St.prp. nr. 67 (1995-96)

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1996-97

St prp nr 67 (1995-96)

Om regulering av opptaket til studium ved universiteta studieåret 1996-97

Tilråding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet av 10. mai 1996, godkjend i statsråd same dagen.



1. BAKGRUNN OG SAMANDRAG

I følgje § 39 i lov om universitet og høgskolar av 12. mai 1995 kan studentopptaket til institusjon under lova regulerast/avgrensast etter forslag frå styret for institusjonen, dersom det er nødvendig av omsyn til kapasiteten eller ressurssituasjonen eller etter ei samla vurdering av utdanninga i landet. Etter same regel skal Stortinget samtykkje i vedtak om opptaksregulering av studium ved universiteta.

Regjeringa legg med dette fram proposisjon om opptaksregulering av studium ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Forslag om opptaksrammer er baserte på vurderingar av kapasiteten i dei aktuelle utdanningane på bakgrunn av statistikk om studiesøkninga, samt vurderingar av utviklinga når det gjeld avgang/fråfall i studia og tilgang av nye studentar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har behandla søknadene om opptaksregulering på grunnlag av tilråding frå dei enkelte universitetsstyra. Dessutan har Det norske Universitetsråd gjeve ei supplerande utsegn i saka ved brev til departementet 17. april 1996.

Regjeringa legg til grunn at sentrale politiske mål for fastsetjing av kapasiteten i høgre utdanning er:

  • å gje tilbod til flest mogleg kvalifiserte utdanningssøkjande, i tråd med individuelle ynske og det behov samfunnet har for høgt utdanna arbeidskraft
  • å ta i vare kvalitetskrav i studium og læringsmiljø og leggje til rette for at studium kan gjennomførast til normert tid.

Desse måla inneber at det er ynskjeleg å halde oppe eit høgt opptaksnivå i dei mest etterspurde studia, utan at kvaliteten i tilboda blir forringa, samtidig som det blir lagt til rette for ei best mogleg utnytting av den samla studiekapasiteten i landet.

På dette grunnlaget går Regjeringa inn for at den nasjonale opninga som vart gjennomførd for studieåret 1995-96 for studium av lågare grad under dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta (allmennfakulteta), skal gjelde også for studieåret 1996-97. For at den samla studiekapasiteten i dei aktuelle studia skal kunne utnyttast best mogleg på nasjonal basis, er det Regjeringa sitt syn at den nasjonale opninga også må omfatte dei høgskolane som tilbyr HF-, SV- og MN-fag på lågare grad. Vidare legg Regjeringa til grunn at ei nasjonal opning hausten 1996 må, som i 1995, innebere at søkjarane til dei aktuelle studia vert fordelte på studiestadene etter kapasitet. Det vert òg lagt til grunn at styret for institusjonen får fullmakt til å fordele studentane pE5† enkelte fag innanfor dei tildelte rammane for opptak.

2. UTVIKLING I SØKNING OG OPPTAK TIL HØGRE UTDANNING

2.1. NYE STUDIEPLASSAR

Veksten i talet på studieplassar det siste tiåret har samanheng med dei store ungdomskulla, aukande studiefrekvens og større etterspurnad etter høgt utdanna arbeidskraft på arbeidsmarknaden. I tidsrommet 1991 til 1995 har det totale studentmåltalet auka frå 137 622 til 170 313. I heile perioden har dei fire universiteta hatt om lag 45 pst. av den samla studentpopulasjonen.

Dei 6 228 nye studieplassane som totalt blei oppretta i 1995, blei i tråd med politiske føringar i all hovudsak nytta til å auke opptaket av nye studentar til førskole- og allmennlærarutdanninga og helsefagutdanninga ved statlege høgskolar, helseprofesjonsstudium og hovudfag ved universiteta, samt til å opprette 4 500 studieplassar til nasjonal opning av HF-, SV- og MN-fakulteta (heretter kalla allmennfakulteta).

Førskolelærar- og allmennlærarutdanningane blei prioriterte for å følgje opp reformene i barnehage og opplæringsektoren. Det blei også spesielt satsa på studieplassar som fører fram til yrke i helse- og sosialsektoren der det i dag er mangel på fagutdanna personell. Hovudfag blei prioritert grunna den store underdekkinga av studieplassar på hovudfagsnivå i forhold til lågare grad.

Nasjonal opning av universiteta hausten 1995 innebar at alle som hadde søkt eitt av dei tre allmennfakulteta innan søknadsfristen, men ikkje fått studieplass i det ordinære opptaket, fekk tilbod om plass ved eitt av desse fakulteta ved eitt av universiteta. Dersom søkjaren takka nei til tilbodet, fekk vedkommande ikkje nytt tilbod ved anna studiestad.

Verknaden av nasjonal opning hausten 1995 viser pr. januar 1996 at talet på førstegongsregistrerte studentar ved allmennfakulteta er lågare enn den endelege opptaksramma gav rom for. Ein stor del av dei nye studieplassane synes å ha gjeve opptak til søkjarar som tidlegare har vore registrerte som privatistar. Generelt synes det òg å vere eit relativt høgt fråfall i løpet av det første studieåret blant dei studentane som kom inn i samband med nasjonal opning. Rett nok har både NTNU og Universitetet i Oslo tatt opp fleire studentar enn auken i opptaksramma. NTNU tok inn alle kvalifiserte søkjarar og fekk vel 600 fleire nye studentar enn det var oppretta studieplassar for, ved desse fakulteta. Universitetet i Tromsø derimot, har samla sett ein nedgang i studenttalet på studium av lågare grad. Her vert dei nye studieplassane såleis ikkje på langt nær fylte av nye studentar på lågare grad.

2.2 FINANSIERING AV STUDIEPLASSAR OG STUDIEKVALITET

Den sterke veksten i opptakskapasiteten sidan 1990 har blitt finansiert gjennom at det har blitt gjeve midlar til nye studieplassar, og har såleis medført ein vesentleg budsjettvekst i sektoren. Dei nye studieplassane har i hovudsak gått til å auke opptaket i utvalde studium eller opprette nye studietilbod, og ikkje til å føre vidare eit allereie auka opptak frå tidlegare oppretta studieplassar i dei fleirårige studia. Denne utviklinga har gjort det nødvendig å effektivisere studieopplegg og omdisponere mellom studium.

Studentveksten dei siste åra har gjort det spesielt viktig å fokusere på tiltak for å halde oppe kvaliteten i studia. Studiekvalitet er eit mål i seg sjølv, men også eit middel for å oppnå betre studieprogresjon og dermed gjere det mogleg å ta opp fleire studentar. Departementet har i fleire år løyvd incentivmidlar til ulike studieforbetrande tiltak, og institusjonane er pålagde å leggje vekt på slike tiltak innan tildelt budsjettramme.

