Ot.prp. nr. 28 (2004-2005)

Om lov om skogbruk (skogbrukslova)

Til innhaldsliste

7 Særmerknader til dei enkelte føresegnene

Til § 1. Formålet med lova

Lova retter seg mot dei som eig, brukar eller planleggjer bruk av skogen. Formålet gir signal om rammene for skogeigaren sin rett til utnytting av skogen, og set samstundes rammer for den virkemiddelbruken som styresmaktene gjennomfører med heimel i lova. Under behandlinga av St.meld. nr. 17 (1998-1999) Skogmeldinga, la Stortinget til grunn at den nye lova skulle vere ei næringslov med klare rammer for dei miljøomsyna som næringa skal ta. Departementet har lagt dette til grunn ved utforminga av føresegna om formålet for lova.

Den nye lova skal fremme ei berekraftig forvaltning. Innhaldet i dette omgrepet er forankra i internasjonale konvensjonar, og må også tolkast i lys av mellom anna Grunnlova § 110 b. Skogen skal forvaltast ut frå ei langsiktig og allsidig tilnærming der ein tek vare på framtidige generasjonar sine behov. Dette inneber at skog og skogareal blir forvalta og brukt på ein måte og i eit tempo som kan oppretthalde det biologiske mangfaldet i skogen, produktiviteten, evna til fornying, vitaliteten i skogen og skogen sitt potensial for å oppfylle, i dag og for framtida, relevante økologiske, økonomiske, sosiale og kulturelle funksjonar. Det er også ein premiss at skogen blir forvalta slik at det ikkje fører til skade på andre økosystem. Denne forståinga er i samsvar med definisjonen av omgrepet berekraftig skogforvaltning slik definisjonen er utforma i samband med Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa (Resolution H1, 1993).

Lova skal fremme ei berekraftig forvaltning av skogen med sikte på verdiskaping. Det er såleis eit mål å leggje til rette for økonomisk næringsverksemd som kan skapa verdiar gjennom ein aktiv bruk av skogen. Lova gir rammer og retning for skogpolitikken framover, og gir samstundes skogeigaren fridom under ansvar. Verdiskapingsmålet femner heile verdikjeda frå tiltak i skogen til foredling og verdiskaping i industrien og marknaden. Dei fleste føresegnene i lova tek likevel sikte på å regulere skogbruksverksemda. Målet omfattar også verdiar knytt til produksjon av miljøgode og verdiar som kan vere viktige for å drive annan næring knytt til eigedommane.

Formålet femner også om sikring av det biologiske mangfaldet. Biologisk mangfald omfattar variasjon av levande organismer av alt opphav. Biologisk mangfald har primært fokus på det som er «levande», men også på samspelet mellom levande organismar og ikkje-biologiske faktorar.

Det skal også takast omsyn til landskapsbiletet. Føresegna byggjer på at landskapet er eit samfunnsgode som skogbruket formar og har ansvar for. Føresegna er ikkje til hinder for at landskapet blir endra over tid i takt med utviklinga i skogbruket eller i takt med anna verksemd i området. Ein må sjå omsynet til landskapsbiletet i samanheng med natur- og kulturelement som heng saman med landskapet, til dømes bekker, fløytingsdammar, vassvegar, våtmarker eller vegetasjonsbelter langs vassdrag og jorder.

Det er eit mål å utvikle vidare og ta vare på verdiar knytt til friluftsliv og opplevingar slik at skogen kan bli brukt som arena for fysisk aktivitet. Omgrepet «friluftslivet» må tolkast i samsvar med det tilsvarande omgrepet i friluftslova. Det er såleis ikkje meininga å gi føresegna eit anna innhald enn etter gjeldande lov. Døme på slike aktivitetar kan vere turgåing til fots og på ski, kombinert med overnatting i telt eller under ope himmel.

I formålet nemner ein også at ein skal sikre kulturverdiane. Dette er nytt i høve til gjeldande lov, men ikkje nytt i høve til praksis etter gjeldande lov. Omgrepet tar sikte på kulturminne og andre kulturverdiar knytt til skog og kulturlandskap.

Taler omsynet til miljøet og ønsket om verdiskaping for ulike løysingar, må det vurderast konkret kva for forvaltning som på lang sikt gir det beste resultatet for samfunnet.

Til § 2. Virkefeltet for lova

Den nye skogbrukslova gjeld skogbruk. Ved anna verksemd er det nødvendig å avklare eventuelle tiltak etter anna lovverk; først og fremst i høve til reglane i plan- og bygningslova.

Forslag til § 2 første ledd inneber inga realitetsendring når det gjeld virkefeltet for lova. Lova skal gjelde all skog og skogmark. Med skogmark meiner ein grunn som er skogproduserande eller som etter ei samla vurdering er best egna til skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.

Ved tolkinga av «skog» og «grunn som er skogproduserande» gir dei internasjonale definisjonar som er gitt i regi av FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) rettleiing. Dette inneber at skog omfattar areal som er tresett, og der omfanget av trekronene til saman dekkjer minst 10% av arealet, og der trea er, eller dei kan bli, minst fem meter høge. Areal med yngre tre der tresettinga ikkje fyller desse kriteria, men der ein kan vente at dette skjer på sikt, må også omfattast. Det same gjeld areal som i ein mellombels fase er utan tresetting på grunn av hogst eller andre naturlege årsaker, men der ein kan vente at arealet blir tresett i framtida. Tre i hagar og parkar er ikkje omfatta av omgrepet, men der det står skog på arealet gjeld skogbrukslova sjølv om arealet i plan etter plan- og bygningslova er regulert eller lagt ut til andre formål enn landbruk. I slike høve kan kommunen i reguleringsføresegner fastsetje at lova ikkje skal gjelde. Omgrepet «all skog» viser elles at lova gjeld alle treslag som veks naturleg i Noreg.

Omgrepet «som etter ei samla vurdering er best egna til skogproduksjon» femner grunn der skogen er avverka, men det kan også femne andre areal. Når det i ordlyden blir lagt vekt på «ei samla vurdering», må ein ta utgangspunkt i objektive kriterium knytt til areala, og desse kriteria må tolkast i lys av § 1 og den enkelte føresegna i lova. Døme på slike kriterium er økonomi, miljøomsyn osb. Ein må sjå på kva for areal som kan gi avkasting, og gjere ei økonomisk vurdering av innsatsmidla i høve til pårekneleg avkasting. Arealet må kunne gi grunnlag for skogbruk, og det må leggjast til grunn ei noko breiare vurdering av kva dette femner enn tidlegare. Moment i denne vurderinga er såleis storleiken på arealet, om det ligg isolert i høve til anna dyrka mark og om det er omslutta av skog. Eit moment er også kulturlandskapet som arealet er ein del av.

