Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 30 (2004-2005)

Om utbygging og finansiering av rv 546 Austevollsbrua (sambandet Huftarøy - Hundvåkøy) i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Samferdselsdepartementet si vurdering

Eit forslag til finansieringsopplegg for Austevollsbrua blei lagt fram for Vegdirektoratet første gongen i 1996. På grunn av at det ikkje har lege føre tilstrekkeleg prioritering av statlege midlar til prosjektet frå fylkeskommunen si side, har ikkje prosjektet vore fremja tidlegare. Bompengeselskapet og lokale styresmakter, i samarbeid med Statens vegvesen, har no arbeidd fram ei finansieringsløysing med svært små ordinære statlege løyvingar. Dette gjer det mogleg å få ei raskare realisering av prosjektet enn det som ellers ville vore mogleg innafor odinære statlege riksvegrammer.

Innsparte statlege ferjetilskot ved at to ferjer i sambandet mellom Krokeide og Austevollshella blir erstatta med ei større ferje, er ein viktig føresetnad i finansieringsplanen. Sidan det er lokalpolitisk semje om denne løysinga, finn Samferdselsdepartementet å kunne gå inn for det foreslåtte opplegget sjølv om frekvensen på avgangane blir redusert. Departementet føreset at det reduserte ferjetilbodet må liggje til grunn i heile perioden med utbetaling av ferjetilskot. Først når utbetalingane er avslutta, kan ferjetilbodet takast opp til ny vurdering.

Brua vil gi fast samband mellom alle øyane i Austevoll kommune med større busetnad, og vil vere viktig for både trafikantar, næringsliv og lokalsamfunn. Bompengeopplegget føreset at trafikantar som ikkje får direkte nytte av Austevollsbrua må betale bompengar, noko som i utgangspunktet ikkje blir vurdert som ønskjeleg. I dette tilfellet er det likevel den lokale trafikken som må betale bompengar, og etter Samferdselsdepartementet si meining vil ein større del av denne trafikken over tid ha nytte av det nye vegsambandet. Det er også stor lokalpolitisk semje om å delfinansiere prosjektet med bompengar. Bompengeopplegget gir dessutan låge innkrevjingskostnader. På denne bakgrunn sluttar Samferdselsdepartementet seg til Vegdirektoratet si tilråing.

Med dei føresetnadene som er lagt til grunn for finansieringsplanen, er bompengeperioden rekna til 16 år. Samferdselsdepartementet føreset at det blir avklart om det er lokalpolitisk tilslutning til ei slik forlenging før bompengeavtalen blir underteikna.

Samferdselsdepartementet er samd i Vegdirektoratet sitt forslag om at dei årlege utbetalingane av ferjetilskot skal stanse før det er gått 15 år dersom bompengeinntektene blir større enn føresett.

I samsvar med St.prp. nr. 69 (2003-2004) vil Samferdselsdepartementet leggje opp til ein ny vurdering av storleiken av det innsparte ferjetilskotet basert på tilskotsregnskapen for sambandet Krokeide - Hufthamar med det nye driftsopplegget etter to til tre års drift. Samferdselsdepartementet vil orientere Stortinget før ei eventuell justering blir gjort, jf. Innst. S. nr. 261 (2003-2004).

Til toppen
Til forsida av dokumentet