2.3 SØKNING TIL HØGRE UTDANNING

Søkninga til høgre utdanning har auka i første halvdel av 90-talet. Den totale søkjarmassen er framleis høg i forhold til opptakskapasiteten, men gikk monaleg ned i 1995. Misforholdet mellom talet på søkjarar og talet på studieplassar er størst for dei prioriterte studia som førskole- og allmennlærararutdanningane og helse- og sosialfagsutdanningane.

Det er òg stor variasjon mellom ulike studium, der særleg ingeniørutdanninga skil seg ut med overkapasitet i forhold til søkninga. Også Universitetet i Tromsø har ledig kapasitet på lågare grad.

Av totalt 101 255 søkjarar i 1995 søkte ca. 52 000 bare til høgskolar mens ca. 24 000 bare søkte universitetsstudium. Det er helse- og sosialfaga ved høgskolane som har dei lengste søkjarkøane, dei fleste attergangarane, samt dei søkjarane som ikkje søkjer andre utdanningstypar. Som det går fram ovanfor kom dei fleste nye studieplassane i 1995 innanfor studium av lågare grad ved universiteta. Den nasjonale opninga auka dermed ubalansen mellom universitets- og høgskolestudium når det gjeld tilbod og etterspurnad. Frå 1994 til 1995 blei likevel talet på kvalifiserte søkjarar utan studietilbod redusert med over 10.000.

Utvikling i søkninga ved universitet og høgskolar1)>

1991

1992

1993

1994

1995

1996
(April)

Tal på søknader

513.232

658.285

828.354

944.329

755.577

639.130 2)

Tal på søkjarar

88.792

96.094

106.925

109.054

101.255

98.000 2)

Tal på søkjarar 19-24 år

64 440

69 117

76 282

78 218

74 284

76.257 2)

Prosent av totalen, søkjarar 19-24 år

72,6 pst

71,9 pst

71,3 pst

71,7 pst

73,4 pst

77,8 pst 2)

Tal på kvalifiserte søkjarar

81.222

85.598

94.538

97.116

83.884


Tal på kvalifiserte søkjarar med tilbod

58.341

62.707

70.280

71.602

69.043


Tal på kvalifiserte søkjarar utan tilbod

22.881

23.223

25.054

25.514

14.841


Tal på personar møtt til studiestart

37.821

39.824

43.966

41.907

45.624


1)> Kjelde: Samordna opptak
2) > Estimat rekna av 90 pst behandla søknader, desse tala omfattar ikkje Arkitekthøgskolen og enkelte private høgskolar, mellom anna BI og Menighetsfakultetet.

Tala for 1995 kan ikkje jamførast direkte med tala for 1996 jf fotnote 2)>.

I 1996 er dei fleste grunnutdanningar ved universitet og høgskolar samla i eit felles nasjonalt opptak. Føremålet er å koordinere og forenkle opptaket for å oppnå ei betre utnytting av studiekapasiteten nasjonalt, samt hjelpe den enkelte søkjar til å få oppfylt eit prioritert studieynske. Som eit ledd i samordninga nyttast det ved opptaket i år eit felles søknadsskjema.

Førebels behandling av søknadsskjema gjev eit estimat på omlag 98 000 søkjarar totalt, til høgre utdanning i 1996. Jamførbare tal for same tidspunkt i fjor er etter justering 96 879. Dette viser at ein totalt sett forventar ein liten auke i søkjartalet jamført med i fjor. Det vil først i slutten av juli bli klart kor mange av søkjarane som er kvalifiserte for opptak. Dette skuldast at ein stor del av søkjarane avsluttar vidaregåande utdanning i 1996 og har frist for å sende inn sine vitnemål innan 1. juli.

Dei førebels tala viser vidare at 29 424 søkjarar har søkt minst eitt av dei historisk-filosofisk, samfunnsvitskaplege eller matematisk-naturvitskaplege fakulteta ved universiteta. Av desse er det registrert 13 325 personar som har eitt allmennfakultet som første val. Dette svarar til om lag 14,5 pst av alle søknadene som til no er tolka. 7 932 av desse, det vil seie at vel 59,5 pst av dei som ynskjer plass på eitt allmennfakultet, har søkt til Universitetet i Oslo.

2.4 BEHOV OG ETTERSPURNAD PÅ LENGRE SIKT

Årskulla av 19-åringar er no på mellom 50 000 og 55 000, og vil halde seg på dette nivået fram til år 2000. Årskulla av 19-25 åringar vil derimot gå ned i same periode. Deretter stig kulla til rundt 60 000. I 1995 søkte 31 pst. av alle 19-åringar opptak til høgre utdanning, mens delen i 1991 var 23 pst.

Utviklinga i søkjartalet og tal på personar 19 år1)>

1991

1992

1993

1994

1995

1996
(April)

Tal på søkjarar 19 år

14 674

16 487

17 377

17 248

16 749

18 150 3)

Tal i årskull 19 år 2)

64 260

61 208

59 603

56 345

53 474

50 877

Del av årskull som søkjarar (pst.)

22,84

26,94

29,16

30,61

31,32

35,67 3)

1)> Kjelde: Samordna opptak.
2)> Tal på levandefødde i det aktuelle årskull. Kjelde: SSB, statistisk årbok.
3) > Estimat rekna av 90 pst behandla søknader.

Førebels tal viser at delen av 19-åringar som søkjer høgre utdanning aukar frå 1995 til 1996.

Som følgje av at fleire ventar eitt eller fleire år med å søkje, kan ein rekne med at minst 40 pst. av eit årskull før eller sidan tek fatt på høgre utdanning. Med Reform 94 og fleire vegar til studiekompetanse kan denne delen kome til å auke.

Den totale søkninga til høgre utdanning blir også påverka av utsiktene på arbeidsmarknaden generelt og for akademikarar spesielt. Arbeidsløysa hos personar mellom 20 og 64 år med lengre høgre utdanning var i 1994 på 1,6 pst. mens den for heile gruppa var på 5 pst. (Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøkelser (AKU)).

Det er ulike mekanismar som ligg til grunn for dimensjonering av studiekapasitet. I større grad enn for andre utdanningsområde er tilbodssida i arbeidsmarknaden for helse- og sosialfag ein verknad av politisk styring. Opptakskapasiteten i desse utdanningane blir derfor snarare tilpassa behova slik styresmaktene ser dei, enn individuelle studieynske. Teknologiske studium er på liknande måte dimensjonerte ut frå overslag om arbeidslivet sitt behov. I naturvitskaplege og teknologiske studium er det no låg søkning, og i ingeniørutdanninga er ledige studieplassar akkumulerte gjennom fleire år. Vi har likevel ikkje grunn til å tru at overkapasiteten i ingeniørutdanninga i dag tyder på at samfunnet framover vil ha mindre behov for ingeniørar.

I ein del andre studium ved universiteta og høgskolane er kapasiteten endra i takt med etterspurnaden frå dei utdanningssøkjande. Desse studietilboda har dermed teke imot dei store ungdomskulla som har søkt høgre utdanning dei seinare åra.