Forslaget til § 2 andre ledd er ei ny føresegn som lovfestar gjeldande tolking av virkefeltet for gjeldande lov. Det går fram at lova gjeld sjølv om området er verna etter naturvernlova, eller er lagt ut til andre formål enn landbruk etter plan- og bygningslova. Skog og grunn som nemnt i første ledd er likevel ikkje omfatta av virkefeltet i lova dersom det går fram av vernevedtak etter naturvernlova eller vedtak etter plan- og bygningslova eller føresegner knytt til vedtaket at heile eller deler av lova ikkje skal gjelde.

Tredje ledd i forslaget kjem i staden for § 3 siste ledd i gjeldande skogbrukslov. Forslaget er ei presisering av at dei rettane reindriftssamane har til trevirke og brensel etter reindriftslova § 13 andre, tredje eller fjerde ledd ikkje vert endra gjennom skogbrukslova. Omgrepet «reindriftssamane» femner dei som driv lovleg reindrift, og som såleis har rett til trevirke og brensel etter reindriftslova § 13.

Tiltak i skog kan omfattast av anna regelverk, til dømes av lov 24. november 2000 om vassdrag og grunnvann. Der tiltaket kan få nemnande følgjer i form av skade eller ulempe for ålmenne interesser i vassdraget må tiltakshavaren ha konsesjon etter vannressursloven § 8. Vannressursloven § 20 e) gir heimel for forskrift med det formålet å unngå dobbeltbehandling av saker som gjeld landbruksveg etter gjeldande skogbrukslov § 17a, og blir ført vidare i høve til lovutkastet § 7.

Til § 3. Skogbruksstyresmakt

Departementet foreslår i § 3 føresegner om fordeling av mynde etter lova. Føresegna tar utgangspunkt i at skogbruksstyresmakta ut over departementet er kommunen, Fylkesmannen, og fylkeslandbruksstyret. Føresegna må sjåast på bakgrunn av St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå og den auka overføringa av mynde til kommunane som følgjer av stortingsmeldinga. Departementet er øvste skogbruksstyresmakt, og kan overføre mynde til andre forvaltningsorgan. Fylkeslandbruksstyret, Fylkesmannen og kommunen har slikt mynde som følgjer av føresegnene i lova eller av forskrift eller anna avgjerd fastsett av departementet.

§ 3 i den nye lova, og fordelinga av mynde i dei enkelte føresegnene i lova, tek ein utgangspunkt i at kommunane i det alt vesentlege skal være styresmakt i første instans. Berre i nokre få føresegner er Fylkesmannen eller fylkeslandbruksstyret første instans. Det er nytt at det går direkte fram av lova at kommunen er første instans. Føresegna er ikkje meint å vere til hinder for at kommunen legg oppgåver til interkommunale organ.

Det går fram av andre ledd at oppgåver som i eller i medhald av lova er lagt til kommunen kan behandlast av overordna organ. Føresegna er ei vidareføring av føresegn i gjeldande skogbrukslov. Føresegna er ein unntaksregel, og slik behandling kan berre vere aktuell i saker som må samordnast over kommunegrensene, eller saker som er viktige ut frå nasjonale interesser. Døme på dette er tiltak etter lovutkastet § 9. I dei seinare åra har den tilsvarande heimelen i gjeldande lov blitt nytta m. a. ved innføring av meldeplikt for hogst knytt til likearta område i fleire kommunar. Føresegna bør til dømes kunne brukast i slike saker.

I tredje ledd fører ein vidare ei føresegn om mynde der kommunar eller fylkeskommunar eig skog. Dette gjeld skog som kommunen eller fylkeskommunen eig aleine og skog kommunen eller fylkeskommunen måtte eige i sameige med andre.

Til § 4. Skogeigar sitt forvaltaransvar

Skogeigaren sin rett til sjølv å blinke og stelle skogen sin bygde på prinsippet om fridom under ansvar. Retten går fram av gjeldande lov § 15. I lovutkastet § 4 ønskjer ein å føre prinsippet vidare. I moderne skogbruk er det ikkje lenger blinking i tradisjonell forstand i skogen. Det er også langt færre skogeigarar som sjølv gjer praktisk arbeid i skogen. Lovutkastet § 4 byggjer derfor på det overordna ansvaret skogeigaren har for å administrere og følgje opp tiltak i skogen. Dette femner også ansvaret for å følgje utviklinga på skogareala i ulike fasar. Ansvaret for denne forvaltninga av skogressursane blir i § 4 plassert hos den enkelte skogeigaren. Føresegna endrar ikkje skogeigaren sin rett til å bestemme (blinke eller på annan måte merke) kva som skal hoggast. Ho endrar heller ikkje skogeigaren sin rett til å stelle skogen sin. Føresegna framhever kva for interesser skogeigaren må ta omsyn til når han bruker retten sin til å merke og stelle skogen.

Føresegna legg eit «forvaltaransvar» på grunneigaren. Dette omgrepet er med på å formidle ein verdibodskap. Med forvaltaransvar meiner ein det ansvaret den enkelte har for å ta vare på og forvalte naturen som ein felles ressurs. Forvaltaransvaret er knytt til tiltak skogeigaren vil gjere i skogen, det er ikkje ein handleplikt, jf. bruken av omgrepet «tiltak» som tek sikte på aktive handlingar. Ansvaret er etter dette ein generell regel om krav til aktsemd i samband med skogbrukstiltak. Det går fram av lovutkastet at skogeigaren skal sjå til at tiltak i skogen blir gjennomført i samsvar med lov og forskrifter.

Føresegna legg til grunn at skogeigaren skal ha «oversikt over» miljøverdiane ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Plikt til å ha oversikt over miljøverdiane følgjer av miljøinformasjonslova. Føresegna i skogbrukslova er kopla til den aktiviteten skogeigaren gjer i skogen. Føresegna må tolkast på same måte som føresegnene i miljøinformasjonslova. Har skogeigaren fått utarbeidd skogbruksplan, krev dette ikkje meir enn det som står i planen. Har han ikkje slik plan, må han vite like mykje som ein slik plan ville vist, og ta dei same omsyna.

I lovutkastet § 4 andre ledd går det fram at grunneigaren skal sjå til at dei som gjer arbeid i skogen rettar seg etter lova, og forskriftene. Skogeigaren si plikt gjeld personar som eigaren har i arbeid for seg, anten dei er tilsette, eller leigde sjølvstendige entreprenørar. Eigaren har ikkje ansvar for andre, han har til dømes ikkje ansvar for at ein reindriftssame som nyttar retten sin etter reindriftslova 13 jf. lovutkastet § 2 siste ledd rettar seg etter lova eller forskriftene.

