Historisk arkiv

Samarbeider med India om lokaldemokrati

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete var mandag vert for eit lunsjmøte med den indiske ministeren for lokaldemokrati, Shri V. Kishore Chandra Deo.

Noreg og India har ein samarbeidsavtale om lokaldemokrati. Tema er mellom anna arbeidet med å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Ministerbesøket er ein attervisitt etter at statsråd Navarsete gjesta India tidlegare i år.

- Eg er glad for at dei to landa våre kan samarbeide om dette arbeidet. Sjølv om Noreg er eit lite land og India verdas største demokrati, kan vi inspirere og lære av kvarandre mellom anna i arbeidet med å auke representasjon av kvinner i politikken, seier statsråd Navarsete. 

Minister Deo skal òg innom Øygarden kommune, som er venskapskommune med ministerens eigen heimkommune i India. Øygarden kommune var med på prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken og fekk betydeleg fleire kvinner inn i kommunestyret i prosjektperioden. 

Minister Kishore Chandra Deo har fleire møte i Oslo mandag og onsdag, og er i Øygarden tysdag. Han skal i tillegg besøke Karasjok medan han er i Noreg.