Prop. 143 L (2010–2011)

Endringar i sjølova (gjennomføring av direktiv 2009/18/EF om gransking av sjøulykker mv.)

Til innhaldsliste

5 Merknader til lovendringsforslaget

Til § 8

Endringa er berre av administrativ art, og for skip som vert innførte i skipsregisteret, vel eigaren heimstaden blant dei byane og tettstadene ved kysten som det organet departementet bestemmer, har godkjent som heimstader. Dette organet vil bli utpekt i forskrift.

Til § 472

Definisjonen av omgrepet «sjøulykker» i andre ledd er omformulert og flytta til ny § 472 a bokstav e. I tredje ledd andre punktum er den spesielle definisjonen av omgrepet «sjøulykker» som gjeld for roroferjer og snøggåande passasjerskip, oppheva og ikkje vidareført. Direktivet har ikkje ulike definisjonar av omgrepet for ulike skipstypar. Tredje ledd tredje og fjerde punktum er flytta til ny § 472 a.

Til § 472 a

Første ledd inneheld ein definisjon av omgrepet «alvorlig ulykke», jf. artikkel 3 nr. 3 i direktivet, som viser til det materielle innhaldet i omgrepet i MSC-MEPC.3/Circ.3 frå IMO sin sjøtryggleikskomité og IMO sin komité for vern av havmiljøet (MEPC) av 18. desember 2008. Omgrepet omfattar dei noko mindre omfattande ulykkene der det har vore brann, eksplosjon o.a. Lista er ikkje uttømmande. Ulykka må igjen ha ført til ein av konsekvensane som er lista opp i nr. 1 til 3. Omgrepet overlèt til ei viss grad til granskingsorganet å vurdere om ei hending skal reknast som ei «alvorlig ulykke». Konsekvensane av at hendinga vert omfatta av bokstav a, er at granskingsorganet må gjere ei førebels vurdering etter § 476 tredje ledd for å avgjere om ulykka skal granskast. Dersom det vert sett i verk ei gransking, kan granskingsorganet utarbeide ein forenkla rapport, jf. utkastet til § 485 fjerde ledd.

Andre ledd definerer omgrepet «hurtiggående passasjerfartøy», jf. artikkel 3 nr. 5 i direktivet, som igjen viser til det materielle innhaldet i omgrepet i direktiv 1999/35/EF artikkel 2. Definisjonen i direktivet er endra ved direktiv 2002/84/EF, som viser til at det er SOLAS med seinare endringar som gjeld. Lovteksten reflekterer denne endringa. Omgrepet var tidlegare definert i § 472 tredje ledd fjerde punktum.

Tredje ledd definerer omgrepet «roroferge», jf. artikkel 3 nr. 5 i direktivet, som igjen viser til det materielle innhaldet i omgrepet i direktiv 1999/35/EF artikkel 2. Omgrepet var tidlegare definert i § 472 tredje ledd tredje punktum.

Fjerde ledd definerer omgrepet «sjøulykke», som tidlegare gjekk fram av § 472 andre ledd. Omgrepet er definert i artikkel 3 nr. 2 bokstav a i direktivet, som viser til det materielle innhaldet i omgrepet i IMO-koden om gransking av sjøulykker, kapittel 2 punkt 2.9. Omgrepet, som er i tråd med definisjonen i direktivet og i IMO-koden, er noko utvida i forhold til tidlegare, samtidig som nesten-ulykker ikkje lenger er omfatta. I den nemnde føresegna i IMO-koden er det også slått fast at omgrepet omfattar «the loss of a person from a ship». Dette er ikkje direkte attgitt i definisjonen, men vert omfatta av ordlyden «noen omkommer».

Femte ledd definerer omgrepet «svært alvorlig sjøulykke», jf. artikkel 3 nr. 2 bokstav b i direktivet, som viser til det materielle innhaldet i omgrepet i kapittel 2 punkt 2.22 i IMO-koden. Gjeldande rett inneheld ingen direkte parallell, men sjølova § 476 andre ledd om «alvorlige sjøulykker» gjorde greie for kva slags ulykker som var underlagde granskingsplikt. Det viktigaste i samband med omgrepet er då òg at utkastet til § 476 andre ledd slår fast at ei «svært alvorlig sjøulykke» skal granskast. I forhold til gjeldande rett er omgrepet noko utvida, mellom anna i den avsluttande passusen i ordlyden om at omgrepet også omfattar tilfelle der det har vore «umiddelbar fare» for at skipet skulle gå tapt, nokon skulle misse livet osv. Dette er ei særnorsk føresegn som er vidareført frå noverande § 476 andre ledd.

I artikkel 3 nr. 2 bokstav b i direktivet er uttrykket very serious casualty nytta, og som nemnt ovanfor skal denne ordlyden vere i samsvar med IMO-koden. I den opphavlege koden av 1997 var dette omgrepet definert, medan den endra koden av 2008 nyttar omgrepet very serious marine casualty. Innhaldet i omgrepa er likevel meir eller mindre identisk. Ved gjennomføringa av direktivet legg departementet til grunn det omgrepet som er nytta i den endra koden av 2008.

Sjette ledd fastset at skade som gjerast med hensikt, ikkje skal reknas som ei sjøulykke eller svært alvorleg sjøulykke.

Til § 473

Tredje ledd og fjerde ledd andre punktum vert oppheva. Føresegnene inneheld forskriftsfullmakter som i staden vert føreslått tekne inn som ny § 486 a.

Til § 475

§ 475 første ledd andre og tredje punktum, og tredje ledd, vert oppheva. Føresegnene inneheld forskriftsfullmakter som i staden vert føreslått tekne inn som ny § 486 a.

Til § 475 a

Paragrafen er ny og stiller opp ei plikt for alle til å sikre bevis etter ei sjøulykke. Føresegna gjennomfører artikkel 13 i direktivet. Uttrykket «så snart omstendighetene tillater det» tek omsyn til at det viktigaste ved ei sjøulykke er å sikre liv, helse, miljø og materielle verdiar. Men så snart situasjonen er slik at ein om bord eller hos reiarlaget får høve til det, skal ein sikre bevis som er «nødvendige for sikkerhetsundersøkelsen». Det sistnemnde uttrykket er noko skjønnsmessig, ettersom det like etter ulykka ikkje nødvendigvis vil vere opplagt kva for bevis som skal sikrast, men uttrykket omfattar i alle høve dei punkta som er nemnde i bokstav a til c.

Til § 476

Paragrafen er vesentleg endra på fleire punkt i forhold til den gjeldande paragrafen.

I første ledd første punktum er det presisert at granskinga seinast skal setjast i gang innan to månader etter at ulykka skjedde.

Andre ledd stiller opp ei plikt til å setje i verk gransking ved svært alvorlege sjøulykker, jf. § 472 a femte ledd, i dei tilfella som er nemnde i bokstav a til c. Bokstav a svarer til artikkel 5 nr. 1 bokstav a i direktivet. Bokstav b svarer til artikkel 5 nr. 1 bokstav b i direktivet. Ordlyden i direktivet er «sjøterritorium og indre farvatn», og det vert omfatta av omgrepet «innenfor riket». Bokstav c svarer til artikkel 5 nr. 1 bokstav b i direktivet. Presiseringa avslutningsvis i andre ledd om at granskingsplikta ikkje gjeld fiskefarty under 15 meter der skipet har gått tapt utan at nokon har mist livet, speglar att at direktivet ikkje gjeld for fiskefarty under denne storleiken, jf. artikkel 2 nr. 2 bokstav d.

Tredje ledd bestemmer at granskingsorganet skal gjere ei førebels vurdering for å avgjere om det skal setjast i verk gransking ved alvorlege ulykker, jf. § 472 a bokstav a. Føresegna svarer til artikkel 5 nr. 2 i direktivet. Føresegna har ingen parallell i gjeldande rett.

Fjerde ledd svarer til noverande tredje ledd. Forskriftsfullmakta i noverande tredje ledd er ikkje vidareført, men teken inn som ei generell fullmakt i ny § 486 a.

Femte ledd svarer i det vesentlegaste til noverande fjerde ledd, men andre punktum er noko utvida for at føresegna skal harmonere med artikkel 5 nr. 2 i direktivet.

Sjette ledd er identisk med noverande femte ledd.

Sjuande ledd svarer til noverande femte ledd, med unntak av at instruksjonsretten til departementet overfor granskingsorganet er oppheva. Årsaka til dette er at direktivet krev at granskingsorganet skal vere fagleg uavhengig og ikkje kunne instruerast om kva ulykker det skal granske.

Til § 477

I tredje ledd i paragrafen er det presisert at opplysningar som avslører identiteten til vitne, og opplysningar av særleg sensitiv og privat art, ikkje kan stillast til rådvelde for andre formål enn dei som gjeld tryggleiksgranskinga. Føresegna svarer til artikkel 9 i direktivet. Det inneber elles også ei innskjerping av føresegna at omgrepet «sikkerhetsundersøkelsen» vert nytta i staden for «sjøsikkerhetsmessige formål». Omgrepet «sikkerhetsundersøkelsen» inneber at opplysningane berre kan stillast til rådvelde for granskingsorganet i samband med den aktuelle granskinga.

Til § 482

Det er gjort nokre endringar i paragrafen.

I første ledd er det stilt opp ei meldeplikt når ei sjøulykke involverer ein «særlig berørt stat», medrekna ein tredjestat. Føresegna er ei vidareføring og utviding av meldeplikta som tidlegare gjekk fram av § 484 tredje ledd.

Andre ledd svarer til noverande første ledd.

Tredje ledd presiserer korleis ei ulykke som involverer ein «særlig berørt stat», skal handterast, og understrekar mellom anna at ein så snart som råd bør verte samd om kven som skal vere hovudansvarleg for granskinga. Føresegna svarer til artikkel 7 nr. 1 første avsnitt.

Fjerde ledd er ny og svarer til artikkel 7 nr. 4 i direktivet.

Femte ledd er ny og svarer til artikkel 7 nr. 1 andre avsnitt i direktivet.

Til § 484

Tredje ledd er oppheva, men vidareført i ei meir generell form i § 482 første ledd. Overskrifta er samtidig endra for å tydeleggjere at føresegna etter endringa er ei føresegn som dreier seg om rettane til dei saka vedkjem.

Til § 485

Fjerde til sjette ledd i paragrafen er endra for å gjennomføre artikkel 14F i direktivet fullt ut.

I fjerde ledd er det fastsett at for andre sjøulykker enn dei svært alvorlege, jf. § 476 andre ledd, kan granskingsorganet gi ut ein forenkla rapport.

Femte ledd understrekar at den endelege rapporten, eventuelt den forenkla rapporten, skal givast ut innan 12 månader. Dersom det ikkje er mogleg, skal ein førebels rapport givast ut innan 12 månader etter at ulykka skjedde. Det vert lagt til grunn at det skal svært mykje til for at det ikkje skal givast ut ein forenkla rapport innan 12 månader.

Sjette ledd svarer til noverande fjerde ledd, men rapporteringsplikta til ESA er utvida til å gjelde rapportar etter alle granskingar, og ikkje berre for roroferjer og snøggåande passasjerfarty, slik noverande fjerde ledd inneber. Rapporteringsplikta omfattar både endelege, forenkla og førebels rapportar. Rapporteringa skal skje slik direktivet krev, både når det gjeld rapporten og når det gjeld melding til den europeiske databasen som vert drifta av ESA. Dette inneber at det ikkje nødvendigvis må sendast inn rapportar som er utarbeidde om ulykker som ikkje er omfatta av direktivet.

Sjuande ledd svarer til noverande femte ledd.

Til § 486

Paragrafen er endra og slår fast at det ved gransking av sjøulykker skal takast omsyn til retningslinjer som er fastsette av FN sin sjøfartsorganisasjon (IMO) om behandling av sjøfolk som har vore involverte i ei sjøulykke. Ein treng ikkje følgje retningslinjene fullt ut, men dei skal følgjast så langt råd er.

Til § 486 a

Paragrafen er ny og inneheld ei generell forskriftsfullmakt. Etter gjeldande kapittel 18 avsnitt II går forskriftsfullmaktene fram av kvar einskild føresegn. Føresegna svarer til artikkel 18 i direktivet.

Til forsida