I tredje ledd foreslår departementet ei føresegn som gir departementet ein meir presis heimel enn i dag til å fastsetje forskrifter om dei omsyna skogeigaren skal ta i høve til miljøet.

Til § 5. Skogregistrering og skogbruksplan

Føresegnene i § 5 byggjer på reglane i kapittel V i nogjeldande lov om skogbruk og skogvern.

Første ledd definerer kva skogbruksplanlegginga omfattar. Innhaldet i første ledd byggjer på definisjonane som er lagt til grunn for reglane i gjeldande lov, der omgrepa skogbruksplan og skogregistrering er sentrale. Skogregistreringa skal både gi oversikt over skog- og miljøressursane, det er ikkje nok å registrere miljøressursane på eigedomen.

Departementet foreslår med reglane i andre ledd første punktum å føre vidare heimelen til å gjennomføre ei registrering av eit område med mange eigedommar og eigarar. Det inneber at ein kan gjennomføre ei registrering sjølv om ikkje alle skogeigarane har tinga skogbruksplan. Departementet foreslår som ein ny regel at skogeigarane skal ha melding om at registreringa blir gjort. Plikta til å gi slik melding rettar seg mot dei som skal setje registreringa i gang.

Det går fram av andre ledd tredje punktum at oversikter over miljøverdiane som kjem fram gjennom skogbruksplanlegginga skal vere offentleg tilgjengelege. Føresegna i skogbrukslova er ein regel bygd på pliktene i miljøinformasjonslova, og føresegna må tolkast som ei tilvising til miljøinformasjonslova som heimel for opplysningspliktene.

§ 5 byggjer ikkje på eit generelt krav om at alle skogeigarar skal ha skogbruksplanar. Utgangspunktet for vurderinga er forvaltaransvaret i § 4 der ein har lagt til grunn at den enkelte eigaren skal stå fritt innan rammene av lovverket til å forvalte eigen skog, og at eigaren har ansvar for å ta tilstrekkelege og rette miljøomsyn («fridom under ansvar»).

I andre ledd er det likevel innarbeidd ein heimel til å kunne påleggje skogeigarar å gjennomføre skogregistreringar, utarbeide ressursoversikter eller lage skogbruksplanar. Heimelen er ei utviding i høve til gjeldande reglar. Eit slikt pålegg kan etter departementet sitt syn til dømes vere tenleg der styresmaktene har fatta vedtak etter lovutkastet § 9 med påbod om hogst eller skogkultur på grunn av at skogen er skada som følgje av brann, naturulykker eller manglande stell. Føresegna fastslår at skogbruksstyresmaktene etter ei konkret vurdering av eit område kan gi pålegg om gjennomføring av skogregistreringar og utarbeiding av skogbruksplan. Dette området kan omfatte ein eller fleire eigedommar.

Tredje ledd siste punktum gir heimel for å gi forskrift om skogregistrering og skogbruksplanlegging. Slike reglar har tidlegare blitt gitt i forskrifter om tilskot til skogbruksplanlegging. Forskrifta kan omfatte innhaldet i planen, og gi reglar om korleis data frå registreringane skal forvaltast. Ein må sjå forskrifta i samanheng med føresegna i andre ledd tredje punktum om at oversikter over miljøverdiane skal vere offentlege.

Til § 6. Forynging og stell av skog

Departementet foreslår at den plikta skogeigaren har etter nogjeldande lov § 17 til å sørgje for forynging av ny skog etter hogst blir ført vidare i ny skogbrukslov. Det går fram av gjeldande lov at skogeigaren er ansvarleg for gjennomføringa av skogkulturarbeid. I lovutkastet § 6 går det fram at skogeigaren skal sørgje for tilfredstillande forynging etter hogst. Departementet meiner med dette å presisere ansvaret for forynging klarare, og også vise at det er behov for å betre innsatsen når det gjeld forynging innafor dei ansvarsrammene skogeigaren har etter gjeldande lov.

Det må stillast visse minimumskrav til forynginga. Dette går fram av omgrepet «tilfredsstillande». Arealet skal etter dette utnyttast i samsvar med det som er vanleg for tilsvarande areal. Skal forynginga etter hogst vere tilfredsstillande må ein også ta høveleg omsyn til dei miljøkrava som er stilt opp i lova. Kva ein skal rekne for tilfredsstillande forynging er avhengig av ei rekkje tilhøve på staden, og det må såleis byggje på eit samla skjønn. Det vil likevel vera relativt enkelt å avgjere om ein står overfor eit høve der det er eit klart brot på plikta til forynging. I fjerde ledd har ein foreslått ein forskriftsheimel som gjer det mogleg å definere nærare kva som ligg i dette omgrepet.

Skogeigaren pliktar etter forslaget å sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Med omgrepet «sjå til» meiner ein at skogeigaren før hogst må planleggje korleis forynginga skal gjennomførast.

I første ledd andre punktum foreslår departementet ein frist på 3 år for skogeigaren til å leggje til rette for nødvendige tiltak for å sikre tilfredstillande forynging. Omgrepet «leggje til rette for nødvendige tiltak» må ein forstå slik at det må vere lagt til rette for forynging på heile arealet. Ein må vurdere konkret kva som er eit «nødvendig tiltak». Det kan til dømes vere nødvendig å plante. I andre høve kan det vere aktuelt å leggje til rette for naturleg forynging ved å setje att frøtre. Det kan og vere nødvendig med markriving.

Kommunen har etter lovutkastet § 20 ansvaret for å halde kontroll med at skogeigaren gjer det han skal etter lova. Blir det ikkje forynga eller lagt til rette for forynging skal kommunen ta opp saka og ta stilling til kva for tiltak som skal setjast inn. I andre ledd foreslår departementet ein regel som gir kommunen høve til å treffe vedtak som pålegg eigaren å setje i verk tiltak for å sikre at arealet vert forynga. Forslaget inneber ikkje at kommunen kan påleggje skogeigaren å planleggje korleis forynginga skal skje. Ein foreslår ein regel som gir kommunen rett til å velje om det skal gjevast pålegg eller ikkje. Tilhøva kan vera slik på staden at det ikkje er pårekneleg eller ønskeleg med skogproduksjon på det aktuelle arealet. Når det gjeld plikta til å plante, må dei tiltaka kommunen pålegg stå i rimeleg forhold til lønnsemda. Føresegna bør praktiserast slik at skogeigaren ikkje får pålegg om uforholdsmessige tiltak til dømes etter naturskadar eller angrep av sjukdommar eller viltskadar.

