Vereide beitelag

Vi viser til klage datert 11. desember 2012 som er send med brev frå Einingsregisteret 18. januar 2013. Vi viser også til brev til departementet datert 27. juni 2013 samt brev frå Nærings- og handelsdepartementet til Vereide beitelag datert 10. juli 2013. Vi seier oss leie for at sakshandsaminga har teke lang tid.

Klaga gjeld vedtak fatta av Einingsregisteret 6. desember 2012 om å nekte registrering av Vereide beitelag som foreining. Den same dagen som registeret mottok meldinga om registrering av beitelaget som foreining, mottok også Einingsregisteret ei melding om oppløysing av Vereide beitelag. På grunn av samanhengen mellom meldingane, vart meldinga om sletting av selskapet og meldinga om nyregistrering handsama under eitt. Meldinga vart nekta fordi Einingsregisteret fann at det ikkje er heimel i lov til å endre eit beitelag til ei foreining. Einingsregisteret skriv også at beitelaget si verksemd vert omfatta av samvirkelova, og dermed pliktar beitelaget å registrere seg som eit samvirkeføretak.

Nærings- og handelsdepartementet er kome til at Einingsregisteret sitt vedtak må opphevast. Saka vert send tilbake til Einingsregisteret for ny handsaming. Opphevinga av vedtaket inneber at Brønnøysundregistra må vurdere meldinga om oppløysing og meldinga om nyregistrering som to separate meldingar. Den nærare grunngjevinga for vedtaket følgjer nedanfor.

Klagaren si framstilling av saksforholdet

Klagaren skriv at han er klar over at det gjeldande selskapet ikkje kan endrast (juridisk sett) direkte frå eit beitelag til ei foreining. Selskapet med avgrensa ansvar er derfor først lagt ned. Klagaren skriv at dei deretter har stifta ei ny foreining med same namn for å vidareføre arbeidet i beitelaget. Klagaren skriv at aktiviteten er at beitebrukarane samarbeider om tilsyn og sanking av sau, og at dei har felles dugnader for å setje opp gjerde og innhegningar. Inntektene til laget kjem frå tilskot til organisert beitebruk, og utgjer små summar. Klagaren meiner derfor at det er å trekkje definisjonen av økonomiske interesser langt når det vert brukt som argument for at laget ikkje kan vere registrert som foreining. Klagaren skriv vidare at det som er avgjerande for økonomien, er dei inntektene kvar enkelt dyreeigar har.

På grunn av den moderate aktiviteten i laget meiner klagaren at det er urimeleg at dei vert pålagde ei omfattande registrering i Føretaksregisteret som kostar meir enn det dei i løpet av eit år får i tilskot frå fylkeskommunen.

Einingsregisteret si handsaming av meldingane

Einingsregisteret har handsama dei to meldingane under eitt. Einingsregisteret skriv i vedtaket sitt 6. desember 2012 at eit selskap med avgrensa ansvar ikkje kan endrast til ei foreining. Vidare skriv Einingsregisteret at det går fram av dei innsende vedtektene at eininga vart oppretta i 1970 og at vedtektene er endra i 2012. Dessutan gjer Einingsregisteret merksam på at plikta til å gjennomføre omdanning til samvirkeføretak gjeld alle samanslutningar, også foreiningar som har som hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemene gjennom aktiv deltaking i verksemda. Einingsregisteret skriv at det tyder at også ei foreining som har same type verksemd som eit beitelag, kan ha same plikt til å gjennomføre omdanning. Einingsregisteret skriv at det derfor verkar lite føremålstenleg å danne ei foreining som uansett må endrast til eit samvirkeføretak.

I oversendingsbrevet frå Einingsregisteret til Nærings- og handelsdepartementet datert 18. januar 2013 skriv Einingsregisteret at protokollane frå årsmøtet i Vereide beitelag BA og skipingsmøtet i foreininga Vereide beitelag viser at vedtaka vart gjorde med ein times mellomrom og at vedtaket om å skipe ei foreining er valt som eit alternativ til å tilpasse selskapet til samvirkelova. Einingsregisteret skriv vidare at det prinsipielt sett ikkje er noko i vegen for å overføre ein aktivitet frå ein juridisk person til ein annan, men at fleire ting må sjåast i samanheng.

