Rundskriv V-9N/2007

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

Dei kyrkjelege fellesråda

Sokneråda i kommunar med eitt sokn

Bispedømmeråda

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-9N/2007

2006/07768 KIF obl

09.03.2007

 

Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2007 gjorde Stortinget vedtak om ei løyving på kr 70 200 000 under kap. 340, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane. Budsjettvedtaket til Stortinget var i samsvar med framlegget i St.prp. nr. 1 (2006–2007).

 

I rundskriv V-25N/2006 av 28. november 2006 gjorde departementet greie for målsettinga og premissane for løyvinga for 2007, og for fordelinga av løyvinga på driftstilskott og på sentrale tiltak, mellom anna til den felles forsikringsordninga for kyrkjebygga og kyrkjebyggdatabasen. I rundskrivet no vert det orientert om fordelinga av driftstilskottet på dei kyrkjelege fellesråda/sokneråda i kommunar med eitt sokn, jf. vedlegget til rundskrivet der fordelinga er vist.

1.      Fordelinga av tilskottet i 2007

I vårt rundskriv V-25N/2006 av 28. november 2006 vart det mellom anna vist til postkommentaren i St.prp. nr. 1 (2006–2007), der det heiter:

 

”Det generelle driftstilskuddet til de kirkelige fellesrådene er 49,5 mill. kroner i 2006. Tilskuddet foreslås videreført med 44,1 mill. kroner i 2007. Hoveddelen av fellesrådenes inntektsgrunnlag er de kommunale overføringane. Det vises i denne sammenheng til økningen i kommunenes frie inntekter i 2006 og kommuneopplegget for 2007, som innebærer en styrking av kommuneøkonomien. Kriteriene for tildelingen av driftstilskuddet til fellesrådene vil departementet drøfte med Kirkerådet og den kirkelige arbeidsgiver- og interesseorganisasjonen KA, bl.a. i lys av de særlige utfordringene som er knyttet til kirkeøkonomien og kirkeforvaltningen i de minste fellesrådene.”


Av løyvinga under posten for 2007 er det dermed kr 44
 100 000 som skal fordelast som drifts­tilskott. Fordelinga skal gå føre seg etter det same prinsippet som har vore gjeldande tidlegare år, dvs. med eit grunntilskott til kvart fellesråd og elles etter innbyggjar­talet. I lys av dei særlege utfordringane som er knytt til kyrkjeøkonomien og kyrkjeforvaltinga i dei minste fellesråda, dvs. område med låge innbyggjartal, er grunntilskottet for 2007 sett til kr 75 000. Fellesråda/sokneråda i kommunar med låge innbyggjartal vil dermed få om lag det same tilskottet i 2007 som i 2006.

2.      Utbetaling av tilskottet, rapportering mv.

Bispedømmeråda vil betale ut tilskottet. Bispe­dømmeråda vil gjennom særskilt brev til mottakarane av tilskottet opplyse om utbetalings­terminar m.m.

 

Som følgje av at statstil­skottet er eit generelt driftstilskott, har ikkje departementet stilt krav om særskilt rapportering om bruken av ­tilskottet. Vi viser til at rekneskapane frå fellesråda og sokneråda skal rapporterast til Statistisk sentralbyrå (SSB), jf. i denne samanhengen brevet frå SSB i januar 2007 som gjeld rekneskapsåret 2006.

 

Med helsing

 

 

Jørn Hagen e.f.

avdelingsdirektør

 

Ole Bernt Langset

seniorrådgjevar

Vedlegg

 

Statsbudsjettet 2007 – Kap. 340 post 72 tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane - fordeling