Andre ledd andre punktum inneber at kommunen, dersom det blir fastsett pålegg om tiltak, skal setje ein frist for iverksetjing av tiltaket. Denne fristen kan kommunen ikkje setje til lenger enn 2 år. Etter andre ledd tredje punktum skal kommunen sørgje for at nødvendige tiltak blir utførte dersom skogeigaren sjølv ikkje set i verk tiltaka innafor fristen. Det er nytt i høve til gjeldande lov at kommunen etter at denne fristen er ute kan sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen kan krevje kostnadene dekt frå middel som er avsett på skogfondet. Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg.

Kommunen sitt ansvar femner også andre tiltak knytt til stell av skogen. Tredje ledd gir kommunen heimel til å gripe inn og nekte, avgrense eller setje vilkår for å plante i skoglause område og ved skifte av treslag, grøfting, gjødsling eller bruk av plantevernmiddel dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre store negative effektar på miljøverdiane. Med miljøverdiane siktar ein til dei verdiane som er nemnde i § 1.

Det er kommunen som etter lova skal vurdere om det er nødvendig å nekte eller setje vilkår i medhald av føresegna. Kommunen sine avgjerder er enkeltvedtak som kan påklagast på vanleg måte. Omgrepet «nødvendig» inneber at kommunen ikkje kan avslå eller setje vilkår dersom dei store negative effektane kan avbøtast på annan måte.

Når kommunen vurderer om tiltaket kan føre til «store negative effektar», kan kommunen vurdere effektane på den eigedommen der skogbrukstiltaket blir sett i verk. Kommunen kan også vurdere effektane for omkringliggande eigedommar. I tillegg kan kommunen vurdere kor viktig det er ikkje å skade nettopp dei miljøverdiane som gjer seg gjeldande i det konkrete høvet.

I fjerde ledd er det gitt ein heimel for å gi nærare forskrifter etter denne føresegna. Forskrifta om forynging og stell av skog bør gi nærare definisjonar for ein del av dei omgrepa som blir nytta, og fastsetje nærare kva som ligg i ansvaret for å følgje opp forynginga med ulike tiltak, mellom anna kor tett plantene bør stå og val av treslag.

Til § 7. Vegbygging i skog

Etter gjeldande lov om skogbruk og skogvern § 17 a og jordlova § 11 tredje ledd kan departementet fastsetje forskrift med føresegn om at landbruksstyresmaktene kan nekte å godkjenne plan for mellom anna vegbygging, dersom det finn at gjennomføring av planen vil redusera moglegheitene for andre meir tenlege heilskapsløysingar eller det vil føre til vesentleg skade for friluftslivet eller naturmiljøet.

I lovutkastet § 7 første ledd har ein teke inn ei føresegn som inneber eit generelt forbod mot å byggje vegar til skogbruksformål utan at det på førehand er innhenta løyve frå kommunen. Forbodet gjeld også ombygging av eldre vegar. Med ombygging meiner ein til dømes tilfelle der vegtraseen delvis blir lagt om, der breidda på vegen blir utvida vesentleg, eller der det blir etablert nye grøfter. Det er ikkje tale om ombygging ved vanleg vedlikehald eller opprusting som følgje av dårleg vedlikehald over år.

Det følgjer av avgrensinga i lovutkastet § 2 andre ledd at vegar som skal byggjast i områder der det er fastsett særskilde reglar for vegbygging etter anna lovverk ikkje er omfatta av føresegna. I mange høve vil vegbygging i skog ofte krevje avklaringar etter anna lovverk før vegen kan byggjast. Eit døme på dette er plikta etter kulturminnelova § 9 til å gjere undersøkingar eller føresegna i vannressurslova § 8 som krev løyve der eit vassdragstiltak kan vere til skade eller ulempe i vassdraget.

Dersom det er behov for vegen i samband med tilkomst eller drift av landbrukseigedommen, og bygging av vegen vil gi økonomisk vinst ved jord- eller skogbruksdrift, bør ein leggje til grunn at vegen tener landbruksformål. Omgrepet «skogbruksformål» femner etter dette veg som tener eit transportbehov for forvaltning eller næringsmessig utnytting av skogen, og der drift av skogbruksressursane vil gi økonomisk vinst.

Føresegna må avgrensast i samsvar med avgrensinga av landbruksomgrepet etter plan- og bygningslova, jamfør den omtalen som er gitt av dette omgrepet under kapittel 6.4.5.2. Omgrepet omfattar såleis her som elles også reindrift. Skal vegen i det vesentlege tene andre formål enn landbruk, må bygging og opprusting følgje dei vanlege reglane for veganlegg.

Omgrepet «vegar» femner bilvegar og traktorvegar som skal tene formål som nemnt i avsnittet over.

Ved avgjerda av om det skal gjevast løyve skal skogbruksstyresmakta etter forslaget leggje vekt på «viktige miljøverdiar». Dette er eit moment som kan føre til at søknaden blir avslått. Ved kommunen og ved klageinstansen si behandling er det såleis viktig å få saka tilstrekkeleg opplyst, det vil seie å få fram kva for miljøinteresser som gjer seg gjeldande, mellom anna ved kontakt med miljøstyresmaktene, og med kva for tyngde desse interessene er til stades. Omgrepet femner mellom anna verdiar knytt til det biologiske mangfaldet, landskap, friluftsliv og kulturverdiane i skogen, jf. forslaget § 1. Ved avgjerda skal det også leggjast vekt på om vegplanen sikrar «landbruksfaglege heilskapsløysingar». Det inneber at skogbruksstyresmakta kan leggje vekt på om vegen kan tilpassast andre omsyn knytt til eigaren si forvaltning av areala, eller om fleire driftseiningar bør kunne gjere bruk av vegen. Når ein etter andre punktum skal leggje vekt på å oppnå eit rasjonelt vegnett der ein og tek omsyn til den nytten vegen kan få for andre landbrukseigedomar, skal det leggjast vekt på slike vegløysingar som kan gi tenlege traséval.

I tredje ledd er det teke inn ein heimel for å gi forskrifter på dette området. Teksten er forenkla i høve til § 17 a i gjeldande lov om skogbruk og skogvern, men departementet føreset at ei forskrift etter den nye lova vil innehalde dei same momenta som tidlegare.

Til § 8. Hogst og måling

Ved hogst «skal» det, etter føresegna takast slike omsyn som føresegna fastset for hogsten. Grunneigaren eller dei som gjer arbeidet for han kan såleis ikkje velje å sjå bort frå det som går fram av føresegna. Med hogst meiner ein all form for hogst, til dømes både sluttavverking og tynningshogst.

