Historisk arkiv

Eit grønare Europa med EØS-midlane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Miljøvern og berekraftig utvikling er eitt av dei største innsatsområda under EØS-midlane. Stønaden til energieffektivisering av bygningar i kolkraftnasjonen Polen er særskilt viktig.

I femårsperioden 2004-09 har Noreg, Island og Liechtenstein gjort tilgjengeleg om lag 10 milliarder kroner til sosial og økonomisk utjamning i EØS-området. 15 mottakarland i Sentral- og Sør-Europa nyt godt av prosjektstøtte innanfor ei rekkje område.

Eitt av dei største innsatsområda under EØS-midlane er miljø og berekraftig utvikling. Rundt ein fjerdedel av EØS-midlane skal nyttast til miljø- og klimatiltak, og så langt mottek meir enn 200 miljøprosjekt tilskot til ein verdi av over €150 millionar. Størstedelen av denne stønaden går til prosjekt innan energieffektivisering og fornybar energi, som også fører til reduserte klimautslepp.

Polen er den desidert største mottakaren av EØS-midlar med om lag 4,5 mrd kr i stønad. I Polen er forureinande kolkraft ei sentral energikjelde, og stønaden til energieffektivisering er difor særskilt viktig. Meir enn 300 offentlege bygningar, i stor grad skular, mottek stønad til moderniserte fyringsanlegg og etterisolering. Kolbaserte fyringsanlegg vert byta ut med meir effektive varmekjelder, og dører og vindauge vert skifta ut.

Det reduserte energiforbruket gir ikkje berre reduserte klimautslepp. I tillegg vert fyringskostnadene mindre og skuleungdom får eit betre inneklima og læringsmiljø. Dette gjer berekraftig utvikling både økologisk, økonomisk og sosialt.

EØS-midlane støttar også opp om tiltak for å ivareta biologisk mangfald i mottakarlanda, både gjennom omfattande kartleggjing og forsking. Samstundes legg ei rekkje grunnforskingsprosjekt innanfor miljøsektoren til rette for framtidig vern av miljøet i Europa.

Prosjektfokus: Energieffektivisering av offentlige bygningar i Słupca, Polen
Ved hjelp av eit tilskot på €650.000 frå EØS-midlane, er ein skule og eit lokalsjukehus i Słupca kommune aust for Poznan i ferd med å kutte energiforbruket betrakteleg. Arbeidet ved skulen er langt på veg fullført, og omfattar mellom anna utskifting av dører og vindauge, isolering av ytterveggar, samt isolering av loft. Sjukehuset vil i løpet av den næraste tida få nytt sentralfyringsanlegg, i tillegg til forbetra isolering av tak, veggjer og vindauge.

Dette er artikkel nr. 5 i ein serie om EØS-midlane.
Les meir om EØS-midlane på http://www.eeagrants.org/.