3. OPPTAKET HAUSTEN 1996

3.1 VENTA KAPASITET

I samband med handsaminga av St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1995-96), jf. Budsjett-innst. S II (1995-96) ga Stortinget ei løyving på 50 mill. kroner til nye studieplassar til medisin, psykologi og hovudfag. Departementet har i tråd med dette med verknad frå hausten 1996 fordelt 75 nye studieplassar i medisin og 12 nye studieplassar i psykologi, og vedteke å opprette 524 nye studieplassar på hovudfag. Plassane på hovudfag vert fordelte på dei fagfelta der behovet er størst. Regjeringa har dessutan i samband med forslag til revidert nasjonalbudsjett for 1996 gjort framlegg om at det innanfor ei ramme på 70 mill. kroner blir oppretta 1 547 nye studieplassar ved dei statlege høgskolane. Desse studieplassane vil i hovudsak bli nytta til å vidareføre det auka opptaket frå i fjor på prioriterte utdanningar som førskole- og allmennlærarutdanning og helse- og sosialfaglege utdanningar, og til ytterlegare auka opptak spesielt til førskolelærarutdanninga. Høgskolane skal òg så langt som råd omdisponere studieplassar innanfor eiga ramme til prioriterte utdanningar. Denne omdisponeringa og dei nye studieplassane som ein gjer framlegg om å opprette, fører til at opptaket til dei prioriterte utdanningane kan haldast på same nivå som hausten 1995 og at opptaket til førskolelærarutdanninga kan auke. Dei nye studieplassane gjer det òg mogleg å vidareføre den nasjonale opninga ved universiteta hausten 1996.

Avgjerande for opptakskapasiteten er, ved sida av nye studieplassar som blir oppretta, kor mange studentar som sluttar i høve til tidlegare år. Departementet har nytta ein kalkulert storleik for opptakskapasiteten ved universitet og høgskolar basert på nye studieplassar som er oppretta eller er foreslått oppretta og ein estimert avgang av studentar. Auka avgang/fråfall inneber at fleire nye studieplassar blir frigjevne for nye studentar. Nedanfor følgjer ei oversikt over utviklinga i opptakskapasiteten i heile universitets- og høgskolesektoren i perioden 1990 til 1996:

1990

1991

1992

1993

1994

1995

1996

Opptakskapasitet i høgre utdanning

32 000

36 500

36 500

39 000

36 263

38 198

38.500 1)

1)> Talet er eit estimat pr. mai 1996

Opptaket til studium av lågare grad ved allmennfakulteta ved universiteta i 1995 var totalt ca. 13 500 mot ca. 9 000 i 1994. Tabellen nedanfor viser opptakskapasiteten før og etter nasjonal opning. Tala femner ikkje om opptak til berre examen philosophicum.

Opptakskapasitet universiteta 1995/96

HF

SV

MN

Delsum

Nye st.pl

Sum

UiO

1 450

1 600

1 300

4 350

1 900

6 250

UiB

740

540

550

1 830

1 000

2 830

UNIT/NTNU

315

435

125

875

1 100

1 975

UiTø

639

282

1 105

2 026

500

2 526

Sum

3 144

2 857

3 080

9 081

4 500

13 581

For 1995/96 er det ved UiO dessutan 375 studieplassar ved Det teologiske fakultetet (kristendomskunnskap) og 185 studieplassar ved Det juridiske fakultetet (kriminologi), til saman 560 studieplassar, som kan reknast som allmennfag. Det same gjeld 275 studieplassar ved Det psykologiske fakultetet (psykologi grunnfag) ved UiB.

Det blei oppretta 4 500 nye studieplassar på grunnivå ved universiteta i 1995. Av desse blei 3.500 plassar vidareførte i budsjettet for 1996. Universiteta har mellom anna ut frå dette kalkulert opptakskapasiteten for studieåret 1996/97 slik:

Opptakskapasitet 1996/97

HF

SV

MN

Sum

UiO

1 900

1 835

1 380

5 115

UiB

1 050

700

650

2 400

NTNU

400

600

360

1 360

UiTø

765

576

1 100

2 441

Sum

4 115

3 711

3 490

11 316

For 1996/97 kjem det òg i tillegg studieplassar på lågare grad ved andre fakultet, jf. ovanfor: 567 studieplassar ved UiO, en auke på 7 plassar på krimonologi og 250 studieplassar ved UiB, en nedgang på 25 plassar i psykologi grunnfag.

Ut frå ovannemnde legg universiteta opp til ein opptakskapasitet i studium ved lågare grad ved HF-, SV- og MN-fag i 1996/97 som er ca. 2 300 studieplassar lågare enn i 1995/96. Høgskolane sine tilbod om grunnfag/mellomfag i "universitetsfag" femnar om vel 2 500 studieplassar. Samla sett er dermed opptakskapasiteten i allmennfaga studieåret 1996/97

ca 14 500. Departementet finn at dei nye studieplassane som blir oppretta ved høgskolane vil avlaste universiteta, slik at den nasjonale opninga ved universiteta kan vidareførast i studieåret 1996/97.

3.2 NASJONAL OPNING

Tal frå Samordna opptak viser at søkninga til allmennfaga totalt sett vil vere noko lågare i 1996 enn i 1995. Departementet reknar difor med at ca. 12 500 studieplassar ved universiteta og 2 500 ved høgskolane er tilstrekkeleg til å ta i mot alle som ynskjer å studere desse faga frå hausten 1996. Føresetnaden er at dei søkjarane som ikkje får tilbod på første prioritet når det gjeld studiestad, kan styrast til det universitetet eller den høgskolen som har ledig kapasitet ved det aktuelle fakultetet eller fag. Slik vil ein kunne oppnå ei betre utnytting av studiekapasiteten samla sett.

Ei opning av universiteta i Sør-Noreg vil forsterke søkjarnedgangen ved høgskolane i distrikta og Universitetet i Tromsø. Ei nasjonal opning i 1996 må, som i 1995, innebere eit regulert opptak, særleg til universiteta i Oslo og Bergen.

Som følgje av at universiteta er med i Samordna opptak, vil ei nasjonal opning i 1996 måtte bli noko annleis enn i 1995, jf. pkt. 2.1 ovanfor. Innanfor modellen for Samordna opptak er det fleire moglege måtar å handtere ei nasjonal opning på. I 1995 skjedde opninga etter at søknadsfristen var ute. I år vil ein måtte rekne med taktiske søkjarar, som til dømes bare fører opp "opne" studium, for å vere sikra studieplass ved eit universitet.