Einingsregisteret skriv at ein må ta omsyn til samvirkelova, som frå 1. januar 2013 gjeld alle samanslutningar som er omfatta av verkeområdet til lova uavhengig av tidspunktet for skipinga, jf. § 163 i lova. Einingsregisteret skriv også at Vereide beitelag er ei samanslutning som skal fremje medlemmane sine økonomiske interesser som beitebrukarar, og at dette inneber at foreininga fell inn under definisjonen til lova. Dermed pliktar beitelaga å registrere seg som samvirkeføretak, og er avskorne frå å velje foreiningsforma.

Einingsregisteret legg også vekt på at vedtektene viser at foreininga er oppretta i 1970 (som BA-selskap). Sjølv om dette årstalet er stroke i den sist innsende versjonen av vedtektene, er verksemda til eininga uendra. Ved ei reell oppretting av ei ny foreining, vil skipingstids­punktet måtte samsvare med dato for når foreininga vart stifta (2012). Ei reell endring av vedtektene vil også krevje eit nytt årsmøte. Med bakgrunn i at vedtektene ikkje er endra, meiner Einingsregisteret derfor at det reelt sett er BA-selskapet som er vidareført. Einingsregisteret finn ikkje grunn til å omgjere vedtaket sitt, og sender klaga til Nærings- og handelsdepartementet for endeleg avgjerd.

Rettsleg grunnlag

I samsvar med lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (einingsregisterlova) § 17 første ledd skal registerføraren prøve om innsende opplysningar og dokumentasjon er i samsvar med reglane i lova eller forskrifter gitte i medhald av lova. Einingsregisteret sin kontroll vert utført på grunnlag av dei innsende dokumenta, og kontrollen av meldinga er altså reint administrativ og utan høve til å kontrollere faktiske omstende. Straks opplysningane er funne i orden, skal dei innførast i registeret, jf. § 17 første ledd tredje punktum. Dersom vilkåra ikkje er oppfylte, skal registrering nektast, jf. einingsregisterlova §§ 17 og 19.

Selskap med avgrensa ansvar (BA) har reelt sett vorte rekna for å vere samvirkeføretak. Før samvirkelova vart vedteken, måtte selskap som søkte om å verte registrert som BA verte organisert i tråd med ulovfesta samvirkeprinsipp. Etter ikraftsetjinga av samvirkelova må selskap med avgrensa ansvar følgje reglane i samvirkelova.

Ved oppløysing av eit selskap med avgrensa ansvar gjeld samvirkelova kapittel 10 Oppløysing o.a. Etter § 127 skal vedtak om å oppløyse samvirkeføretaket verte gjort på årsmøtet med fleirtal som for vedtektsendringar, om ikkje gjeldande vedtekter fastset eit strengare vedtakskrav. Etter samvirkelova § 129 skal vedtak om å oppløyse selskapet meldast til Føretaksregisteret straks avviklingsstyret er valt. § 131 inneheld reglar for kva stilling føretaket har under avviklingsstyret.

Ved førstegongsregistrering av ei ny juridisk eining må føretaket velje organisasjonsform. Valet av organisasjonsform får stor tyding for ansvar, skatt, rettar og plikter samt kva fridom ein har til å disponere over føretaket sine middel.

I utgangspunktet er det opp til eininga sjølv å velje organisasjonsform, men dette er innskrenka av fleire sett lovreglar som må følgjast, avhengig av kva organisasjonsform ein vel. Utgangspunktet for ei riktig registrering i Einingsregisteret og/eller Føretaksregisteret er kva organisasjonsform eininga reelt sett har. Det er til dømes ikkje høve til å registrere eit AS som ikkje følgjer aksjelova eller eit SA som ikkje følgjer samvirkelova. Omvendt vil det heller ikkje vere mogleg å registrere ein ANS eller eit BA dersom vedtekter og driftsform viser at selskapet er eit AS.

