Rundskriv V-9N/2004

Tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, jf. kap. 340, post 72 (02.03.2004)

Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråda i kommunar med eitt sokn
Bispedømmeråda

Nr.

Vår ref

Dato

V-9N/2004

04/490 KIF obl

02.03.2004

Statsbudsjettet 2004 – kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane – kyrkjerekneskapane for 2002

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2004 gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på 95 mill. kroner under kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane.

I dette rundskrivet vert det gjort greie for premissane for løyvinga for 2004, og for fordelinga av løyvinga på sentrale tiltak og på fellesråda og sokneråda, sjå vedlegg 1. Ein presentasjon av hovudtala frå kyrkjerekneskapane frå 2002 er i tillegg innarbeidd som vedlegg til rundskrivet. Vi viser elles til rundskriv V-9/2003 av 27. februar 2003 om tilskottet for 2003.

1. Tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, jf. kap. 340, post 72

1.1 Målsettinga for statstilskottet. Fordelingsnøklar

Målsettinga for statstilskottet er omtalt slik i St.prp. nr. 1 (2003-2004), jf. kap. 340 Kyrkjeleg administrasjon og kommentaren til post 72:

”Målsettingen med tilskuddet er å styrke det økonomiske grunnlaget for den kirke-lige virksomheten lokalt, utover kommunenes utgiftsforpliktelser etter kirkeloven. Tilskuddet er et generelt driftstilskudd til de kirkelige fellesrådene som har stor frihet i disponeringen av midlene.”

I budsjettkommentaren til post 72 heiter det vidare:

”Bevilgningsforslaget for 2004 er på 100 mill. kroner. Også for 2004 vil det være aktuelt å avsette beløp til forsøks- og utviklingstiltak som kan virke effektiviserende og gi utgiftsbe­sparende virkninger for sektoren. I første rekke vil dette gjelde midler til delfinansiering av en felles forsikringsordning for kirkebygg. Som nevnt i St. prp. nr. 1 (2002-2003) kan det være aktuelt at 10-15 mill. kroner av bevilgningen anvendes til dette. Fordelingen av bevilgningen mellom sentrale tiltak og driftstil­skudd til fellesrådene vil departementet drøfte bl.a. med Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon, herunder kriteriene for tildeling av driftstilskuddet.”

Som nemnt gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på 95 mill. kroner under kap. 340, post 72.

Departementet har innhenta synspunkt frå Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) og Kyrkjerådet i spørsmålet om avsetting av midlar til forsøks- og utviklingstiltak. Etter dette er det bestemt at i alt 7,4 mill. kroner av løyvinga på 95 mill. kroner skal avsetjast til slike tiltak. Av summen på 7,4 mill. kroner er ca. 4,3 mill. kroner øyremerkte til arbeidet med å etablere ein kyrkjedatabase og felles forsikrings­ordning for kyrkjene. Nær 0,6 mill. kroner er øyremerkte til sentral innbetaling av premien for ansvars­forsikringa for fellesråda og sokneråda og til eit utviklingsprosjekt for energiøkonomi­sering (kyrkjebygg). Dei resterande 2,5 mill. kroner skal nyttast til andre forsøks- og utviklingstiltak, som vil bli vurderte etter drøftingar med Kyrkjerådet og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon.

I og med den sentrale avsetjinga, skal i alt 87,6 mill. kroner av løyvinga på 95 mill. kroner tildelast fellesråda/sokneråda. I tråd med tilråding frå KA er det bestemt at midlane skal fordelast med eit grunntilskott på kr 130 000 til kvart fellesråd, medan resten skal fordelast proporsjonalt med talet på inn­byggjarar i kommunen. Ved denne fordelinga er det lagt vekt på at den generelle reduksjonen som fellesråda får i det statlege driftstilskottet frå 2003 til 2004 (ca. 9 pst.), skal fordele seg relativt likt råda imellom. Fordelinga av tilskottet på fellesråda går fram av vedlegg 1.

1.2 Utbetaling av tilskottet, rapportering mv.

Bispedømmeråda vil utbetale tilskottet til fellesråda/sokneråda. Bispe­dømmeråda vil gjennom særskilt brev til mottakarane av tilskottet opplyse om utbetalings­terminar mv.

Som følgje av at statstil­skottet er eit generelt driftstilskott, har ikkje departementet stilt krav om særskilt rapportering om bruken av ­tilskottet. Vi viser til at rekneskapane frå fellesråda og sokneråda skal rapporterast til Statistisk sentralbyrå (SSB) etter dei kravspesifikasjonar som vert fastsette, jf. i denne samanheng brev 5. februar d.å. frå SSB som gjeld rekneskapsåret 2003.

2. Kyrkjerekneskapane 2002

I rundskriv V-9/2003 presenterte departementet oversikter og tal frå dei kyrkjelege rekneskapane for 2001. I vedlegg 2 til rundskrivet er no hovudtala frå dei kyrkelege rekneskapane for 2002 presenterte, etter same mønster som tidlegare år.

Med helsing

Jørn Hagen e.f.
avdelingsdirektør

Ole Bernt Langset
rådgiver

Vedlegg 1
Vedlegg 1 (i pdf-format)

Kopi:
Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon
Kyrkjerådet
Statistisk sentralbyrå
Stiftelsen Kirkeforskning
Riksrevisjonen seksjon 4.1