Den mest føremålstenlege måten å handtere ei nasjonal opning på i år, er at dei kvalifiserte søkjarane som ikkje har fått plass på nokon av dei prioriterte studieynska på søknadsskjemaet, får eit tilbod ved eitt av universiteta, evt. ved ein høgskole med tilbod om universitetsfag. Føresetnaden er at minst eitt av dei fakulteta som er gjenstand for nasjonal opning, er blant dei prioriterte studieynska. Men moglege løysingar må vurderast nøye saman med Samordna opptak.

Både den nasjonale samordninga av opptaket og nasjonal opning av allmennfakulteta ved universiteta skal leggje til rette for at søkjarane så langt det er praktisk mogleg, får oppfylt sine primære studieynske. Nasjonal opning inneber at alle kvalifiserte søkjarar til dei aktuelle fagområda får tilbod om studieplass ved ein lærestad som har ledig kapasitet i fag der vedkommande ynskjer opptak. Departementet legg opp til at det enkelte fakultetet kan stillast friare enn i 1995 i høve til søkjaren sitt primærynske om fag eller rekkjefølgda av fag innanfor eit studieløp. Av omsyn til kravet om studiekvalitet må institusjonen i visse høve kunne styre studenttilgangen til det enkelte faget. Søkjarpresset varierer sterkt frå fag til fag og kan skifte raskt i takt med popularitetsbølgjer. I mange fag set dessutan sjølve undervisningsforma grenser for kor mange studentar som kan takast inn. Nye studentar som får tilbod om å starte på eit cand.mag.-studium, må kunne rekne med å få begynne på eitt av fagvala sine, om i ei anna rekkjefølgje enn ynskt, mens ein student som bare har eitt fag igjen innanfor cand.mag.-graden, bør kunne få garantert plass på det faget han ynskjer.

3.3 HOVUDTREKK I FORSLAG TIL REGULERINGSVEDTAK FOR STUDIEÅRET 1996-97

Allmennfakulteta

Opplegget for nasjonal opning av allmennfakulteta føreset eit reguleringsvedtak for studieåret 1996-97 også for desse fakulteta ved dei universiteta der ein må rekne med at søkninga er større enn kapasiteten. Dette er nødvendig for å hindre at det blir for stor studenttilstrøyming til universiteta i Sør-Noreg samtidig med at det er ledig kapasitet ved Universitetet i Tromsø og i universitetsfag ved høgskolane. Vidare er det ynskjeleg å sikre studiekvaliteten i det enkelte fagtilbodet innanfor kvart fakultet. Dette kan best gjerast ved å gje universitetet fullmakt til internregulering der omsynet til ressurssituasjonen i det aktuelle faget gjer det nødvendig.

På denne bakgrunnen foreslår departementet at det vert gjort vedtak om å regulere opptaket til allmennfakulteta ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim. Når det gjeld Universitetet i Tromsø, har styret gjort vedtak om at opptaket til dei fleste studium på lågare grad ikkje skal regulerast. Heller ikkje opptaket til hovudfag ved ISL er foreslått regulert. Med det opplegget som er skissert ovanfor, meiner departementet likevel at alle kvalifiserte søkjarar til studium innanfor allmennfag vil få tilbod om studieplass ved universitet eller høgskole, slik at nasjonal opning vert vidareførte for desse fagområda.

I tillegg til tala som er presenterte nedafor, vil det bli fordelt 524 studieplassar på hovudfagsnivå ved allmennfakulteta ved dei fire universiteta.

Dei juridiske fakulteta

Kapasiteten i desse studia er avgrensa av tilgangen på lærekrefter. Universiteta melder om mange ledige stillingar, særleg professorat, og kan ikkje auke studentopptaket med mindre rekrutteringa til vitskaplege stillingar blir betre, og dei kan tilsetje folk i fleire stillingar. Med det dårlege forholdstalet som er mellom lærar og studentar er det generelt grunn til uro over kvaliteten i jusstudia. Departementet foreslår derfor regulering av opptaket til dei juridiske studia, slik det har vore dei seinaste åra, jf. omtale under dei enkelte universiteta.

Det teologiske fakultetet

Sjå under Universitetet i Oslo.

Dei medisinske fakulteta

Opptakskapasiteten frå hausten 1996 er utvida med 75 studieplassar som følgje av Stortingsvedtak for inneverande budsjettår. Forslag om opptaksregulering tek omsyn til denne kapasitetsutvidinga. Opplegget og organiseringa på studiet føreset regulering framleis.

Dei odontologiske fakulteta

Forslag om regulering byggjer på at kapasiteten i både tannlegestudium og i tannpleiarstudium vil vere på same nivå som tidlegare. Opplegg og organisering på studiet føresett framleis regulering.

Det utdanningsvitskaplege fakultetet (UV)

Sjå under Universitetet i Oslo.

Det psykologiske fakultetet

Sjå under Universitetet i Bergen.

4. OPPTAKET TIL DET ENKELTE UNIVERSITETET

Universiteta er bedne om å vurdere behovet for opptaksregulering komande studieår. Vurderingane skal byggje på ein gjennomgang av den samla opptakskapasiteten og ressurssituasjonen ved det enkelte fakultetet, med forslag til opptakstal på det enkelte fag og nivå. Forslaga frå universiteta skal mellom anna gjere greie for om det er hindringar med omsyn til personale, lokale og driftsmidlar som set grenser for institusjonen sin opptakskapasitet. Dei er òg bedne om å gjere greie for i kva grad det er mogleg å fordele om ressursar, der det er fag med ledig kapasitet.

Opptaksreguleringa til universiteta bør som før vere på fakultets-/avdelingsnivå, dersom dei fleste fag under fakultetet har avgrensa kapasitet. Men sjølv om ramma for studenttopptaket er tilpassa den samla ressursramma pE5† fakultetet, vil det vere enkelte fag som er spesielt sterkt pressa, medan andre kan vere i ein omvendt situasjon. Kva fag dette er kan skifte frå år til år. Den enkelte institusjon må derfor ha fullmakt til å setje i verk ei fordeling av studentar på enkelte fag innanfor fakultetet, når dette er nødvendig av omsyn til kapasiteten.

4.1 UNIVERSITETET I OSLO

Kollegiet ved Universitetet i Oslo har 19. mars 1996 gjort vedtak om opptaksregulering og opptaksrammer for studium av lågare grad, hovudfagsnivå og for profesjonsstudium.

For å kunne ta sin del av den nasjonale opninga i 1995 fekk Universitetet i Oslo 1900 nye studieplassar til auka opptak til studium av lågare grad ved dei tre allmennfakulteta. Ut frå erfaringstal reknar universitetet med at i underkant av 70 pst. av dei nye studentane som vart tekne opp til allmennfakulteta siste studieåret, held fram komande studieår. Ved desse fakulteta vil opptakskapasiteten i 1996 dermed vere lågare enn i 1995, men ligge over 1994-nivået.

Vidare er det løyvd 15 nye plassar på medisinarstudiet i samband med Stortinget si budsjettbehandling.

Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

FagFakultet
HFSVMNJurTeologiMedOdontUV
Profesjonsstudium
7855400ope22089460
Lågare grad190018351380667ope

635
Høgre grad709487519104530
215

UV=Det utdanningsvitskaplege fakultetet

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultetet

Foreslått opptaksramme på 1900 til studium av lågare grad er 300 under endeleg opptaksramme for 1995-96. Nye studentar registrerte pr. mars 1996 er likevel over 2 700. Til samanlikning var opptaksramma for studieåret 1994-95 på 1450 nye studentar. Etter departementet si vurdering vil det ikkje vere forsvarleg å ta opp fleire enn 1900 nye studentar komande studieår.

Til studium på hovudfagsnivå fekk fakultetet i fjor ei opptaksramme på 709 studentar. Det blei tatt opp 646 nye studentar. Universitetet forklarar det relativt låge opptaket med at fakultetet har eit stort fagspekter med over 90 fag, og at det var få søkjarar til enkelte av desse faga. Dette har ført til at det er blitt ståande lommer av ledig kapasitet, som til saman summerer seg til ein god del studieplassar. Det vil vere vanskeleg å utnytte all kapasitet fullt ut, da det er vanskeleg å overføre vitskapeleg kompetanse frå eit fagområde til eit anna, eller til å styre studentane sine val av hovudfag. Universitetet ynskjer å halde opptaksramma på same høge nivå som i fjor, slik at dei faga som har stor søkning, kan auke opptaket.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet

For opptak til profesjonsstudiet i psykologi foreslår styret ei ramme på 78 plassar. Dette er same opptaksramma som i fjor. Det er i første rekkje mangel på lærekrefter som gjer det nødvendig å regulerer opptaket til psykologistudiet.

Foreslått opptaksramme til studium av lågare grad er på 1835 plassar. Studieplassane i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt (PFI), er her rekna med under SV-fakultetet, men vil frå neste år bli overførte til det nye utdanningsvitskaplege fakultetet. Opptakstalet etter nasjonal opning i 1995 vart sett til 2250, men 2685 studentar vart tekne opp. Ramma for opptaket 1994-95 var 1600. Med det store opptaket det siste året har fakultetet no meir enn 7600 registrerte studentar. Eit større opptak enn det universitetet har tilrådd vil gjere arbeidsvilkåra for både studentar og tilsette dårlegare.

Opptaksramma til studium av høgre grad er foreslått sett til 487 studentar. I fjor hadde fakultetet ei opptaksramme for hovudfag og høgare studietrinn på 597 studentar. I samband med oppretting av Det utdanningsvitskaplege fakultetet er 130 hovudfagsplassar overførte dit. Samstundes er no 20 plassar på ein tverrfagleg mastergrad (ESST) rekna med.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

For opptak til profesjonsstudiet foreslår styret ei ramme på 55 studentar til farmasistudiet. Dette er same opptakskapasiten som i fjor. Mellom anna behovet for laboratorieplass gjer det nødvendig å regulere opptaket.

Foreslått opptaksramme for studium av lågare grad er redusert med 240 plassar i høve til ramma i fjor, som var på 1600. Før nasjonal opning hadde fakultetet ei opptaksramme på 1300. Det endelege opptaket var ca. 1640 studentar. I tillegg kjem 20 studentar på ernæringsfag som i fjor.

Kollegiet foreslår at opptaksramma for studium av høgre grad blir den same som i fjor, 519 studentar.

Det juridiske fakultetet

Departementet godkjende hausten 1995 ny studieordning for Det juridiske fakultetet ved UiO. Denne inneber ein overgang frå tidlegare fem avdelingar med opptak til andre avdeling ut frå resultata til første avdeling, til ei studieordning med to innleiande grunnfag (grunnfag privatrett og grunnfag offentleg rett) og deretter opptak til ein profesjonsdel. I forhold til tidlegare tredje, fjerde og femte avdeling inneheld profesjonsdelen fleire valfag og ei obligatorisk skriftleg oppgåve.

For å unngå ein lang overgangsperiode med både gamal og ny ordning parallelt, er det frå studieåret 1996/97 oppretta eit blandingsgrunnfag med element frå begge dei nye grunnfaga. Studentar som har teke første avdeling, søkjer opptak til blandingsgrunnfag og får dermed studierett til resten av studiet. Ved å setje saman eit blandingsgrunnfag sikrar fakultetet at studentane kvalifiserer seg for profesjonsdelen. Heller ikkje dei studentane som no tek eksamen ved andre avdeling, er utan vidare kvalifisert for profesjonsdelen. For desse arrangerer fakultetet overgangsundervisning av eit visst omfang. Studentar som har begynt på tredje avdeling, gjennomfører resten av studiet etter gamal ordning.

Universitetet i Oslo foreslår ei opptaksramme til begge dei nye grunnfaga på 475 plassar. Dette er det same som ein tidlegare har hatt til første avdeling. Det er likevel totalt sett ein reduksjon av talet på studieplassar ved Det juridiske fakultetet, fordi ein tidlegare har hatt eit tilbod på 140 plassar i grunnfag offentleg rett som no går ut. Fakultetet tek sikte på å auke opptaket noko til dei nye grunnfaga til neste studieår og ytterlegare til 600 plassar til studieåret 1998/99.

Opptaket til andre avdeling har hittil vore på 600 plassar. Til det nye blandingsgrunnfaget er det foreslått ei ramme på 400 plassar. Denne ramma er ikkje foreslått auka ved opptak seinare.

Som det går fram av det som står ovanfor vil en dei neste semestra både måtte tilby eit nytt mellombels grunnfag for studentar med berre første avdeling og ein overgangsundervisning for studentar som har fullført andre avdeling.

Dei juridiske fagmiljøa har i mange år sett kvaliteten på jusstudiet som eit problem. Strykprosenten har vore særs høg og karaktergjennomsnittet lågt. Etter at opptaket til første avdeling vert avgrensa på slutten av 1980-talet og ein på den måten har fått fleire lærarressursar til denne avdelinga, har resultata vorte monaleg betre. Tilstrøyminga av privatistar til høgre avdelingane har ført til at det framleis har vore mange fleire studentar enn det fakultetet har vore dimensjonert for på desse avdelingane. Det store student talet og den dårlege lærardekninga gjer at ein i stor grad har måtta gje undervisninga i form av førelesningar, fordi ein ikkje har hatt ressursar til å innføre andre undervisningsmetodar som seminar, lærarleidde kollokvium og innlevering av skriftlege oppgåver.

Plassane på profesjonsstudiet gjeld det nye blandingsgrunnfaget. Dette er eit studietilbod til studentar som har tatt eller er i ferd med å ta første avdeling. Universitetet foreslår ei opptaksramme på 400 plassar.

For studium av lågare grad vert det foreslått ei opptaksramme på 475 studentar til den nye grunndelen, med ei gradvis opptrapping av opptaksramma til 600 studieplassar frå og med studieåret 1998/99.