Denne saka gjeld organisasjonsformene samvirkeføretak (SA) og foreining (FLI, foreining/
lag/innretning). Inntil den nye samvirkelova vart vedteken, måtte eit selskap som søkte registrering som eit selskap med avgrensa ansvar (BA), vere organisert i samsvar med samvirkeprinsipp som den gongen var ulovfesta. Reelt sett har BA-selskapa altså vorte rekna for å vere samvirkeføretak. No er dei tidlegare ulovfesta prinsippa nedfelte i lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova).

Samvirkeføretak er ei organisasjonsform som passar der minst to skal starte noko saman med hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane ved at dei deltek i verksemda til føretaket som forbrukarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Samanslutninga samvirkeføretak skal altså ha som hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deltakinga deira i verksemda, jf. samvirkelova § 1 (2). Dette vert kalla samhandlingskriteriet og samvirkeføremålet. Eit anna krav til samvirkeføretak er at avkastninga til verksemda, bortsett frå normal forrenting av innskoten kapital, anten vert ståande i verksemda eller vert fordelt blant medlemmane på grunnlag av delen dei har i omsetnaden, jf. § 1 (2) nr. 1. Samvirkeføretak vert også kjenneteikna ved at deltakarane har avgrensa ansvar for skyldnadene til føretaket.

Vidare er det eit kjenneteikn for samvirkeføretak at medlemskapen er frivillig og open. Det inneber at den som søkjer om å verte teken opp som ny medlem, har krav på å verte teken opp. Dette hindrar likevel ikkje at vedtektene stiller saklege krav for innmelding, jf. § 14 (1). Etter samvirkelova skal også eit samvirkeføretak behandle alle medlemmar likt, altså etter prinsippet ”ein medlem gir ei stemme”.

Samvirkelova § 163 har overgangsreglar som seier at alle samvirkelag og økonomiske foreiningar som vart stifta før lova vart sett i kraft, må bringast i samsvar med reglane i lova innan fem år frå lova vart sett i kraft. Lova vart sett i kraft 1. januar 2008, noko som inneber at alle samvirkelag og økonomiske foreiningar som er stifta før dette, vart omfatta av lova frå 1. januar 2013.

Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning som skal fremje eitt eller fleire særskilde føremål av humanitær, sosial eller liknande art. Foreiningar kan vere både opne og lukka for ålmenta. Vi har inga foreiningslov som omfattar foreiningar, lag og frivillige organisasjonar, og derfor har vi heller ingen legaldefinisjon av ei foreining. Foreiningar følgjer dermed generelle ulovfesta prinsipp. I Foreningsrett punkt 2.8.1. (2. utgåve) av Geir Woxholt, står det mellom anna: Ved løsning av foreningsrettslige spørsmål vil man ikke sjelden stå uten noen veiledning i lov og rettspraksis. Ofte vil heller ikke vedtektene gi noe klart svar. Vidare i den same boka står det i punkt 2.83: Vi har imidlertid ingen alminnelige, preseptoriske [ufråvikelege] regler som eksklusivt gjelder foreningene.

I utgangspunktet er det ingen lovfesta reglar som regulerer ei foreining sitt ”indre liv”. Vedtektene dannar dermed grunnlaget for verksemda til foreininga og arbeidet til styret. I Woxholt Foreningsrett i punkt 2.851 står det: Det sentrale normgrunnlag i foreningsretten er vedtektene («loven»). Disse kan sies å utgjøre foreningens «forfatning», dvs den sentrale «privatiserte» rettkildefaktor i foreningsretten. Trass i små formalkrav må det mellom anna kome fram av vedtektene at det er ei foreining, og vedtektene kan ikkje ha føresegner som strir mot foreiningsforma. Foreininga må ha minst to medlemmar som sameiner seg om eit særskilt føremål. Medlemmane deltek i avgjerder som vert tekne, men er ikkje eigarar av formuen i foreininga. Foreiningar er altså personsaman­slutningar utan eigarar og er sjølveigande.

