Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv V-9 N/2006

Statsbudsjettet 2006 — kap 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

Statsbudsjettet 2006 – kap 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda i kommunar med eitt sokn
Bispedømmeråda

Nr.

Vår ref

Dato

V-9 N/2006

2006/615 KIF obl

09.02.2006

Statsbudsjettet 2006 – kap 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

1. Innleiing

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2006, jf. St.prp. nr 1 (2005-2006) og Tillegg nr. 1 (2005-2006), gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på kr 81 470 000 under kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

I dette rundskrivet vert det gjort greie for premissane for løyvinga for 2006, og for fordelinga av løyvinga på sentrale tiltak og på fellesråda og sokneråda, sjå vedlegget til rundskrivet. Vi viser elles til rundskriv V-4N/2005 av 26. januar 2005 om tilskottet for 2005.

2. Målsettinga med statstilskottet – disponeringa i 2006

Målsettinga med statstilskottet er omtala slik i St.prp. nr. 1 (2005-2006), jf. kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon og kommentaren til post 72:

”Målsettingen med tilskuddet er å styrke det økonomiske grunnlaget for den kirkelige virksomheten lokalt, utover kommunenes utgiftsforpliktelser etter kirkeloven.”

I budsjettkommentaren til post 72 for 2006 heiter det mellom anna:

”I forståelse med Kirkerådet og den kirkelige arbeidsgiver- og interesseorganisasjonen KA har det fra bevilgningen de senere år vært avsatt midler til sentrale tiltak som kan gi utgiftsbesparelser, effektiviseringsgevinster eller lettelser for den lokale kirkeforvaltningen. Kirkebyggene har vært særlig prioritert i denne sammenheng.”

I proposisjonen er det vist til at det av budsjettposten har vore sett av midlar til ei felles forsikringsordning for kyrkjebygg, med sikte på å etablere ei ordning som mellom anna kan gi økonomiske vinstar for den einskilde kyrkjeeigar. Ordninga har ført til ein vesentleg reduksjon i premiane for dei kyrkjer som er med. Forsikringstilbydarar har i stor grad redusert premiane for dei kyrkjene som ikkje er med i den sentrale ordninga.

Andre sentrale tiltak som vert finansiert frå budsjettposten, er den nasjonale kyrkjebyggdatabasen og energiøkonomiseringsprosjekt for kyrkjebygga. Kyrkjedatabasen skal styrke innsatsen og auke profesjonaliteten i den lokale kyrkebyggforvaltinga. Energiøkonomiseringsprosjektet, som òg femner om termografering av kyrkjene (metode for å kartleggje manglar ved el-sikringa), har vist at formidling av kunnskap og opparbeiding av kompetanse på området har målbare konsekvensar i form av redusert og betre tilpassa energiforbruk.

Vi nemner elles at det for 2006 mellom anna vart foreslått å avsette midlar til delvis frikjøp av kyrkjelydane for kopieringsavgift til Kopinor, inklusive midlar til å dekke utgifter til kopieringsundersøking. Bakgrunnen er å få eit grunnlag for revisjon av den sentrale avtalen om kopiering i kyrkja.

I St.prp. nr. 1 (2005-2006) var fordelinga av løyvinga under posten stilt opp slik:

(i 1 000 kr)

2005

2006

Andel av premie til sentral forsikringsordning, kirkebygg

17 000

17 000

Brann- og innbruddsforebyggende tiltak, kirkebygg

3 000

3 000

Kirkebyggdatabasen

4 750

5 000

Energiøkonomiseringstiltak, kirkebygg

1 000

1 500

Tilskudd til Norsk institutt for kulturminneforskning innen kirkebyggfeltet

1 000

Kopieringsavgift og –undersøkelse

2 500

Ansvars- og ulykkesforsikring for de kirkelige fellesrådene

1 250

1 250

Lokalt medlemsregister

800

900

Driftstilskudd til de kirkelige fellesrådene

64 700

60 350

Sum

92 500

92 500

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) vart det oppførde driftstilskottet til fellesråda foreslått redusert frå kr 60 350 000 til kr 49 520 000, dvs. med kr 10 830 000. Ved behandlinga av budsjettet for 2006 gjorde Stortinget vedtak om dette. I tillegg gjorde Stortinget vedtak om at dei oppførde midlane til kopieringsavgift og -undersøking vart redusert med kr 200 000 til fordel for det kyrkjelege ressurssenteret mot vold og overgrep.

Departementet viser til dette. Slik det går fram, vil driftstilskottet til dei kyrkjelege fellesråda for 2006 vere på kr 49 520 000. Avsettinga til sentrale tiltak vil vere som ført opp i St.prp. nr. 1 for 2006, med den endringa som er nemnd over.

Departementet vil understreke at dei sentrale avsettingane samla sett gir store vinstar for dei kyrkjelege fellesråda og kyrkjesektoren, at dei i hovudsak er retta mot kyrkjebygga og at fordelinga har vore drøfta med Kyrkjerådet og KA.

3. Fordelinga av tilskottet i 2006

Fordelinga av tilskottet på fellesråda/sokneråda for 2006 vil følgje same prinsipp som tidlegare år, med eit grunntilskott og elles fordelt etter innbyggjartalet, dvs. ikkje etter talet på medlemene i kyrkja, slik det vart tatt til orde for i rundskriv V-4N/2005. Grunntilskottet for 2006 er kr 74 000 til kvart fellesråd/sokneråd. Resterande del er tildelt proratarisk etter innbyggjartalet i 2005. Den prosentvise reduksjonen frå 2005 til 2006 er dermed den same for alle fellesråd/sokneråd. Fordelinga av tilskottet på fellesråda/sokneråda går fram av vedlegget til dette rundskrivet.

4. Utbetaling av tilskottet, rapportering mv.

Bispedømmeråda vil betale ut tilskottet til fellesråda/sokneråda. Bispedømmeråda vil gjennom særskilt brev til mottakarane av tilskottet opplyse om utbetalingsterminar mv.

Som følgje av at statstil­skottet er eit generelt driftstilskott, har ikkje departementet stilt krav om særskilt rapportering om bruken av tilskottet. Vi viser til at rekneskapane frå fellesråda og sokneråda skal rapporterast til Statistisk sentralbyrå (SSB) etter dei kravspesifikasjonar som vert fastsette, jf. i denne samanhengen SSB’s brev i november 2005 som gjeld rekneskapsåret 2005.

Med helsing

Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør

Ole Bernt Langset
seniorrådgjevar

Vedlegg

Kopi:
Kyrkjerådet
KA
Statistisk Sentralbyrå