Historisk arkiv

Ny låg valdeltaking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Det vart ikkje uventa låg oppslutning i årets europaparlamentsval 4.-7. juni. Dei førebelse resultata viser ei deltaking på 42,85 prosent av dei over 375 millionar stemmeberettiga europearane.

Deltakinga i europapaarlamentsvalet har jamt over gått ned kvart år sidan innføringa av direkte val til institusjonen i 1979. Vala blir gjerne omtalte som ”annanrangsval”, i betydninga at dei ofte er mellomval som tel mindre enn nasjonale parlamentsval. Europaparlamentsvala verkar også ofte som nasjonale ”protestval”, der partia i den sitjande regjeringa i dei ulike medlemslanda jamnt over får lågare oppslutning til fordel for mindre opposisjonsparti. Det same synest å vere tilfellet også i årets val, med sterk framgong for fleire av dei mindre partia.

Rekordval i Danmark
Under årets parlamentsval var det samstundes andre avstemningar i fleire land, herunder parlamentsval i Luxembourg og regionalval i Belgia. Det var vidare lokalval i Irland og Latvia, samt i delar av Storbritannia, Tyskland, Italia og Malta.

Årets danske Europaparlamentsval er det best besøkte nokon sinne. Med ein framgong på over 11 prosent møtte nærare 60 prosent av danskane opp ved valurnene. Truleg var det ikkje rekordinteressa for Europaparlamentet, men for tronrekkefølgja som mobiliserte veljarane. Danskane stemte samstundes om tronfølgjarlova, som no sikrar prinsesse Isabella ein plass i arverekkefølgja også om ho skulle få ein lillebror i framtida.

Foto: Flickr/European Parliament/Pietro Naj-Oleari Frå eit vallokale i Italia. Foto: Flickr/European Parliament/Pietro Naj-Oleari.

Slovakia nederst
Ni statar hadde ei valdetaking på over 50 prosent; Belgia, Luxembourg, Hellas, Danmark, Irland, Italia, Kypros, Latvia og Malta. Av desse har dei tre førstnemnde landa som einaste land i EU obligatorisk valdeltaking.

Slovakia er med sine 19,64 prosent også ved dette valet nederst på lista, eit resultat som representerer ein liten framgong frå det rekordlåge 16,97 i 2004-valet.

Europakommisjonen ber om forklaring
Nederland og Storbritannia var dei einaste landa som hadde val torsdag 4. juni. Etter reglane skal alle resultat offentleggjerast samstundes siste valdag, dette vere seg førebelse eller endelege resultat. Nederlandske styresmakter var tydelegvis ikkje heilt einige i denne praksisen og offentleggjorde foreløpige resultat same dag som valet. Europakommisjonen skal ha bede Nederland om forklaring på kvifor landet ikkje respekterte reglane.

Også i Bulgaria kom resultata ut før valet var over, mellom anna gjennom bruk av ”koda” vêrmeldingar. Eksempelvis var temperaturen på dei ulike partikontora merkeleg låge, på eit tidspunkt under 20 grader hjå sosialistpartiet, til tross for knallvêr og meir enn 35 grader elles i hovudstaden. Det er uklart kva følgjer regelbrota vil få.

Her kan du følgje med på valdeltakinga etter kvart som opplysningane vert oppdaterte.