Skolevalg 2001 -vedlegg 2

Vedlegg 2 til rundskriv F-30-01

INFORMASJON TIL SKULANE

Skuleval ved vidaregåande skular føre Stortingsvalet 2001

Opplegget for Skuleval 2001 ved dei vidaregåande skulane vil i hovudtrekk verte som ved tidlegare skuleval. Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) står som nasjonal arrangør og koordinator for skulevalet, etter førespurnad frå KUF.

Skulevalet er samansett av to delar, eit prøveval og ei valundersøking. Ved Stortingsvalet 1997 deltok 424 vidaregåande skular med til saman 144 000 elevar i skulevalet.

Prøveval ved skulane

Prøvevalet skal gjennomførast seinast måndag 3. september og mest mogleg likt det ordinære Stortingsvalet. Skulen rapporterer inn valresultata til NSD. Valresultata vert presentert i media 3. september frå kl. 19:00, samstundes som landsresultat, fylkesresultat og resultat frå den enkelte skulen vert lagt ut på Internett. For å komme med i presentasjonar må skulen vere påmeldt til valet og ha registrert inn resultata hjå NSD innan kl. 18.00 den 3. september. Medan skulane tidlegare har ringt inn resultata til NSD, legg vi no opp til at skulane registrerer valresultata via Internett. Dei skulane som ikkje har høve til on-line registrering skal krysse av for dette på vedlagte påmeldingsskjema. Nærare informasjon om registrering via Internett vert sendt til skulane etter påmeldinga.

Valundersøking

Som ved tidlegare skuleval inviterer vi skulen til å ta del i ei valundersøking i samband med prøvevalet. Dette er ei spørjeundersøking som inneheld spørsmål om elevanes sitt tilhøve til val og politikk. Spørjeskjemaet er utarbeida i nært samarbeid med norske valforskarar. Undersøkinga skal gjennomførast i klasserommet etter at elevane har røysta i prøvevalet. Alle elevane på skulen kan ta del i undersøkinga.

Skulen legg sjølv inn resultata frå spørjeundersøkinga ved hjelp av statistikkprogrammet NSDstat Skole, og sender desse elektronisk til NSD som samordnar undersøkinga. Skulen vil få god oppfølging av NSD undervegs.

Programvara kan skaffast frå NSD. Dersom skulen ynskjer å ta del i valundersøkinga, men ikkje har skaffa seg NSDstat Skole, sender NSD vederlagsfritt den delen av programmet (Databygger) som skulen treng for å ta del i valundersøkinga. Skulane vil få tilsendt bestillingsskjema.

Kunnskapstorg

NSD vil innan skulestart byggje opp eit Kunnskapstorg på Internett med tema "Ungdom og politikk". Kunnskapstorget vil m.a. innehalde ein komplett resultatdatabase frå prøvevala, ein spørsmålsdatabase frå skulevala sine valundersøkingar og eit konferanserom reservert ungdom; med diskusjonsgrupper om aktuelle politiske tema og valdeltaking. Skulevala har frå det første prøvevalet vart halde i 1989 medverka til eit omfattande materiale som gjev auka kunnskap om ungdom sine partipreferansar og deira høve til politikk. Skulen si deltaking i prøvevalet og i valundersøkinga er viktig m.a. av di det medverkar til å byggje vidare på dette unike materialet. Målet med Kunnskapstorget er å gjere materialet frå skulevala tilgjengeleg for ungdommen på ein måte som skapar interesse og engasjement.

Påmelding til Skuleval ’01 skjer på vedlagte påmeldingsskjema. Skulen kan velje mellom å ta del i prøvevalet, eller å ta del både i prøvevalet og i valundersøkinga. Frist for påmelding er fredag 1. juni.

Skulen vil etter påmelding raskt få tilsendt meir informasjon om Skuleval ’01. NSD har etablert eit informasjonstilbod om Skuleval ’01 på Internett:

http://www.nsd.uib.no/skolevalg

Har skulen spørsmål om Skuleval ’01, ta kontakt med NSD på tlf. 55 58 21 17.