Søknad om ny vurdering - Skjønsmidlar til Lærdal Energi AS

Syner til brev av 13.11.2014 med ynskje om ny vurdering av søknad om skjønsmidlar som kompensasjon for utgifter Lærdal Energi AS hadde i samband med storbrannen i Lærdal i januar 2014. De søkjer om å få kompensert 2,7 mill. kroner til etablering av mellombels straumforsyning den fyrste veka etter brannen.

Departementet har tidlegare avslått å tildele skjønsmidlar som kompensasjon for utgifter Lærdal Energi AS har hatt. Kommunen syner i ny søknad til at etablering av mellombels straumforsyning vart utført etter oppdrag frå kriseleiinga i kommunen.

Departementet har no vurdert saka på ny.

Departementet kan gje skjønsmidlar som kompensasjon for ekstraordinære kommunale utgifter til handtering av den akutte krisesituasjonen, samt til reparasjonar av øydelagd infrastruktur. Det er i dette tilfellet energiselskapet, Lærdal Energi AS, som har hatt utgiftene til å etablere mellombels straumforsyning.

Lærdal kommune syner til at dei ikkje har kunne ta utbytte frå Lærdal Energi AS, som budsjettert i 2014, og at dette skuldast dei ekstra kostnadane Lærdal Energi AS hadde i samband med brannen.

Departementet har ikkje funne grunnlag for å gjere om på beslutninga om kompensasjon til Lærdal Energi AS. Den viktigaste grunngjevinga for dette er at det er energiselskapet som har hatt utgiftene og ikkje kommunen. Det er etter departementets vurdering ikkje relevant om kommunen har tatt initiativ til å gjenopprette straumforsyninga eller ikkje.

Departementet kompenserer heller ikkje for tapte inntekter som følgje av at overskot i næringsverksemd varierer frå eit år til eit anna. Til sist legg vi vekt på lik handsaming av kommunar ved naturskade: Andre kommunar som har hatt tap av inntekter som følgje av naturskade, har heller ikkje fått kompensasjon for dette.

Med helsing

Grete Lilleschulstad (e.f.)
underdirektør
Hilde Marie Skarvang
seniorrådgivar

 

Dette dokumentet er elektronisk godkjent og blir sendt utan signatur

 

Kopi til:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Njøsavegen 2
6863
LEIKANGER