Opptaksramma for kriminologi grunnfag er auka frå 185 til 192 studieplassar. Opptaket i inneverande studieår vart på 266 nye studentar.

For studium av høgre grad vert det søkt om å opptaksregulere kriminologi hovudfag på grunn av stor tilstrøyming. Ramma er foreslått sett til 10 plassar

Det teologiske fakultetet

På profesjonsstudiet har styret foreslått ei ramme på 70 plassar. Dette er same opptaksramme som i fjor. Då var det berre 28 studentar som tok til på profesjonsstudiet. Departementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for å regulere opptaket komande studieår.

Universitetet foreslår at opptaksramma for studium av lågare grad vert fastsett til 375 studieplassar. For studieåret 1995/96 fastsette departementet inga opptaksramme for dette nivået, fordi opptaket tidlegare har vore godt under det fakultetet har hatt kapasitet til. Det blei i fjor tatt opp 217 nye studentar. Departementet kan framleis ikkje sjå at det kan vere nødvendig å regulere opptaket til studium av lågare grad under Det teologiske fakultetet. Ei nasjonal opning av dei tre allmennfakulteta vil truleg også ha innverknad på søkninga til dette fakultetet.

For studium av høgre grad ynskjer kollegiet at opptaksramma vert sett til 45, med 30 plassar på hovudfag i kristendomskunnskap og 15 plassar i diakoni. Ramma er den same som i 1995.

Det medisinske fakultetet

Opptaket til profesjonsstudiet fordeler seg med 180 plassar til medisin, som er ein auke på 15 frå i fjor, og 40 plassar til embetsstudiet i sjukepleievitskap, som er det same som i fjor.

Forslag til opptaksramme for studium av høgre grad gjeld 30 plassar i hovudfag i helsefag, det same som i fjor. To hovudfag, helseadministrasjon og arbeidshelse, får ikkje opptak i komande studieår.

Det odontologiske fakultetet

For profesjonsstudia er opptaksrammene som før, 65 plassar i tannlegestudiet og 24 plassar i tannpleiarstudiet.

Det utdanningsvitskaplege fakultetet (UV)

Fakultetet blei oppretta 1. januar i år og omfattar Institutt for Spesialpedagogikk (ISP) og Institutt for lærarutdanning (ILS). Pedagogisk forskingsinstitutt (PFI) vert først overførd frå skoleåret 1997/98, sjå merknad på SV-fakultetet.

Praktisk pedagogisk utdanning er ført under profesjonsstudium med ei opptaksramme på 460 plassar. Det er like mange som i fjor. Behovet for praksisplassar gjer regulering nødvendig.

Foreslått opptaksramme til lågare grad gjeld 510 studieplassar på Institutt for spesialpedagogikk og 125 på Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling. Samla sett er dette ein auke frå i fjor.

Til studium av høgre grad foreslår universitetet å auke opptaksramma frå 75 til 85 plassar i spesialpedagogikk, medan opptaket til hovudfag i pedagogikk blir 130 som i fjor. Ramma for opptak til pedagogikk hovudfag vart i fjor redusert som følgje av kapasitetsproblem. Studiet er framleis under sterk press.

4.2 UNIVERSITETET I BERGEN

Kollegiet ved Universitetet i Bergen gjorde i møte 21. mars 1996 vedtak om opptaksregulering og opptaksramme for studium av lågare grad, hovudfagsstudium og profesjonsstudium for studieåret 1996-97.

Det blei i 1995 oppretta 1000 studieplassar ved Universitetet i Bergen i samband med nasjonal opning av dei tre allmennfakulteta. Av desse er 778 studieplassar vidareført i budsjettet for 1996. Med utgangspunkt i denne måltalsreduksjonen og med omsyn til erfaringstal om eksamen og fråfall, meiner universitetet at opptakskapasiteten for dei tre allmennfakulteta for komande studieår må setjast 350 lågare enn for inneverande år.

Til hovudfaga ved dei tre fakulteta foreslår kollegiet opptak om lag på same nivå som i fjor.

Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

FagFakultet
HFSVMNJusMedisinOdontPsyk

Profesjonsstudium




250

150

69

250

Lågare grad

1050

700

650

275

42


250

Høgre grad

260

213

270


57

4

20

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultetet

Foreslått opptaksramme til studium av lågare grad er 1050 studentar. Dette er ein nedgang på 140 i forhold til i fjor. Samla auka studenttalet på grunnstudiet i HF-fag med ca. 500 frå 1994 til 1995.

Universitetet foreslår at opptaket til studium av høgre grad blir 260 studentar, dette er den same ramma som i fjor.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Foreslått opptak til studium av lågare grad er 700, ein nedgang på 110 i forhold til i fjor. For studieåret 1994-95 var opptaksramma 560. Universitetet viser til at det er mange HF- studentar som tek eit SV-fag innanfor cand.mag.-graden. Fakultetet har såleis eit større press enn opptaksramma viser.

Til studium av høgre grad er det foreslått 30 færre plassar enn i fjor, 213 plassar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet

Opptaksramma for studium av lågare grad er foreslått sett til 650, ein nedgang på 80 i forhold til i fjor. Studieåret 1994-95 var opptaket på 570 studentar.

Forslag til opptaksramme for studium av høgre grad er 270 studentar. Dette er 10 færre enn i fjor.

Det juridiske fakultetet

Det er framleis nødvendig med opptaksregulering av profesjonsstudiet. Universitetet ber om at opptaksramma vert sett til 275 studentar på første avdeling/grunnfag og 250 til andre avdeling, likevel slik at alle med karakter 2.80 eller betre frå første avdeling er sikra opptak til andre avdeling. Forslaget frå universitetet inneber at opptaket til første avdeling aukar med 25 studentar frå 95/96, medan opptaket til andre avdeling kan bli redusert med 100 studentar, avhengig av karakternivået hos søkarane.

Det medisinske fakultetet

På bakgrunn av Stortingsvedtak om nye studieplassar i 1996 er opptaksramma for profesjonsstudiet i medisin auka frå 120 til 150 studentar.

Til studium av lågare grad i sjukepleievitskap er det foreslått opptak av 42 studentar. Organiseringa av studiet og tilgang på undervisningsressursar føreset regulert opptak.

Foreslått opptaksramme til studium av høgre grad er 57, om lag som i fjor. Studia er hovudfag i helsefag (sjukepleievitskap og fysioterapi), medisinske realfag og mastergradsstudium.

Det odontologiske fakultetet

I profesjonsutdanningane er foreslått opptak av 21 studentar til tannpleiarstudiet og 48 studentar til tannlegestudiet. Dette er det same som i fjor.

Det er foreslått opptak av 4 studentar til mastergradsstudium, det same som i fjor.