Omgrepet «framtidige produksjon og forynging» tek mellom anna sikte på å hindre at hogst skjer på ein slik måte at store område blir skoglause for lengre tid, at det oppstår ei varig eller vesentleg minske i produksjonen av skog, eller at forynginga av skogen blir unødig forseinka.

Ein hogst kan få konsekvensar for allmenta si bruk av stiger, løyper og andre ferdselsårer. I andre punktum foreslår departementet at skogeigaren sine plikter i denne samanhengen blir knytt til omgrepet «unødig». Skogeigaren må ved hogst ta omsyn til miljøverdiane, men som etter gjeldande lov må han kunne hogge sjølv om dette fører til at det blir vanskelegare for allmenta å ta seg fram på stigar, i løyper og langs andre ferdselsårer.

Departementet foreslår i første ledd siste punktum ei føresegn som gir kommunen høve til å påleggje skogeigaren å rette opp køyreskadar. Kommunen kan gi slikt pålegg sjølv om skadane har vore nødvendig av omsyn til hogsten.

Departementet foreslår i andre ledd ein tilsvarande regel som i § 16, fjerde ledd i gjeldande lov. Skogbruksstyresmakta får heimel til heilt eller delvis å nekte ein hogst som kan føre til vesentlege ulemper knytt til produksjonsgrunnlaget eller for miljøverdiane. Føresegna retter seg i første rekkje mot omfattande hogster, jf. omtalen av omgrepet "framtidig produksjon og forynging" ovanfor, og hogster som kan få stor påverknad mellom anna på vassdrag, klima eller faren for erosjon. Her vil formålet med meldeplikta eller vedtaket om å verne skogen vise grunnlaget for å nekte eller avgrense ein hogst.

Departementet foreslår i tredje ledd ein tilsvarande regel om måleplikt som i § 16, siste ledd i gjeldande lov.

Til § 9. Førebyggande tiltak

Første ledd kjem i staden for § 28 i gjeldande lov om skogbruk og skogvern, som har overskrifta «Tiltak mot insekt- og soppangrep o.l.» Departementet foreslår ei sterkt forenkla føresegn, men det er meint at ho skal innehalde det same grunnlaget for å gripe inn når det er fare for at insekt eller sopp o.1. kan skade skogområde av eit visst omfang. Ansvaret for overvaking av helsetilstanden i skogen, og heimelen til å setje i verk tiltak for å ta kampen opp mot eventuelle angrep, blir i forslaget lagt til kommunen.

Meininga med føresegna er at kommunen skal setje i verk førebyggjande tiltak når situasjonen i skogen er slik lova seier. Forslaget inneber at kommunen skal reagere allereie når det er fare for at skade kan skje. Departementet legg til grunn at omgrepet «skal» likevel ikkje kan tolkast så strengt at kommunen skal setje i verk tiltak i alle høve, jf. uttrykket «nødvendig». Kommunen står ikkje fritt til å setje i verk tiltak i område som har eit strengt vern etter naturvernlova, til dømes i naturreservat. I slike høve kan tiltaket gjennomførast dersom det kan sameinast med vernevedtaket. Der det er grunn til å tru at skadesituasjonen på andre areal vil bli vesentleg betre dersom det også blir gjort tiltak innafor verneområdet, må eventuelle tiltak avklarast med forvaltningsstyresmaktene for verneområdet.

Forslaget inneber elles at det aktuelle området som står i fare for å bli skada må ha ein viss storleik for at kommunen skal kunne setje i verk tiltak. Departementet foreslår omgrepet «større skogområde». Ein har valt omgrepet for å få fram at kommunen ikkje kan setje i verk tiltak dersom faren berre gjeld eit avgrensa område.

Departementet foreslår ei presisering i første ledd andre punktum for å få fram at tiltak kan setjast i verk også når det dreier seg om fleire eigedommar som ikkje blir eigd av dei same personane.

I første ledd tredje punktum kan kommunen gå ut over virkefeltet etter § 2, anten gjennom eigne tiltak eller gjennom pålegg til enkelte skogeigarar. Tiltak og pålegg vil kunne gjelde i til dømes industriområde, parker og hagar.

Departementet kan fastsetje forskrifter om kva for tiltak som kan vere nødvendige, og om korleis utgiftene i samband med tiltaka skal dekkjast. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen er tvangsgrunnlag for utlegg.

Fører beiting av hjortevilt til vesentlege skadar på skog under forynging, eller er slik beiting ei vesentleg hindring for å oppfylle plikta til forynging etter lovutkastet § 6, fastset lovutkastet § 9 andre ledd ei plikt for kommunen som viltorgan etter viltlova til å vurdere behovet for å regulere bestanden av hjortevilt slik at beitetrykket blir redusert. Plikta er omtala i kapittel 6.5.5.2.

Til § 10. Tiltak etter skadar på skog

Denne føresegna kjem i staden for §§ 22 og 23 i gjeldande lov. Departementet har valt å slå saman alle tilfelle av skade på skog til ei meir summarisk føresegn, og gi kommunen ansvaret for å fatte vedtak som pålegg skogeigaren å utføre tiltak med sikte på å reparere eller rette opp att skaden.

Kommunen kan setje i verk slike tiltak som er nødvendige for å rette opp skadane. Departementet legg til grunn at dette gir kommunen heimel til mellom anna å påleggje skogeigarane å gjennomføre slike tiltak.

Som for § 9 legg departementet til grunn at denne føresegna normalt ikkje vil vere aktuelt at kommunen set i verk tiltak i område som har eit strengt vern etter naturvernlova. Eventuelle tiltak må i slike høve avklarast i ein dialog mellom skogstyresmaktene og miljøstyresmaktene.

Til § 11. Meldeplikt

Denne føresegna fører vidare ordninga med meldeplikt etter § 19 i gjeldande lov om skogbruk og skogvern, men føresegna er gjort noko meir generell. Føresegna byggjer på at kommunane skal ha eit val med tanke på korleis dei vil skjøtte oppgåva si som skogbruksstyresmakt, og ho viser at det er eit kommunalt ansvar å føre kontroll med praktiseringa av føresegnene i lova. Føresegna om meldeplikt er gjort kortare, og ho omfattar alle tiltak i skog, ikkje berre dei som er ramsa opp i § 19 (1. ledd, bokstavane a og b) i gjeldande lov.

Meldeplikt kan innførast når kommunen finn det nødvendig for å føre kontroll med at lova blir følgt. Meldeplikt kan såleis innførast ut frå miljøomsyn. Det er kommunen som skal avgjere om meldeplikt er nødvendig. Det inneber mellom anna at det er rom for noko ulik praksis frå kommune til kommune. Departementet meiner omgrepet «nødvendig» ikkje skal tolkast for strengt. Innafor dei rammene lova set, vel kommunen sjølv kva for tiltak meldeplikta skal omfatte. Er det innført meldeplikt, har skogeigarane ei plikt til å gi kommunen opplysning om det dersom han ønskjer å hogge eller gjere andre tiltak knytt til forynging og stell av skog.

