt. f.

Bruken av meirinntekter er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrider den budsjettramma som verksemda har til disposisjon. Uheimla meirforbruk ved ein verksemd inneber at andre verksemder må bruke tilsvarande mindre.

Eventuelle mindreinntekter under inntektspost 01 førast òg opp under pkt. f.

Inntekter under inntektspostane 15, 16, 17 og 18 førast óg opp under pkt. f, jf. omtalen under pkt. IV nedanfor. Verksemda treng ikkje å søkje om samtykke til å bruke desse inntektene.

Dersom beløpet under pkt f. inneheld inntekter frå meir enn ein post, må beløpet spesifiserast på dei ulike inntektspostane i merknadsrubrikken.

Det er høve til å omdisponere inntil 5 pst. av den samla løyvinga på post 01 til investeringar under post 45. Omdisponeringsadgangen gjeld berre for eingongs- investeringar som ikkje krev oppfølging i seinare budsjettår, og godkjennast av departementet. Departementet sin fullmakt til å omdisponere midlar frå post 01 til investeringar under post 45 er knytt til det enkelte budsjettkapitlet. Når fleire verksemder får løyvd budsjettmidlar over same budsjettkapittel og -post, er det ein føresetnad at den enkelte verksemda ikkje overskrir den samla budsjettramma. Fullmakta kan berre brukast når det totale forbruket på budsjettkapitlet under post 01 viser nødvendig innsparing.

Eventuell søknad om omdisponering av midlar frå post 01 til investeringar under post 45 må grunngjevast nærmare. Beløpet førast opp under pkt. g.

Utgiftene i kolonne 2, 3 og 4 skal også fordelast på underpostar. Oppstillingane skal også inkludere trygdeutgifter under underpost 01-18.

III. Merknad til skjema 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/-
Store utstillingar/ Arkeologiske og andre oppdrag

Dei samla inntektene som verksemda disponerer på post 21 i 2001 skal førast i kolonne 1. Ramma skal fordelast på underpostar. Trygdeutgiftene under underpost 21-18 utgjer 14,1 pst. av utgiftene under underpostane 21-12 og 21-22.

Utrekninga av dei samla inntektene verksemda disponerer på post 21 spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 30.6.2001 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.7. - 31.12.2001, jf. pkt. a og b, samt omtale under pkt. IV nedanfor. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntekter som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2001.

Utgiftene i kolonne 2, 3 og 4 skal også fordelast på underpostar. Oppstillingane skal inkludere trygdegifter under underpost 21-18.

Ein føresetnad for oppdragsverksemda er at inntektene fullt ut dekker utgiftene. Fører verksemda likevel opp større utgifter enn det inntektene dekker, må ein grunngi dette særskilt.

I pkt. d i skjemaet skal verksemda føre den ramma for oppdragsinntekter som er stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for 2001.

IV. Merknad til Skjema 3: Inntekter

Dei samla inntektene som verksemda disponerer under inntektspostane 01, 02, 15, 16, 17 og 18 førast opp i dette skjemaet. Utrekninga av dei samla inntektene under dei ulike postane spesifiserast med ein sum for faktiske rekneskaps- førte inntekter pr. 30.6.2001 og ein sum for forventa inntekter i perioden 1.7. - 31.12.2001. Med forventa inntekter meiner departementet dei inntektene som truleg blir rekneskapsførte innan 31.12.2001.

Faktisk regnskapsførte oppdragsinntekter pr. 30.6.2001 og forventa oppdrags-inntekter for perioden 1.7. - 31.12.2001 overførast til Skjema 2, pkt. a og b. Forventa meir- eller mindreinntekter under inntektspost 01 overførast til Skjema 1, pkt. f. Forventa inntekter under inntektspostane 15, 16, 17 og 18 overførast også til Skjema 1, pkt. f.

V. Merknad til Skjema 4: Oversikt over årsverk og lønnsutgifter

Verksemdene kan ikkje tilsetje fleire tenestemenn i løpet av året enn at lønns- utgiftene, både for inneverande år og dei påfølgjande åra kan dekkast innanfor driftsbudsjettet. Departementet er pålagt ansvar for at dette blir følgt opp.

Talet på årsverk førast opp pr. 31.12.1999, 31.12.2000 og 30.06.2001. Talet på årsverk finansiert av oppdragsmidlar spesifiserast for seg. Utrekninga av talet på årsverk må omfatte samtlege tilsettingar pr. dei aktuelle datoane, dvs. fast tilsette, vikarar, engasjerte, mellombels tilsette m.v. Verksemda må nytte den same utrekningsmåten som ved innrapporteringa til det sentrale tenestemannsregisteret.