Ei foreining har vanlegvis ikkje noko økonomisk føremål, dei er såkalla ideelle foreiningar. Det finst likevel også foreiningar som har eit økonomisk føremål. I den ulovfesta foreinings­retten er det eit grunnleggjande skilje mellom økonomiske og ikkje-økonomiske foreiningar. Woxholt skriv om dette i Foreningsrett i punkt 2.5: Foreningene deles tradisjonelt i to grup­per, de økonomiske (foreninger med økonomisk formål) og de ikke-økonomiske (forening­er med ikke-økonomisk formål). Innen gruppen økonomiske foreninger nevnes ofte samvirke­laget og boligsamvirket som to praktiske eksempler. I dei tilfella der foreininga driv ei verksemd med økonomisk føremål som gir inntekter, til dømes utleige av fast eigedom, vil inntektene verte skattepliktige.

Om samvirkelova og grensa mellom foreining og samvirkeføretak

I og med at departementet opphevar Einingsregisteret sitt vedtak og sender klaga tilbake for nyhandsaming, er det ikkje juridisk nødvendig at departementet tek stilling til den materielle problemstillinga i saka. Grensa mellom samvirkeføretak og foreining er likevel grundig omtalt i vedtaket til Einingsregisteret, og derfor finn vi det naturleg å knyte nokre kommentarar til denne grensa i dette vedtaket.

Justisdepartementet skriv i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) i punkt 3.3 at den kanskje viktigaste grunnen til å vedta ei samvirkelov er å leggje betre til rette for samvirkeorganisering. Gjennom samvirkelova ønskte ein å leggje betre til rette for både dei som ønskjer å opprette eit samvirkeføretak og for dei noverande samvirkeføretaka. I forarbeida vert det lagt vekt på at samvirkeforma med sin demokratiske, brukarmedverkande og inkluderande karakter kan spele ei viktig rolle for samvirkeorganisering på same måte som dei ulike selskaps­formene legg til rette for selskapsformer som krev innskott av kapital. Justisdepartementet legg også vekt på at ei samvirkelov vil vere ein fordel for dei noverande samvirkeføretaka fordi ei lov inneber ei klargjering av regeltilstanden på fleire punkt samt gir tryggare rammer for drifta.

Justisdepartementet uttaler om føremålet med denne selskapsforma i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) punkt 3.3.3: Formålet med eit samvirkeforetak er ikkje å oppnå størst mogleg avkasting på investert kapital, men å vareta medlemmane sine interesser som etterspørjarar eller tilbydarar av varer eller tenester. Formålet er å dekke eit sams behov. Samvirkeformålet blir realisert ved omsetning mellom foretaket og medlemmane. Samvirkeforma er såleis basert på aktiv brukardeltaking, ikkje på passiv kapitalplassering.

I Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) er det på side 239 første spalte skrive: For samanslutningar som fell inn under definisjonen av samvirkeføretak, vil lova gjelde med tvingande karakter, dvs. at det ikkje kan vedtektsfestast eller avtalast at lova ikkje skal gjelde. Andre typar saman­slutningar vil på si side falle utanfor lova. Departementet tolkar dette slik at dersom saman­slutninga tilfredsstiller krava i lova, er ho pliktig til å registrere seg som samvirke og bruke føretaksnemninga SA i føretaksnamnet.

Vedtakinga av samvirkelova har dermed ført til at ei rekkje samanslutningar må ta stilling til den rettslege statusen sin. Mellom anna inneber den nye lova at noverande partslag, samvirkelag og andre selskap med avgrensa ansvar som byggjer på samvirkeprinsippa, må endre organisasjonsform til samvirkeføretak og innrette seg etter reglane i den nye lova. Det same gjeld for foreiningar som driv etter samvirkeprinsippa.