Vedtaket om å innføre meldeplikt vil i nokre høve vere eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, men i andre høve vere ei forskrift. Dette spørsmålet er drøfta under kapittel 6.5.2.2.

I andre ledd er det ei føresegn som skal sikre at meldeplikta blir reell. Skogeigaren skal melde frå om hogsten seinast 3 veker før hogsten eller tiltaket er tenkt sett i verk. Meldinga skal vere skriftleg og gi opplysningar om dei planane eigaren har for hogsten eller tiltaket.

Det går fram av tredje ledd at skogeigaren kan starte opp tiltaket dersom kommunen ikkje har gitt svar på meldinga og det er gått 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen eller har gjort vedtak om at tiltaket ikkje kan setjast i verk med heimel i §§ 6 tredje ledd, 8 andre ledd eller med heimel i forskrift etter §§ 4 eller 7. Kommunen kan også svare at det trengst meir enn 3 veker for at kommunen kan ta konkret stilling til meldinga. Ei slik melding er nok til å bryte svarfristen, og tiltaket kan ikkje setjast i gang. Ei slik underretning er inga avgjerd i saka, og kan ikkje reknast som eit enkeltvedtak i høve til forvaltningslova.

Til § 12. Vernskog

Denne føresegna kjem i staden for §§ 32 og 33 i gjeldande skogbrukslov. Meininga med forslaget er å føre føresegner om verneskog vidare, slik at skogbrukstyresmaktene kan halde kontroll med skogområde som er sårbare på grunn av biologiske eller klimatiske forhold.

Føresegna er bygd opp på ein litt annan måte enn gjeldande føresegner. Det er gjort for å få klarare fram at det blir fatta eit vedtak for at skog skal vere vernskog. Omredigeringa er også gjort for å få klart fram at ein av dei tre situasjonane som nemnd i første ledd må vere oppfylt. Det er nok at ein av situasjonane ligg føre.

Definisjonen av omgrepet «vernskog» i første ledd er noko forenkla i høve til gjeldande skogbrukslov. Omgrepet «vern for annan skog» er det same som i gjeldande lov, og blir å forstå på same måte. Omgrepet «vern mot naturskadar» omfattar vern mot skred og ras, elvebrot, skadeflom, sandflukt eller liknande. Føresegna byggjer også på at fylkeslandbruksstyret kan fatte vedtak i områder der skogen er sårbar slik at det er nødvendig å kontrollere at skogen ikkje blir øydelagt ved feil skogbehandling. Omgrepet «sårbar» femner vanskelege tilhøve for forynging og liten vekstevne. Det er lagt til grunn i lovutkastet at skogområde opp mot fjellet eller ut mot havet også kan vere så sårbare at det kan fastsetjast at området skal vere vernskog. Eit anna døme på sårbar skog som er særleg nemnt i gjeldande lov er område som ligg «høyt mot nord».

Med omgrepet «feil skogbehandling» meiner ein det same som omgrepa «mishandling eller feilaktig hogst» i gjeldande lov.

Etter gjeldande føresegner kan departementet bestemme at skog eller visse typar av skog skal sjåast som verneskog. Etter lovforslaget andre ledd bestemmer fylkeslandbruksstyret om skogen skal vere vernskog og styret fastset grensene for verneskogen. Fylkeslandbruksstyret skal også gi reglar for forvaltninga av verneskogen, og kan gi reglar om meldeplikt. For å sikre at saka blir tilstrekkeleg opplyst, jf. reglane i forvaltningslova, bør fylkeslandbruksstyra leggje saka fram for kommunane før dei fattar vedtak om verneområde.

Til § 13. Skogområde av særleg miljøverdi

Føresegna er ei vidareføring av § 17 b i gjeldande lov.

Føresegna tek sikte på område som er viktige for friluftslivet i bynære strok, men det er også meininga at heimelen skal kunne brukast i område som har eit spesielt biologisk mangfald som det er viktig å verne om. Føresegna kan dessutan brukast i område der landskapet er særmerkt eller der det er kulturminne som det er viktig å verne om.

Restriksjonane på skogbehandlinga kan såleis berre fastsetjast for skogområde av særleg miljøverdi. Føresegna nemner ei rekkje miljøverdiar som er aktuelle for at det kan fastsetjast restriksjonar.

Omgrepet «restriksjonar» femner dei same restriksjonane som ein har i gjeldande § 17 b. Det kan mellom anna fastsetjast forbod mot eller innskrenking i hogst, felling av visse typar tre, hogst på spesielle stader, bruk av større terrenggåande maskinar, og bygging av skogsvegar eller andre tekniske anlegg. Det kan såleis påleggjast restriksjonar etter denne føresegna som går lenger enn det ein kan påleggje i område utan særleg miljøverdi. Ulike bruks- og verneinteresser knytt til dei enkelte skogområda kan variere frå stad til stad, og skogbruksstyresmakta lokalt og regionalt bør gi råd om kva for restriksjonar som er aktuelle og om kor omfattande dei bør vere.

Det er eit krav om at den verksemda som det er aktuelt å leggje restriksjonar på, kan føre til vesentleg skade eller ulempe for miljøverdiane. Ved vurderinga av kva som er vesentleg skade må ein byggje på ei samla vurdering der storleiken på det skadde arealet, tida det vil ta å lege skaden (her kjem klimatilhøve inn), og kor viktig det er å verne nettopp til dømes den aktuelle arten eller landskapet. Også ved vurderinga av kva som er vesentleg ulempe må ein byggje på ei samla vurdering. Eit døme på vesentleg ulempe for friluftslivet kan vere dersom ei skiløype som er viktig for allmenta blir brukt som transporttrase eller velteplass for tømmer, slik at det blir vesentleg vanskelegare å bruke løypa I slike høve kan ein trekke inn i vurderinga kor mange det er som blir påført ulempa.

Til § 14. Innbetaling til skogfond

Departementet foreslår at ein i den nye lova skal bruke omgrepet skogfond om dei midla skogeigaren skal setje av og føre tilbake til skogen gjennom langsiktige investeringar. Gjeldande lov omtaler dette som skogavgift. Namneendringa inneber inga realitetsendring og bakgrunnen for endringa er omtalt tidligare, jamfør kapittel 6.7.1.3.

Føresegna samanfattar og erstattar innhaldet i §§ 41, 42, 43, 44, 45 og 47 i gjeldande lov.

Første ledd gir ein definisjon på kva skogfondet skal vere. Skogfondet er ikkje ei statleg avgift, men ei privat fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for ei berekraftig finansiering av skogressursane.

Andre ledd gir nærare opplysningar om plikta til å innbetale til skogfondet, og inneheld i det alt vesentlege dei same formuleringane som i § 41, første ledd i gjeldande lov. Det er ikkje meint at det skal vere nokon realitetsforskjell på dei reglane som gjeld i dag og dei ein nå foreslår. Plikta til å setje av middel gjeld ikkje skogeigaren sin bruk av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruk på eigedommen. Det inneber mellom anna at det ikkje er nokon plikt til å setje av middel når eigaren til dømes tek virke for å byggje ny driftsbygning eller for å restaurere gamle våningshus eller bygningar på garden («husbehov»).

Tredje ledd er ei samanfatning av § 43 i gjeldande lov. I medhald av gjeldande føresegn er det i 2004 11 skogeigarar som er gitt fritak for innbetaling av skogavgift. Fritaka er gitt av departementet. Departementet meiner at behandlinga av slike søknader bør leggjast til fylkesnivået slik det går fram i lovforslaget.

Fjerde ledd kjem i staden for § 47 i gjeldande skogbrukslov. Avsetnaden til skogfondet skal knytast til eigedommen, ikkje til skogeigaren som person.

Femte ledd gir heimel for departementet til å gi nærare forskrifter for berekning og innbetaling til skogfondet, og om den praktiske gjennomføringa av ordninga. Departementet kan med ein slik heimel fastsetje nærare reglar om skogfond innafor formålet i lova og i lys av dei interessene skognæringa har mellom anna fastsetje kva for produkt eller sortiment som skal gå inn under ordninga. Dei meir detaljerte reglane om avsetjing og bruk av skogfond som ein finn i gjeldande lov vil bli tekne med i nye forskrifter i den mon dei er nødvendige. Dette gjeld mellom anna §§ 42, 44, 45 og 47. Femte ledd gir også heimel for å fastsetje storleiken på avsetjinga til skogfondet. Etter gjeldande lov skal Kongen fastsetje storleiken kvart år. Denne heimelen blei delegert til departementet i 1984. Kravet til innbetaling av skogavgift etter gjeldande lov har i dei seinare åra vore det same. Departementet meiner at det er enklare å fastsetje satsane for eit lengre tidsrom enn for kvar enkelt sesong, og ein vil heller gjere endringar når det er behov for det. Den nye lovteksten er utforma i samsvar med dette, og det er lagt til grunn at departementet fastset storleiken på avsetjing til skogfondet.

Sjette ledd slår fast at avsetnaden til skogfond er tvangsgrunnlag for utlegg, jf. § 44 i gjeldande skogbrukslov. Gjeldande reglar om rente ved for sein innbetaling, og om forelding av krav knytt til skogfondsmiddel, vil bli tekne inn i ei forskrift etter sjette ledd.

Til § 15. Bruk av skogfondet

Føresegna erstattar § 46 om bruk og utbetaling av skogavgift i gjeldande skogbrukslov.

Den nye føresegna er forenkla, og tek utgangspunkt i det som etter lovforslaget er hovudmålet med ordninga med avsetjing til skogfondet. Det er dei langsiktige investeringane i skog som blir sikra gjennom bruk av skogfondsmiddel. I slike høve oppnår skogeigaren også dei skatteføremonene som går fram av skattelova § 8-2.

Dei viktigaste formåla som skogfondsmiddel kan bli brukt til er nemnde i andre ledd. Det er nytt at tiltak som tek sikte på å ta vare på viktige miljøkvalitetar i skogen er omfatta. Føresegna er ikkje uttømmande.

Tredje ledd gir heimel for forskrifter om bruken av skogfondsmiddel. Enkelte av dei meir detaljerte føresegnene i § 46 i gjeldande lov kan takast inn i forskrifta. Forskrifta kan også omfatte reglar om frigjeving av skogfondsmiddel dersom det ikkje er behov for investeringar i skogen. Skogeigaren skal ikkje trenge å ha store summar ståande som avsett skogfondsmiddel dersom det ikkje er behov for investeringar i skogen i næraste framtid, jf. § 43, siste ledd i gjeldande lov.

Til § 16. Renter av skogfondsmiddel

Denne føresegna erstattar § 48 i gjeldande skogbrukslov. Departementet legg opp til at forvaltninga og bruken av rentemidlar frå skogfond inntil vidare skal vere slik som det går fram av dei gjeldande forskriftene. Det inneber at det er administrasjon av ordninga og dekking av eventuelle tap rentemidla først og fremst skal brukast til. Det skal til dømes vera mogleg å leggje om administrasjonen og fordelinga av rentemidla mellom lokale, regionale og sentrale nivå.

Departementet har i andre ledd opna for ein meir aktiv bruk av rentemiddel som ikkje blir brukt til administrasjon av ordninga og eventuelle tap.

Til § 17. Avgift på skogsvirke for å fremme forsking og utvikling i skogbruket

Føresegna erstattar heile lov om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket av 9. november 1956, som departementet foreslår oppheva.

Forslaget legg opp til at departementet i forskrift kan krevje at det skal svarast ei avgift på skogsvirke. Formålet med forskrifta kan bare vere å fremme forsking og utvikling i skogbruket. Anna forsking er ikkje omfatta av føresegna.

Føresegna seier noko om kva innhald forskrifta kan ha. Departementet meiner det er mest formålstenleg at dei nærare detaljane går fram av forskrifter som kan bli endra og tilpassa etter skiftande rammevilkår for skogbruket.

Til § 18. Konkurranseavgrensande verksemd

Det går fram av lovutkastet § 18 at departementet i forskrift kan fastsetje at skogeigarane og organisasjonane deira skal ha rett til å samarbeide om produksjon og omsetjing av landbruksprodukt. Formålet med forskriftsheimelen er å sikre gjennomføring av skogpolitikken. Med skogeigarorganisasjonane meiner ein dei organisasjonane som finst i dag, Norges Skogeierforbund og NORSKOG og dei underliggande organisasjonane som høyrer til desse. Føresegna omfattar også eventuelle nye organisasjonar dersom det blir stifta slike i framtida. Som landbruksprodukt reknast produkt som er eit resultat av drifta av skogeigedomen.

Til § 19. Tilskot

Det er fleire statlege tilskotsordningar knytt til skogbruket. Tidlegare blei forskriftene om tilskot fastsette på grunnlag av Stortinget sitt budsjettvedtak. I lovforslaget § 19 har ein teke inn ei føresegn som gir ein slik heimel.

Til § 20. Tilsyn, kontroll og rapportering

Føresegna er ny. Bakgrunnen for forslaget er behandla under kapittel 6.3.2.3. Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne, og kontrollere at vedtak gitt med heimel i lova blir gjennomførte. Føresegna omfattar ein heimel til å gi nærare føresegner om den kommunale kontrollen.

Etter andre ledd har skogbruksstyresmakta rett til tilkomst til skog og utmark. Retten gjeld både tilkomst og tilgjenge i skog og utmark. Retten omfattar ferdsel med motorkjøretøy. Det dreier seg om ei oppgåve som er tillaten etter § 4a i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.

I tredje ledd er det lagt til grunn at skogbruksstyresmakta skal ha innsyn i sertifiseringsrapportar som blir utarbeidd i samband med skogbruksverksemda. I samband med utarbeiding av oversikter over skog- og virkesutviklinga kan såleis kommunen eller annan skogbruksstyresmakt krevje å få tilgang til det materialet skogeigaren, eit organ knytt til skogeigarorganisasjonane eller skogeigorganisasjonane har utarbeidd i samband med internkontroll og rapportar frå desse. Føresegna rettar seg mot dei skogeigarorganisasjonane som finst i dag, Norges Skogeierforbund og NORSKOG. Ordlyden i føresegna tek dessutan høgde for at det i framtida vil kunne etablerast nye skogeigarorganisasjonar.

Til § 21. Klage

Føresegna erstattar gjeldande lov § 14, 1. ledd, og har det same innhaldet som i gjeldande lov. Departementet meiner at fylkeslandbruksstyret bør vere klageinstans for saker etter skogbrukslova. I meir kurante saker, særleg knytt til skogfond og tilskotsordningane, som ikkje er av prinsipiell karakter, legg departementet opp til at Fylkesmannen kan vere klageinstans. Departementet vil fastsetje kven som er klageinstans i dei enkelte forskriftene.

Til § 22. Straff

Brot på føresegnene i lovutkastet §§ 6, 7, 8, 11, 12, 13, 14 eller 15 kan straffast med bøter eller fengsel inntil eitt år. Føresegna gjeld tiltak som skogeigaren set i verk utan heimel eller løyve, eller tiltak som er i strid med heimel eller løyve. Føresegna dekkjer også høve der skogeigaren let vere å setje i verk tiltak anten slik tiltaksplikt følgjer av lov, forskrift eller enkeltvedtak. Det kan også fastsetjast straff dersom skogeigaren ikkje betaler inn rett skogavgift, eller der avsetjing av avgift til forsking og utvikling i skogbruket jf. forskrift etter lovutkastet § 17 ikkje er gjort. Ut over dette kan det fastsetjast straff dersom skogeigaren har brote føresegner i forskrift om miljøansvaret eller vedtak fatta med heimel i denne forskrifta.

Ein kan berre dømmast til straff dersom brotet på lova er vesentleg. Ved vurderinga av om handlinga er vesentleg skal det særleg leggjast vekt på omfanget av brotet, på verknaden av handlinga, og på graden av utvist skyld. Det kan også leggjast vekt på om personen eller foretaket tidlegare er straffa for brot på lova eller forskrift gitt etter lova.

Brot på reglane i skogbrukslova kan i nokre høve også straffast etter anna lovgjeving, t.d. reglane i kulturminnelova og reglane om miljøkriminalitet i straffelova.

Til § 23. Tvangsmulkt

Brot på føresegnene i lova, forskriftene eller vedtak fatta med heimel i lova kan følgjast opp av skogbruksstyresmaktene ved at det blir fastsett ei tvangsmulkt. Mulkta kan fastsetjast for å sikre gjenoppretting av skade, eller for å tvinge skogeigaren til å gjennomføre dei pliktene han har etter lov, forskrift eller pålegg i enkeltvedtak. Har skogeigaren til dømes ikkje betalt inn skogavgift, ikkje gjennomført tilfredsstillande forynging etter hogst, eller ikkje følgd opp pålegg om gjenoppretting etter lovutkastet § 10, kan det fastsetjast ei tvangsmulkt for å få skogeigaren til å følgje opp i samsvar med lova eller vedtaket. Tvangsmulkt kan også fastsetjast i høve der skogeigaren har bygd veg i strid med løyvet og blitt pålagt å gjenopprette skade på miljøet.

Til § 24. Iverksetjingsreglar

I lovutkastet er det lagt til grunn at lova blir sett i kraft frå den tid Kongen avgjer.

Den nye skogbrukslova erstattar lov 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern. I § 17 har departementet også teke inn ein forskriftsheimel for å krevje ei slik avgift som er omhandla i lov 9. november 1956 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak for skogbruket. Ved iverksetjinga blir denne lova oppheva. Ut over dette blir lov 9. juni 1939 om husbruksskog oppheva ved iverksetjinga.

Det er såleis tre lover som heilt ut blir oppheva dersom forslaget til ny skogbrukslov blir vedteke.

Til § 25. Overgangsreglar

I lovutkastet § 25 går det fram at forskriftene og vedtaka skal gjelde fram til eventuelt nye forskrifter og vedtak blir fastsette i medhald av den nye lova. Dette gjeld til dømes ulike former for pålegg som er gitt etter skogbrukslova. Andre døme på slike vedtak er der det er innført meldeplikt, eller gitt retningslinjer for vernskog.

Ved fremme av proposisjonen er det ein husbruksskog igjen. Departementet har lagt til grunn at lov om husbruksskog framleis bør gjelde for denne skogen fram til eigarane har funne ei løysing på endringar i eigarform.

Til § 26. Endringar i andre lover

I lovutkastet § 26 foreslår departementet i pkt. 1-7 ei rekkje tekniske endringar i andre lover. Endringane er ei følgje av forslaget til ny skogbrukslov.

I § 26 nr. 8 foreslår departementet at tilvisinga til fylkeslandbruksstyret i odelslova §§ 16 siste ledd siste punktum, 24 første punktum, 31 andre ledd og 54 første ledd er skal endrast til landbruksmyndigheitene. Forslaget byggjer på at det etter gjeldande reglar er kommunen, ikkje fylkeslandbruksstyret som tek avgjerd i saker som gjeld konsesjon etter konsesjonslova og deling etter jordlova, medan fylkeslandbruksstyret tek avgjerd som klageinstans. Omgrepet landbruksmyndigheit er den myndigheit som har kompetanse til å avgjere realitetsspørsmålet anten saka gjeld søknad om deling eller søknad om konsesjon. Omgrepet dekkjer både behandling i første instans og behandling av klagesak. Endringa fører ikkje til noko realitetsendring.

Til forsida