Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Fritak for CO2-avgift for hydrogen i naturgass og LPG

7.1 Innleiing og samandrag

Naturgass blir i nokre samanhengar forbrunne i ei blanding med andre gassar, blant anna med hydrogen. Dersom hovudbestanddelen i gassblandinga er naturgass, blir CO2-avgift berekna på heile gassvolumet (naturgass og hydrogen). Hydrogen gir ikkje utslepp av CO2. Regjeringa foreslår å innføre fritak for CO2-avgift for hydrogen i naturgass og LPG frå 1. juli 2015.

7.2 Gjeldande rett

I 2015 er CO2-avgifta 0,67 kroner per Sm3 naturgass og 1,01 kroner per kg LPG (propan og butan). Desse satsane er lik 337 kroner per tonn CO2 og samsvarar om lag med den generelle satsen for mineralolje. Gass til bruk i produksjonsprosessar i industri og bergverk og bruk som gir kvotepliktige utslipp etter klimakvoteloven, får redusert sats for naturgass og nullsats for LPG. Den reduserte satsen er 0,05 kroner per Sm3 naturgass, som er lik 25 kroner per tonn CO2. Avgifta gjeld ikkje gass til bruk som råstoff i industriell verksemd når det ikkje oppstår utslepp av karbon til luft eller utsleppet er vesentleg mindre enn mengda råstoff som blir nytta. Det er òg fritak for gass til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar, veksthusnæringa, fiske og fangst, skip i utanriks sjøfart, gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart og offshorefartøy.

I avgiftssamanheng blir blandingar av gassar rekna som naturgass dersom naturgass er hovudbestanddelen, jf. særavgiftsforskrifta § 3-6-1 bokstav c. Ei gassblanding er derfor avgiftspliktig når innhaldet av naturgass er over 50 pst., og det skal bereknast avgift av heile gassvolumet.

7.3 Vurderingar og forslag

Gassblandingar som blir brukt til forbrenning eller som drivstoff, kan i nokre samanhengar innehalde hydrogen. Dersom naturgass er hovudbestandelen i gassblandinga, blir CO2-avgifta berekna på heile volumet. I slike tilfelle vil verksemda betale CO2-avgift på hydrogen i gassen. Hydrogen gir ikkje utslepp av CO2. Ei avgift på hydrogen inneber at CO2-avgifta blir mindre målretta og svekkjer avgifta som verkemiddel for å prise CO2-utslepp.

Regjeringa foreslår å innføre fritak i CO2-avgifta på naturgass og LPG for innhald av hydrogen i gassen. Eit slikt fritak vil vere i samsvar med føremålet med CO2-avgifta om å prise utslepp av CO2 og utgjer derfor ikkje offentleg støtte.

Fritak for hydrogen i naturgass og LPG blir teke inn i stortingsvedtaket om CO2-avgift på mineralske produkt § 5 andre ledd.

7.4 Økonomiske og administrative følgjer

Provenytapet av å innføre fritak for CO2-avgift frå 1. juli 2015 for hydrogen i naturgass og LPG er berekna til om lag 5,5 mill. kroner påløpt og 4,5 mill. kroner bokført i 2015. Fritaket vil ha betyding for oljeraffineri, som forbrenn gassblandingar med eit høgt innhald av hydrogen. Raffineria vil få redusert CO2-avgifta med om lag 11 mill. kroner årleg. Det er òg ein viss bruk av naturgass med innblanda hydrogen (hytan) som drivstoff til bussar. Slikt drivstoff vil få redusert CO2-avgift.

Det er ikkje venta at forslaget vil få nemneverdige administrative følgjer for verken Toll- og avgiftsetaten eller dei avgiftspliktige.

7.5 Iverksetjing

Fritaket trer i kraft 1. juli 2015.

Til forsida av dokumentet