Historisk arkiv

Frå statsministerens program uke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 21-07
Dato: 09.02.2007

Priv. til red.:

Frå statsministerens program uke 7

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. februar:
Kl. 09.45 tek statsministeren imot WHO sin generaldirektør, Margaret Chan, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei to møtest.

Kl. 16.00 tek statsministeren imot presidenten i Mosambik, Armando Emilio Guebuza, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei to møtest.

Kl. 16.45 er dei to tilgjengelege for pressefolk på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Kl. 19.30 er statsministeren vert for ein regjeringsmiddag i høve gjestinga frå Mosambik, på Akershus slott.

Det er høve til å fotografere i borggarden frå kl. 19.00. Ein pressepool der dei norske deltakarane er ANB, NRK eller TV2, Scanpix og Se og Hør, har høve til å arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords.

Pressekontakt er fungerande kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Vi viser til eiga melding om gjestinga frå Mosambik.

Torsdag 15. februar:
Kl. 11.30 deltek statsministeren på forskingsstiftinga FAFO-konferansen 2007, i Folkets Hus i Oslo.

Kl. 20.00 deltek statsministeren ved opninga av Rally-VM-runden, på Hamar. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen - telefon 99 54 19 11 og kommunikasjonsrådgjevar Åse Solberg – telefon 45 02 40 76.

Fredag 16. februar:
Om føremiddagen er statsministeren til stades ved nokre av fartsetappane under Rally-VM. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen - telefon 99 54 19 11 og kommunikasjonsrådgjevar Åse Solberg – telefon 45 02 40 76.