Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

17 Fritak for meirverdiavgift for aviser

Omsetning av aviser er fritatt for meirverdiavgift. Fritak inneber at ein ved omsetning av avisa skal berekne (utgåande) meirverdiavgift med nullsats, men at ein likevel kan trekke ifrå (inngåande) meirverdiavgift på varer og tenester som er til bruk i føretaket. Fritak er dermed ei indirekte støtte gjennom meirverdiavgiftssystemet.

Fritaket gjeld berre aviser som er trykte på papir. Aviser i elektronisk form er elektroniske tenester som skal ha meirverdiavgift med 25 pst.

I Sundvolden-erklæringa la Regjeringa til grunn at det skal arbeidas med sikte på å innføre ein felles sats for papiraviser og elektroniske aviser. Som følgje av avtalen med Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2015, sjå Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015), ber fleirtalet om at regjeringa notifiserer både eit fritak (null-sats) og ein låg sats på 8 pst. til EFTAs overvakingsorgan (ESA).

Regjeringa tek sikte på å notifisere fritak for meirverdiavgift (null-sats) for e-aviser, dvs. alle nyhende- og aktualitetstenester som tekst, lyd og bilde. Fritaket vil da og gjelde tv-nyhende, i tillegg til nyhende på mobil og nettbrett. Notifikasjonen vil bli utarbeida av Finansdepartementet i samråd med Kulturdepartementet.

Den nærare avgrensinga av fritaket må avklarast i notifikasjonsprosessen med ESA.

Til forsida