Det psykologiske fakultetet

Til profesjonsstudiet i psykologi er det, i tråd med Stortingets vedtak ei ramme på 60 studentar. Universitetet i Bergen fekk 8 plassar ekstra på psykologi første og andre avdeling i samband med budsjettvedtaket 1995-96. For opptak til praktisk pedagogisk utdanning er det forslag om 190 studentar, som i fjor.

Opptaksramme til studium av lågare grad er foreslått sett til 250 studentar i psykologi grunnfag. Dette er ein reduksjon på 25 i forhold til 1995. I 1994 var opptaket 230. Mangel på kvalifisert undervisningspersonalet gjer regulert opptak nødvendig.

For opptak til studium av høgre grad er det fremja forslag om 20 studentar på mastergradsstudium. Dette er likt som ved førre opptak.

4.3 UNIVERSITETET I TROMSØ

Styret for Universitetet i Tromsø har 11. april 1996 gjort vedtak om regulering av opptak og opptaksrammer for studium av lågare grad, hovudfagsstudium og profesjonsstudium. Styret sitt vedtak er at opptaket til dei fleste studium av lågare grad, med nokre få unntak, ikkje treng regulerast komande studieår. Det same gjeld òg dei fleste hovudfaga.

I samband med nasjonal opning i 1995 fekk Universitetet i Tromsø 500 nye studieplassar. Etter at opptaket i vårsemesteret er avslutta syner endelege tal at studentopptaket til studium av lågare grad i allmennfag vart redusert med 20 pst i forhold til i fjor. Universitetet ventar no, etter ein periode med sterk vekst i studenttalet, at veksten skal flate ut, og at det kan bli ein nedgang i studenttalet. Samstundes aukar opptaket til hovudfagsstudium med 20 pst. Dette vil føre til at gjennomsnittskostnaden pr. student aukar.

Universitetet i Tromsø ynskjer ikkje å ta del i den nasjonale opninga av allmennfakulteta. Universitetet grunngjev dette med at dei kan tilby studieplass til alle søkjarar som har søkt eitt av desse studium, og at dei ikkje ser seg tent med å ta opp studentar som ikkje har søkt Universitetet i Tromsø. Departementet har ut i frå ei samla vurdering kome til at ei nasjonal opning òg må omfatte Universitetet i Tromsø.

Sjølv om dei fleste studia både på lågare og høgre grad ved universitetet er opne, gjer utstyrs- og kapasitetsproblem at enkelte fag vert opptaksregulerte.

Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

FagFakultet
ISLISVIMRIBGIRVUNIKOMNFHMedisin

Profesjonsstudium


24

32

20

60

120

45

100

Lågare grad

ope

61

ope

44

90

150

60

70

Høgre grad

ope

117

4

ope



30

73

ISL= Institutt for språk og litteratur
ISV=Institutt for samfunnsvitskap
IMR=Institutt for matematiske realfag
IBG=Institutt for biologi og geologi
IRV=Institutt for rettsvitskap
UNIKOM=Avdeling for praktisk pedagogisk utdanning
NFH=Noregs fiskerihøgskole

Merknader

Der tala for opptaksrammer står i kursiv tyder det at styret ynskjer å opptaksregulere enkelte fag på eit fakultet som elles er ope.

Institutt for språkvitskap (ISL)

Styret foreslår at alle studium både på lågare og høgre grad er opne.

Institutt for samfunnsvitskap (ISV)

På profesjonsstudiet i psykologi foreslår styret opptak av 24 studentar som i fjor. Skort på kvalifiserte lærarar gjer regulert opptak nødvendig.

For studium av lågare grad er dei fleste studia opne. Unnataka gjeld arkeologi mellomfag der feltkapasitet gjer at styret foreslår å halde oppe ramma på 25 studentar, og semesteremne i EDB for humaniora og samfunnsvitskaplege fag der datamaskinkapasitet gjer at styret foreslår å minke rammen for opptak med 4 til 36 studentar.

For hovudfag vart opptakskapasiteten i fjor sett til 114 studentar, mens det blei tatt opp 176. Overskridinga skuldast at instituttet hadde garantert plass til alle med laud frå mellomfag, samt at arkeologi og historie, som begge var opne, overskreid rammene med høvesvis 15 og 17 studentar. Styret ynskjer difor å opptaksregulere hovudfaga med omlag same ramma, men likevel med plassgaranti for alle laudable studentar. Dette vil føre med seg at opptaksrammene truleg vil bli overskridne. Det vil difor bli behov for intern omdisponering av ressursar, og nokre av dei midla som institusjonen fekk i samband med den nasjonale opninga, er tenkt overførte til hovudfag.

Institutt for matematiske realfag (IMR)

For profesjonsstudia vert ramma for opptak på sivilingeniørstudium i fysikk foreslått auka med 2, til 17 studentar, mens for sivilingeniørstudium i informatikk vert det foreslått ei ramme på 15 studentar som i fjor. Det er skort på rettleiing som avgrensar kapasiteten ved IMR.

Både studium av lågare og høgre grad er opne, med unnatak av hovudfag informatikk der foreslått ramma er 4 som i fjor.

Institutt for biologi og geologi (IBG)

For profesjonsstudia foreslår styret at ein held oppe opptaksrammene for sivilingeniørstudia i landbruk og bioteknologi på same nivå som i fjor høvesvis 15 og 5 studentar.

På studium av lågare grad blir dei fleste studium opne, med unnatak av to fag som må opptaksregulerast grunna mangel på utstyr. Dette gjeld Miljø-310 og Bio-209 som har ei ramme på høvesvis 16 og 28 studentar.

Studium av høgre grad blir haldne opne.

Institutt for rettsvitskap (IRV)

Universitetet ber om at for profesjonsstudiet blir opptaksramma sett til 90 studentar på første avdeling og 60 studentar på andre avdeling. Dette er same tal som i fjor. I tillegg vert det gjeve ein garanti for plass på andre avdeling for studentar med karakteren 2,85 eller betre.

Avdeling for prakitsk pedagogisk utdanning (UNIKOM)

For profesjonsstudiet har styret foreslått ei ramme på 120 studentar til praktisk pedagogiske studium. Dette er likt som i fjor.

For studium av lågare grad forslår styret å halde oppe ramma for opptak for verksemdsutvikling, verksemdskompetanse og rettleingspedagogikk på 80 studentar. Dette er same ramma som i fjor. I tillegg vert det foreslått å opprette 70 nye plassar på nye pedagogiske fag. Ressurskrevjande undervisning og skort på lærarar gjer at ein ber om å opptaksregulere faga ved UNIKOM

Noregs fiskerihøgskole (NFH)

For profesjonsstudiet forslår styret at ein held oppe ramma på 45 studentar på fiskerikandidatstudiet. Regulert opptak er nødvendig av omsyn til rettleiingskapasitet.

For studium av lågare grad foreslår styret å halde oppe ramma for to fag, BIO-221 og BIO-201 med høvesvis 20 og 40 studentar. Dette er same ramma som i fjor.