Spørsmålet om føretaket fell inn under definisjonen av samvirkeføretak eller ikkje må vurderast med utgangspunkt i definisjonen av samvirkeføretak i samvirkelova § 1 andre ledd. Definisjonen seier at eit samvirkeføretak er ei samanslutning som har til hovudføremål å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane gjennom deira deltaking i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på liknande måte. Når definisjonen bruker omgrepet ”saman­slutning”, er det for å inkludere både samvirkeføretak med selskapspreg og samvirkeføretak med foreiningskarakter. Kva ein tradisjonelt har kalla ei samanslutning, er ikkje avgjerande for om ho fell inn under lova. Det avgjerande er om samanslutninga oppfyller vilkåra i definisjonen.

For samanslutningar som driv ei eller anna form for økonomisk aktivitet, må ein vurdere kva som er føremålet med verksemda og korleis samhandlinga skjer. Det er ein føresetnad at hovudføremålet med verksemda er å fremje medlemmane sine interesser. Ifølgje lovforarbeida tyder dette at medlemmane i det minste må få ei yting som har økonomisk verdi frå verksemda.

Samhandling vert vist ved at medlemmane sine økonomiske interesser må fremjast gjennom deltakinga deira i verksemda som avtakarar, leverandørar eller på annan liknande måte. Det kan vere at medlemmane leverer varer eller tenester til føretaket, at føretaket leverer varer eller tenester til medlemmane, eller ein kombinasjon av begge delar. Det sentrale er at verksemda er retta mot medlemmane og deira felles interesser, og ikkje mot utanforståande (slik tilfellet typisk er i eit aksjeselskap).

Ved grensedraginga mellom samvirkeføretak og foreiningar må det leggjast vekt på grada av økonomisk samkvem mellom samanslutninga og deltakarane. Dersom medlemmane får vareteke sine næringsmessige interesser ved å samhandle med samanslutninga, vil lova sine krav til økonomisk samkvem gjennomgåande vere oppfylte. Med utgangspunkt i at dei aller fleste medlemmane av beitelag og sankelag er med i kraft av å vere sjølveigande småfehaldarar, er den samhandlinga dei har om beiteverksemda tilstrekkeleg til å rekne samkvemmet som økonomisk etter lova. Departementet meiner altså at dei aller fleste beitelaga reelt sett er samvirkeføretak etter den nye lova. Samanslutningar som har til føremål å fremje medlemmane sine fritidsinteresser, står her i ei noko anna stilling, sjå nærare på side 240 første spalte i Ot.prp. nr. 21 (2006-2007) der det står at ei samanslutning som har til føremål å leggje til rette for fritidsaktivitetar, i utgangspunktet ikkje kan seiast å fremje dei økonomiske interessene til medlemmane. Vidare: I desse tilfella er det normalt utøvinga av sjølve fritidsaktiviteten som er det sentrale, ikkje å fremje økonomiske interesser.

Det er ikkje eit absolutt krav i lova at medlemmane har økonomiske rettar i samvirkeføretaket ut over retten til å samhandle med det. Sjølv om medlemmane ikkje har krav på utdelingar under laupande drift eller ved stans av medlemskapen eller stans i drifta i føretaket, så kan det altså vere eit samvirkeføretak etter lova. Det er heller ikkje avgjerande korleis deltakarane sjølv klassifiserer samanslutninga. Samvirkelova byggjer her ikkje på formelle kriterium, men føreset ei vurdering av korleis laget vert drive.

Departementet si vurdering

Ved innføringa av samvirkelova kan BA-selskap i tråd med samvirkelova velje oppløysing eller omdanning til SA. Vereide beitelag BA har valt oppløysing, som er den ordninga overgangsføresegna i samvirkelova viser til i dei tilfella der eininga ikkje ønskjer å innrette vedtektene sine etter vilkåra for å verte samvirke, jf. samvirkelova § 163 nr. 2 tredje ledd. Vereide beitelag BA har sendt inn melding om oppløysing, og departementet legg til grunn at oppløysinga i Vereide beitelag BA er reell. Vi legg vekt på at dei formelle sidene ved meldinga om oppløysing er i orden. Vi legg òg vekt på at Vereide beitelag BA har følgt reglane for oppløysing i samvirkelova.

