Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 40 (2000-2001)

Om løyving for 2001 knytt til førebuing av tilrådde tiltak i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I St.meld. nr. 37 (1998-1999) Tillegg til St.meld. nr. 46 (1997-98) vart det informert om at Olje- og energidepartementet hadde sett i gang ei vurdering av staten sitt engasjement i petroleumsverksemda, herunder staten sitt direkte økonomiske engasjement (SDØE) og Den norske stats oljeselskap a.s. (Statoil).

Det vart våren 1999 vedteke å utvide dette prosjektet og gjennomføre ei grundig og meir omfattande vurdering av framtidig utvikling av det statlege engasjementet. Stortinget løyvde i 1999 15 mill. kroner på kap. 1800, post 21 til prosjektet, jf. St.prp. nr. 80 (1998-99) Om tilleggsbevilgning til særlig rådgivning i forbindelse med utforming av statens engasjement i petroleumsvirksomheten og Innst. S. nr. 218 (1998-1999). I 2000 vart det løyvd 10 mill. kroner til vidareføring av dette arbeidet, jf. St.prp. nr. 61 og Innst. S. nr. 220 (1999-2000).

Det har vore naudsynt å vurdere ei rekkje spørsmål knytt til staten sitt engasjement, i hovudsak framtidig eigarskap i Statoil, behovet for ei restrukturering av SDØE, framtidig ivaretaking av SDØE, herunder framtidig avsetjing av staten sin petroleum samt ei viss omorganisering i transport av gass. Fleire modellar, alternative løysingar og konsekvensar er gjennomgått og vurdert. Saka er klargjort frå ulike innfallsvinklar. Det er gjennomført eit omfattande utgreiings-, analyse- og vurderingsarbeid.

Olje- og energidepartementet har hatt hjelp av rådgjevarar med høg kompetanse i finansielle, strategiske og juridiske spørsmål. I tillegg har departementet fått utført enkeltståande utgreiingar frå ulike konsulentar. Arbeidet frå rådgjevarane og andre konsulentar har vore avgjerande for å kunne etablere eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for regjering og Storting.

Første fase av utgreiingsarbeidet er no ferdig. Den 15. desember 2000 la regjeringa fram si tilråding til vidareutvikling av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda, i St.prp. nr. 36 (2000-2001) Eierskap i Statoil og fremtidig forvaltning av SDØE. Regjeringa tilrår i denne proposisjonen mellom anna:

  • endring av eigarstrukturen i Statoil og børsnotering av selskapet,

  • restrukturering av SDØE (sal av utvalde eigardelar til Statoil, Norsk Hydro og andre),

  • ny ordning for ivaretaking av SDØE - oppretting av eit nytt selskap som skal forvalte SDØE-porteføljen,

  • oppretting av eit nytt selskap for transport av naturgass.

På tidspunktet for framlegginga av proposisjonen var det ikkje mogleg å seie kor store utgifter og inntekter tilrådingane ville medføre. Regjeringa informerte om at budsjettkonsekvensane ville verte lagt fram for Stortinget når desse var nærare avklarte tidleg i 2001.

Regjeringa legg med dette fram delar av budsjettkonsekvensane for 2001 knytt til dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36 (2000-2001).

Det må understrekast at det ikkje er mogleg å seie eksakt kor store utgifter og inntekter tiltaka vil innebere. Dette mellom anna fordi det er nokre avgjersler som må takast nærare opp mot tidspunkta for transaksjonane som har utgifts- og inntektsverknader og fordi kontraktsvilkåra med alle rådgjevarane ikkje er forhandla ferdig.

Regjeringa vil i denne omgang be Stortinget om ei løyving på 135 mill. kroner for å dekkje utgifter til førebuing av dei tilrådde tiltaka i St.prp. nr. 36, inkludert utgifter til eigne rådgjevarar og utgifter knytt til førebuing og sal av SDØE-eigardelar.

Budsjettkonsekvensane knytt til sjølve opprettinga og drifta av det nye selskapet som skal forvalte SDØE-porteføljen, utgifter til opprettinga av det nye selskapet for transport av naturgass og utgifter og inntekter i samband med aksjesal og børsnotering av Statoil, vert lagt fram for Stortinget på eit seinare tidspunkt.

Til toppen
Til forsida av dokumentet