Funksjonsnedsettingar

Personar med funksjonsnedsettingar har dei same rettane som andre. Politikken for personar med funksjonsnedsetting skal byggje på likestilling og likeverd, sjølvbestemming, medverknad, deltaking og inkludering.

Kulturdepartementet har ansvar for nasjonal likestilling- og diskrimineringslovgjeving, som mellom anna forbyr diskriminering på grunn av funksjonsnedsetting. I tillegg har departementet eit overordna ansvar for å koordinere regjeringas politikk for menneske med nedsett funksjonsevne overfor andre departement. Sektordepartementa har ansvar på eigne sektorområde.

Organisasjonane er ein viktig høyringspart i relevante politiske prosessar, som utarbeiding av handlingsplanar og strategiar.

I tillegg inviterer statsråden til årlege politiske rundebordskonferansar med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Unge funksjonshemmede og andre statsrådar på feltet om aktuelle tema. På desse rundebordskonferansane held statsråden ei politisk utgreiing om feltet. Dei tre organisasjonane samarbeider også med Bufdir om, på vegne av departementet, å markere den internasjonale FN-dagen for menneske med funksjonsnedsettingar kvart år den 3. desember. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat

Bufdir er departementets fagdirektorat for politikken for menneske med nedsett funksjonsevne. Direktoratet har ei eiga informasjonsside om nedsett funksjonsevne. Bufdir arbeider for å betre levekår og livssituasjonen for personar med funksjonsnedsettingar.

Bufdirs oppgåver omfattar mellom anna: