Import av gatehundar til Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 19.10.2016
Mattilsynet og Veterinærinstituttet har i fleire år åtvara mot å ta med gatehundar til Noreg. Import av gatehundar aukar risikoen for at vi får inn nye virus, bakteriar eller parasittar som gir sjukdom hos både dyr og menneske i Noreg.
Styresmaktene oppmodar difor folk til å hjelpe gatehundar i dei landa dei kjem frå, i staden for å ta dei med til Noreg.
Mattilsynet samarbeider med Tollvesenet om tilsyn med innførsel av hundar og mange som har med hund, vert kontrollerte på grensa. Mattilsynet driv og eit omfattande informasjonsarbeid om trygg innførsel av dyr.
– Sjølv om Mattilsynet har stor merksemd på utfordringane knytt til gatehundar, har eg bedt dei om å vurdere tiltak for å redusere risikoen for å få inn uønskte smittestoff og parasittar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.
- Les brev til Mattilsynet (pdf)