Både tabellen for talet på årsverk og tabellen for lønnsutgifter i pst. av dei samla driftsutgiftene skal fyllest ut.

VI. Spørsmål om og innsending av rapporten

Eventuelle spørsmål om rapporteringa må rettast til verksemda sin fagavdeling i Kulturdepartementet.

Rekneskapsrapporten skal sendast til verksemda sin fagavdeling i Kulturdepartementet innan 1. august 2001.

Med helsing

Henning Gorholt e.f.
ekspedisjonssjef

Einar Andersen rådgjevar

Vedlegg:

Skjema 1: post 01 Driftsutgifter (i 1 000 kr)

1
Til
disposisjon 2001

2
Forventa forbruk totalt for 2001

Spesifikasjon

3 4

Utgiftsført pr. 30.6.

Planlagt forbruk 1.7. - 31.12.

01-1 Lønn og godtgjersle

Stillinger
Ekstrahjelp
Bistillingar m.v.
Lærlingar, elevar m.v.
Reinhaldspersonale
Ledig
Styre, råd, utval

Sum desse underpostane
01-18 Trygder, pensjon

Ramme 01-1

01-2 Varer og tenester

01-21 - 01-28

Vanlege driftsutgifter og vedlikehald

01-29 Drift av bygningar

Ramme 01-2

Sum disponibel ramme under post 01 *)

Innsparing (+) / Overskriding (-)

*) Spesifisering av disponibel ramme post 01: Heimel (brev)

Dato Jnr Sendt frå

  1. Ordinær tildeling i 2001, inkl. trygd
  2. Særleg tildeling i 2001, inkl. trygd
  3. Lønnsregulering
  4. Overført frå 2000
  5. pålagd innsparing
  6. Meirinntekter (+)/-
    mindreinntekter (-)
  7. Omdisponering til post 45

h. Sum til disposisjon
(skal førast til kolonne 1)

Merknad:

i. Overslag over lønnsmeirutgifter som følgje av
lønnsoppgjeret pr 1. mai 2001:

Skjema 2: Post 21 Spesielle driftsutgifter/Store utstillinger/- Arkeologiske og andre oppdrag (i 1 000 kr)

Skjema 3: Inntekter

Skjema 4: Oversikt over årsverk og lønnsutgifter

Talet på årsverk

Pr. 31.12.1999

Pr. 31.12.2000

Pr. 30.06.2001

Talet på årsverk finansiert av midlar under post 01

Talet på årsverk finansiert av oppdragsmidlar

Sum årsverk

Lønnsutgifter i pst. av samla driftsutgifter under post 01

Rekneskap
1999

Rekneskap
2000

Pr. 30. juni
2001

pst.

pst.

pst.

1

2

Spesifikasjon

3 4

Løyvd

2001

Forventa

inntekt totalt

2001

Inntektsført

pr. 30.6.

Forventa

inntektsført

1.7. - 31.12.

Post 01
Ymse inntekter/ Inntekter ved Rikskonsertene/- Riksteatret

Post 02
Inntekter ved oppdrag/Store utstillingar/- Arkeologiske og
andre oppdrag*)

Post 15
Refusjon arbeids- marknadstiltak

Post 16
Refusjon fødselspenger

Post 17 Refusjon lærlingar

Post 18
Refusjon av sjukepengar

Meirinntekt (-) /Mindreinntekt (+) **)

*) Faktiske rekneskapsførte inntekter pr. 30.6.2001 og forventa inntekter i perioden 1.7. - 31.12.2001 skal også førast opp i Skjema 2 under pkt. a og b.

**) Meirinntekt/mindreinntekt under inntektspostane 01, 15, 16, 17 og 18 skal også førast opp i Skjema 1 under pkt. f.

Merknad:

(i 1 000 kr)

1
Til

disposisjon 2001

2
Forventa forbruk totalt for 2001

Spesifikasjon

3 4

Utgiftsført pr. 30.6.

Planlagt forbruk 1.7. - 31.12.

21-12 Lønn og godtgjersle
21-22 Varer og tenester

Sum desse underpostane
21-18 Trygder, pensjon

Sum disponibel ramme under post 21 *)

Innsparing (+) / Overskriding (-)

*) Spesifisering av disponibel ramme under post 21:

Beløp

a. Faktisk rekneskapsførte inntekter
pr. 30.6.2001


b. Forventa inntekter 1.7. - 31.12.2001

c. Sum til disposisjon
(skal førast til kolonne 1)

d. Tildelt inntektsramme i 2001

e. Meirinntekt (+) /
Mindreinntekt (-)

Merknad: