Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Konserninterne overføringar over landegrensene

12.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg med dette fram eit forslag om å endre reglane for overføringar av eigedelar og skyldnader mellom selskap i konsern, slik at dei i større utstrekning kan nyttast i grenseoverskridande samanhengar. Ei slik utviding vil harmonere med eit grunnleggjande føremål bak reglane om stor grad av nøytral handsaming av selskap i konsern, samanlikna med der verksemd blir utøvd i eitt selskap.

I dag gjeld reglane om overføringar mellom selskap i konsern med nokre unntak ikkje for transaksjonar over landegrensene. Departementet meiner at ein i større grad kan opne for overføringar av eigedelar mv. til selskap i utlandet og samstundes sikre at det norske skattegrunnlaget ikkje går tapt.

Løysinga departementet foreslår, er å knyte saman utvidinga i regelverket om konserninterne overføringar til reglane om skatteplikt ved uttak av eigedelar mv. frå norsk skattleggingsområde etter skattelova § 9-14. Ei slik kopling inneber at skattytar får moglegheit til å utsetje skattebetalinga i opptil sju år i tråd med føresegnene i skattelova § 9-14. Endringa vil gi god samanheng med gjeldande regel for konsernintern overføring frå filial av norsk selskap i utlandet til dotterselskap i utlandet.

Detaljane i regelverket for konserninterne overføringar er i stor grad regulert i forskrift. Ein må derfor følgje opp lovendringa med å gjere endringar i skattelovforskrifta. I første omgang vil ein derfor endre lova slik at ein får naudsynt heimel for å kunne gjennomføre dei aktuelle endringane i skattelovforskrifta.

Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 11-21 første ledd bokstav c.

12.2 Gjeldande rett

Overføringar av eigedelar og skyldnader mellom selskap i eit konsern skal som utgangspunkt utløyse dei same skatteverknadene som om dei var gjort mellom uavhengige partar. Det inneber gevinstskattleggjing i tråd med dei alminnelege reglane ved realisasjon av eigedelar i verksemd, jf. skattelova § 5-30.

Skattelova § 11-21 med nærare føresegner i skattelovforskrifta gjer unntak frå dette utgangspunktet. Det er mellom anna omsynet til at eit konsern skal kunne gjennomføre nyttige omorganiseringar utan skattleggjing, som ligg bakom reglane.

Innanfor reglane i skattelova § 11-21 med forskrift kan selskap i konsern overføre eigedelar og skyldnader i verksemd, utan omgåande skattleggjing. Det inneber at det skal gjerast unntak frå alminneleg skattleggjing av gevinst ved realisasjon. I staden skal skatteposisjonane knytt til dei overførte eigedelane følgje eigedelane uendra over i mottakarselskapet. Skatteplikta fell såleis ikkje bort, men blir utsett til eigedelen på eit seinare tidspunkt blir realisert (sal mv.), eller viss konserntilknytinga blir brote. Det er ein føresetnad for skattefritak ved overføringa at mottakarselskapet stiller sikkerheit for framtidig skatteplikt.

Utgangspunktet etter selskapslovgivinga mv. er at overføringar mellom selskap i konsern skal skje mot fullt vederlag. Det gjeld òg for overføringar i tråd med reglane i skattelova § 11-21.

Reglane om konserninterne overføringar gjeld med nokre få unntak ikkje for transaksjonar over landegrensene. Unntaka finst i skattelova § 11-21 første ledd bokstav c, d og e, jf. skattelovforskrifta § 11-21. Desse unntaka er nærare omtala i Prop. 78 L (2010–2011), jf. kapitel 12. Særleg aktuell i denne samanhengen er unntaket i første ledd bokstav c som allereie har ei kopling til reglane om uttak frå norsk skattleggjingsområde i skattelova § 9-14. Føresegna i første ledd bokstav c gjeld der eit aksjeselskap overfører eigedelar mv. ved ein fast driftsstad i utlandet til eit nyoppretta dotterselskap i den same staten. Dei andre unntaka i skattelova § 11-21 gjeld tilfelle der eigedelen mv. blir overført til eit selskap som er skattepliktig til Noreg.

Den generelle avgrensinga i reglane om konserninterne overføringar mot grenseoverskridande transaksjonar er grunngitt i omsynet til det norske skattegrunnlaget. Grunngivinga byggjer på at eigedelar med latente gevinstar elles kunne bli overført til selskap i utlandet, slik at ein lett kunne ha mista skattegrunnlaget. Avgrensinga mot utlandet gjeld òg for overføringar innanfor EØS-området. Det er omsynet til å tryggje det norske skattegrunnlaget som gjer at reglane òg kan avgrense mot overføringar til selskap innanfor EØS, utan at dette kjem i strid med EØS-avtalen.

På eit anna område, nemleg skattleggjing ved uttak av eigedelar mv. frå norsk skattleggjingsområde, stiller det seg annleis. I tråd med praksis frå EU-domstolen må slike reglar i gitte høve gi skattytar rett til å velje utsett skattebetaling. Den grunnleggjande avgjerda er National Grid Indus-saka frå 2011 (C-371/10). Etter EØS-retten er det likviditetsulempa som grunngir ei slik valmoglegheit for skattytar. For konserninterne overføringar er situasjonen ein annan, fordi det skjer ein faktisk realisasjon. Ved slike overføringar mister skattytar eigarrettane til det overførte, og får samstundes fullt vederlag. Kravet etter EØS-retten til å ha reglar om utsetjing av skattebetalinga gjeld derfor ikkje for konserninterne overføringar etter skattelova § 11-21.1

For transaksjonar som fell utanfor reglane, gjeld dei alminnelege reglane om skattleggjing av gevinst mv.

Skattelova § 9-14 gjeld skattleggjing av gevinst på eigedelar og skyldnader som blir tekne ut av norsk område for skattleggjing, utan at det samstundes skjer ein realisasjon av eigedelane mv. Uttak frå norsk skattleggjingsområde blir då rekna som kriterium for innvinning og tidfesting. I tråd med føresegna i skattelova § 9-14 niande ledd kan skattytar velje å utsetje betalinga av skatt i opptil sju år. Skattytar skal i så fall betale skatten i årlege ratar over sju år. Det skal svarast renter av skattebeløpet for tida fram til betaling. Ved faktisk realisasjon skal all resterande skatt betalast inn. Det kan bli fastsett som vilkår for utsett skattebetaling at skattytar stiller sikkerheit for skattebeløpet. Føresegna i skattelova § 9-14 niande ledd om utsetjing av skattebetalinga gjeld berre ved uttak til ein EØS-stat.

12.3 Vurderingar og forslag

Departementet har kome til at ein i større utstrekning kan opne for konserninterne overføringar til selskap i utlandet med utsett skattebetaling. I dag gir reglane i skattelova § 11-21 mv. berre i nokre avgrensa tilfelle moglegheit til å overføre eigedelar mv. til eit selskap i utlandet på slike vilkår. Ei slik utviding vil harmonere med eit underliggjande føremål om stor grad av nøytral handsaming av selskap i konsern, samanlikna med der verksemd blir utøvd i eitt selskap.

Etter departementet si vurdering kan ein mjuke opp i reglane samstundes som skattegrunnlaget ikkje går tapt. Ein foreslår at det skal gjerast gjennom ei kopling til reglane om uttak av eigedelar mv. frå norsk område for skattleggjing, jf. skattelova § 9-14.

Løysinga vil gi god samanheng med ordninga som allereie gjeld for overføringar frå filial av norsk selskap i utlandet til dotterselskap i utlandet, jf. skattelova § 11-21 første ledd bokstav c mv. Tilfellet som i dag er regulert i skattelova § 11-21 første ledd bokstav c, vil etter utvidinga omfattast av den meir generelle ordlyden i føresegna. Ein vil gi nærare reglar i forskrift om krav til å stille sikkerheit ved slike overføringar.

Forslaget inneber at reglane om konserninterne overføringar i større utstrekning kan bli nytta ved grenseoverskridande transaksjonar. Overføringa skal bli skattlagd som om ein har teke eigedelen mv. ut frå norsk område for skattleggjing, jf. skattelova § 9-14. Det blir derfor ikkje ein kontinuitetstransaksjon slik skattelova § 11-21 i utgangspunktet legg opp til. Skattemessig utgangsverdi knytt til ein overført eigedel mv. skal såleis bli fastsett i samsvar med vederlaget. Ein skilnad frå i dag vil likevel vere at skattytar kan nytte seg av høvet til utsetjing av skattebetalinga etter reglane i skattelova § 9-14 niande ledd mv.

I tråd med forslaget skal reglane òg kunne bli nytta av eit utanlandsk selskap med avgrensa skatteplikt til Noreg. Det vil då ikkje vere eit vilkår, slik som i skattelova § 11-21 første ledd bokstav e, at mottakarselskapet òg har avgrensa skatteplikt til Noreg.

Føresegna i skattelova § 9-14 niande ledd om utsetjing av skattebetalinga gjeld berre ved uttak til ein EØS-stat. For overføringar etter skattelova § 11-21 første ledd bokstav c foreslår ein at den same avgrensinga som i § 11-21 første ledd bokstav e, skal gjelde. Det betyr at ein stiller krav til at mottakar er heimehøyrande i eit land Noreg har inngått skatteavtale med. Avgrensinga i skattelova § 9-14 til EØS-statar skal derfor ikkje gjelde for slike overføringar. Når overføringa skjer frå eit norsk selskap, vil dette selskapet i utganspunktet bere skatteplikta, medan mottakarselskapet i utlandet vil vere solidarisk ansvarleg.

Ved overføringar frå ein filial i Noreg av eit utanlandsk selskap til eit anna utanlandsk selskap, bør ein stille strengare krav. I ein slik situasjon vil begge selskapa vere heimehøyrande i utlandet. Av den grunn foreslår departementet ei løysing i samsvar med det som gjeld for overføringar etter skattelova § 11-21 første ledd bokstav d. Det inneber at Noreg i medhald av folkerettsleg overeinskomst kan be om hjelp frå den andre staten til å krevje inn skatten.

12.4 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.

12.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2015.

Fotnotar

1.

Skatteklagenemnda ved Sentralskattekontoret for storbedrifter har i eit vedtak frå 2013 lagt ei anna rettsoppfatning til grunn. I vedtaket kjem nemnda til at reglane om konserninterne overføringar strid mot retten til å drive verksemd på tvers av landegrensene i EØS-området (etableringsfridomen). Nemnda konkluderer med at reglane er i strid med EØS-avtalen fordi ein kunne ha hatt mindre inngripande reglar som samstundes ivaretek omsynet til ei balansert fordeling av skattefundamentet. I den samanheng viser nemnda til gjeldande regel i skattelova § 11-21 første ledd bokstav c.

Til forsida