Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)

I

I lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) gjer ein følgjande endring:

§ 7 skal lyde:

§ 7. Fjellstyremedlemene skal ha ei rimeleg godtgjersle for arbeidet. Godtgjersla vert fastsett av kommunestyret etter framlegg frå fjellstyret, og vert utgreia av fjellkassa, jfr. § 11. Er det ikkje tilstrekkelege midlar i fjellkassa, vert godtgjersla utgreia av kommunen.

II

Endringa under I tek til å gjelde 1. januar 2016.

Til forsida