For høgre grad er opptakskapasiteten redusert med 10 plassar frå i fjor. Det er opptaket til havbruksstudiet som er foreslått redusert frå 25 til 15 studentar. Dette har samanheng med at studieplanen for faget er endra og dermed også ressurssituasjonen. For sosialøkonomi og fiskerihelsestudiet foreslår styret å halde oppe ramma frå i fjor med høvesvis 5 og 10 studentar. Opptaket må her regulerast av omsyn til rettleiings- og laboratoriekapasitet.

Fagområdet medisin

For profesjonsstudia foreslår styret å halde oppe ramma på 70 studentar på medisinstudiet, 20 studentar på farmasi, 10 studentar på sivilingeniørstudiet i bioteknologi

For studium av lågare grad har styret foreslått å avgrense BIO-251 og BIO-255 med ei ramme på 70 studentar i alt. Dette fordi laboratorie- og utstyrskapasiteten sett grenser.

For studium på høgre grad held ein oppe avgrensinga for BIO-352, -364 og -444 med ei ramme på høvesvis 20, 8 og 10 studentar. Sjukepleievitskap andre avdelinga og folkehelsevitskap er foreslått avgrensa med ei ramme på høvesvis 15 og 20 studentar. Regulert opptak er nødvendig av omsyn til rettleiingskapasitet.

4.4 NOREGS TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE UNIVERSITET (NTNU)

Kollegiet for NTNU har i møte 24. og 25. april gjort vedtak om opptaksregulering av fag og emne og foreslått opptaksrammer for fakulteta fordelte på profesjonsstudium, studium av lågare grad og hovudfagsstudium.

NTNU har foreslått ei opptaksramme på 3095 nye studentar i 1996/97. Kollegiet legg opp til å opptaksregulere så få grunnfag som mogleg på allmennfakulteta og legg vidare opp til at examen philosophicum vert opna. Kollegiet seier vidare at dei opptaksrammene som er foreslått, er minimumstal, og at fakulteta kan gå utover desse rammene dersom dei finn det tilrådeleg av ressursmessige og faglege grunnar.

Opptaksramme for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

FagFakultet
HFSVMNALSMedisinTekn. fag

Profesjonsstudium


40


270

90

1470

Lågare grad

400

600

360



60

Høgre grad

115

215

100



15

ALS=Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling

Merknader

Det historisk-filosofiske fakultetet

På studium av lågare grad forslår styret å setje ei opptaksramme på 400 studentar. Kollegiet har i realiteten bare foreslått å opptaksregulere dei praktisk-estetiske faga på fakultetet. For desse faga set studio- og øvingromskapasiteten ei grense for kor mange som kan takast opp.

På studium av høgre grad foreslår ein å setje opptaksramma til 115 plassar. Kollegiet legg opp til å halde dei fleste hovudfaga på fakultetet opne. Det er bare arkeologi, filmvitskap, historie og sosialantropologi som er foreslått opptaksregulert med høvesvis 8, 8, 15 og 15 plassar. På dei faga som er foreslått opptaksregulerte, er det rettleiingskapasiteten som styrer talet på plassane.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Det er forslått en ramme på 40 studentar til profesjonsutdanninga i psykologi. NTNU fekk 16 plassar ekstra på psykologi første og andre avdeling i samband med budsjettvedtaket 1995-96.

For studium av lågare grad er det foreslått ei ramme på 600. Av desse er 379 plassar foreslått fordelte på opptaksregulerte kurs. Dette representerer inga endring i forhold til i fjor. I tillegg er innføring i internasjonal og komparativ politikk no foreslått opptaksregulert med 170 plassar.

For studium av høgre grad er det foreslått ei ramme på 215 plassar. Dette vert grunngjeve med avgrensa rettleiingskapasitet. Det er opptaksregulering på alle kurs.

Matematisk-naturvitskaplege fag

For studium av lågare grad er det foreslått ei ramme på 360 plassar. Dette vert grunngjeve med manglande plass på laboratoriekurs.

For studium av høgre grad er det foreslått ei ramme på 100 plassar. Dette vert grunngjeve med manglande laboratorium- og rettleiingskapasitet. Universitetet foreslår å nytte 80 av plassane i haustsemestret. Dette er ei auke på 18 plassar i forhold til førre semester.

Avdeling for lærarutdanning og skoleutvikling (ALS)

For det praktisk-pedagogiske studiet sitt tilbygg (PPU-II) er det foreslått ei ramme på 270 plassar, og dette er ei auke med 40 plassar i forhold til førre året.

Praksisplassane på PPU-I vert ikke regulerte.

Det medisinske fakultetet

Opptaksramma er auka med 30 plassar til 90 plassar som følgje av Stortinget sitt budsjettvedtak.

Teknologiske fag og kunstfag

Ramma for opptak til profesjonsstudia er foreslått fordelt med 1400 plassar til sivilingeniørstudia og 70 plassar til sivilarkitektstudiet. Dette er ei auke på 45 plassar på sivilingeniørstudiet og 10 på sivilarkitektstudiet.

Rammene for opptak til kunstfag er 20 plassar til kunstakademiet og 40 plassar til musikkonservatoriet. Opptak til dei kunstfaglege utdanningane må regulerast som følgje av studieorganisering og tilgang på undervisningsressursar.

For studium av høgre grad er det foreslått ei ramme på 15 plassar på mastergrad. Dette er ei auke på 5 i forhold til rammene for i fjor.

4.5 OPPSUMMERT

Opptaksrammer for Universitetet i Oslo

FagFakultet
HFSVMNJurTeologiMedOdontUV
Profesjonsstudium
7855400ope22089460
Lågare grad190018351380667ope

635
Høgre grad709487519104530
215

Opptaksrammer for Universitetet i Bergen

FagFakultet
HFSVMNJusMedisinOdontPsyk

Profesjonsstudium




250

150

69

250

Lågare grad

1050

700

650

275

42


250

Høgre grad

260

213

270


57

4

20

Opptaksrammer for Universitetet i Tromsø

FagFakultet
ISLISVIMRIBGIRVUNIKOMNFHMedisin

Profesjonsstudium


24

32

20

60

120

45

100

Lågare grad

ope

61

ope

44

90

150

60

70

Høgre grad

ope

117

4

ope



30

73

Opptaksramme for Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

FagFakultet
HFSVMNALSMedisinTekn. fag

Profesjonsstudium


40


270

90

1470

Lågare grad

400

600

360



60

Høgre grad

115

215

100



15

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

t i l r å r:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om regulering av opptaket til studium ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.


Vi HARALD, Noregs Konge,

s t a d f e s t e r :

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykkje i samsvar med framlagte forslag


Forslag

til vedtak

Stortinget gir samtykke til regulering av opptaket til studium ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i samsvar med opptaksrammer gitt i denne proposisjonen.

Følg proposisjonen på Stortinget