Vi viser dessutan til det som er sagt ovanfor om formalkontroll og at registerstyresmakta har avgrensa høve til å vurdere andre vilkår eller skyldnader knytte til oppløysing. Departementet har med dette ikkje tatt stilling til om det finst andre rettslege vilkår ved oppløysinga som beitelaget pliktar å ta omsyn til.

Vereide beitelag har også sendt inn melding om registrering av ei ny eining, Vereide beitelag, som foreining. Meldinga er eit resultat av at det er halde skipingsmøte om å opprette laget på nytt med nye vedtekter. Departementet legg til grunn at når Vereide beitelag BA er oppløyst, er det ikkje i utgangspunktet noko som reint formelt hindrar den same personkrinsen i å danne ei foreining. Departementet legg vekt på at den tidlegare eininga er oppløyst i det årsmøtet har vedteke oppløysinga. Det er ikkje naudsynt for partane å setje seg i stemne på nytt på eit seinare tidspunkt for å kunne halde eit skipingsmøte. Vi legg òg vekt på at det er fridom til å velje organisasjonsform dersom det vert gjort på lovleg måte.

Departementet legg til grunn at Einingsregisteret først må handsame oppløysinga av Vereide beitelag BA og deretter ta stilling til ei nyregistrering av Vereide beitelag som foreining.

Sett i lys av Einingsregisteret sitt brev datert 18. januar 2013 og vurderingane våre i avsnittet om grensa mellom samvirkeføretak og foreiningar ovanfor, vil det etter departementet si meining vere naturleg at Einingsregisteret tek kontakt med klagar og avklarar den vidare gangen for å få gjennomført ei effektiv og korrekt registrering av beitelaget. Departementet er einig med Einingsregisteret i at det vil vere lite føremålstenleg å registrere oppløysinga av BA-selskapet dersom den nystifta foreininga reelt sett er eit samvirkeføretak og dermed skal registrerast som SA. Vi minner også om at BA-selskapet mistar det opphavlege organisasjonsnummeret sitt ved ei oppløysing, mens det kan behaldast ved omdanning frå BA til SA.

Det kjem fram av klagesaka at beitelaget er oppteke av å unngå gebyret på om lag 6 000 kroner til Føretaksregisteret som kjem til ved omdanning til SA og nyregistrering i Føretaksregisteret. Registrering i Einingsregisteret som foreining er gratis.

For dei om lag 2 200 BA-einingane som var registrerte i Føretaksregisteret før lovendringa, inneheld lova ei overgangsføresegn som gjer at namneendringa i desse tilfella er gratis. Samvirkeføretak som i dag berre er registrerte i Einingsregisteret, må melde nyregistrering til Føretaksregisteret og dermed betale gebyret på om lag 6 000 kroner. Denne skilnaden i gebyr (avhengig av om føretaket før lovendringa er registrert i Føretaksregisteret eller ikkje), er ikkje ytterlegare kommentert i lovforarbeida. Likevel kjem det fram av proposisjonen at ein meiner at verdien av eit betre, klarare og meir tilgjengeleg regelverk er stor, mellom anna fordi trongen for rettsleg hjelp vert redusert.

Vi skjønar at denne eingongsutgifta kan vere ei stor utgift for små beitelag. Likevel meiner vi at sidan lovgivar har fastsett at samvirkelova skal gjelde med tvingande karakter, kan ikkje storleiken på gebyret ha innverknad på vurderinga til registerføraren av kva organisasjons­form beitelaga skal registrerast med.

Vedtak

Med heimel i lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltnings­lova) § 34 fjerde ledd og lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret § 19, gjer departementet følgjande vedtak:

Einingsregisteret sitt vedtak datert 6. desember 2012 vert oppheva. Saka vert send tilbake til Einingsregisteret for nyhandsaming, jf. lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker § 34, fjerde ledd.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast, jf. forvaltningslova § 28 tredje ledd.

Vi publiserer rutinemessig alle vedtak på nettsida til departementet www.nhd.no/enkeltvedtak. Vi ber om at eventuelle synspunkt på dette vert sende oss innan 14 dagar.