Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Stortinget sitt oppmodingsvedtak om avgiftslette for biodrivstoff i vegbruksavgifta på drivstoff

Som følgje av avtalen med Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2015 blei det fatta følgjande oppmodingsvedtak (vedtak nr. 62 av 1. desember 2014), sjå Innst. 3 S (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å frita biodiesel fra veibruksavgift og innføre halv veibruksavgift på bioetanol i revidert nasjonalbudsjett for 2015. Det bes særlig om at det tas hensyn til de avgiftstekniske, EØS-rettslige, miljømessige og økonomiske konsekvenser av endringene.»

Stortinget har bede om at det vert teke særleg omsyn til dei EØS-rettslege sidene av endringane. Ein må derfor sjå oppmodingsvedtaket saman med stortingsvedtaket om å auke omsetningspåbodet for biodrivstoff frå 3,5 til 5,5 pst. frå 1. juli 2015, som òg var ein del av budsjettforliket. Omsetningspåbodet for biodrivstoff ligg under Klima- og miljødepartementet.

Etter EØS-avtalen artikkel 61 (1) er støtte, gitt av statlege middel, som vrir eller truar med å vri konkurransen ved å favorisere einskilde føretak eller produksjon av enkelte varer, ulovleg dersom støtta påverkar samhandelen mellom partane i avtalen. Støtteomgrepet omfattar alle økonomiske fordelar som blir tildelt eit føretak eller ein sektor, også fordelar i form av fritak frå generelle avgifter. Reduserte satsar for biodrivstoff i vegbruksavgifta på drivstoff må i utgangspunktet reknast som offentleg støtte etter artikkel 61 (1).

Tiltak som inneber offentleg støtte kan berre gjennomførast etter godkjenning frå EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). ESA på si side kan berre godkjenne støttetiltak som er akseptable etter artikkel 61(2) eller 61(3). Artikkel 61(3) bokstav c gjeld støtte grunngitt i omsyn til miljøet. Gjennom miljøstøtteretningslinjene har ESA oppstilt nærare kriterium for kva som er akseptabel miljøstøtte. Her blir også støtte til biodrivstoff regulert. Retningslinjene set mellom anna som vilkår at støtte til biodrivstoff berre kan bli gitt for meirkostnadene ved å produsere biodrivstoffet samanlikna med tilsvarande fossilt drivstoff. Ein må vurdere kor det lovlege støttenivået ligg i dei konkrete tilfella. Miljøstøtteretningslinjene regulerer også i kva grad ein kan kombinere omsetningspåbod for biodrivstoff med redusert avgift.

Oppmodingsvedtaket og den vedtekne aukinga av omsetningspåbodet vil forsterke verkemiddelbruken overfor biodrivstoff betydeleg, og det er usikkert om tiltaka samla sett vil kunne bli godkjende av ESA.

Regjeringa foreslår derfor at Stortinget sitt oppmodingsvedtak om å frita biodiesel frå vegbruksavgift og å innføre halv vegbruksavgift på bioetanol ikkje blir følgt opp i Revidert nasjonalbudsjett 2015. Aukinga i omsetningspåbodet frå 3,5 til 5,5 pst. blir notifisert snarast mogleg. I saldert budsjett for 2015 er tiltaka anslått å gi eit samla provenytap på om lag 305 mill. kroner påløpt og 255 mill. kroner bokført i 2015. Ved at tiltaka ikkje blir gjennomførte i 2015, vil det auke provenyet i 2015 tilsvarande.

I staden foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta på mineralolje som er pålagt vegbruksavgift (autodiesel) med 0,46 kroner per liter til 1,09 kroner per liter. Dette svarar til ei avgift på 409 kroner per tonn CO2, noko som er om lag på nivå med CO2-avgifta på bensin. Regjeringa foreslår vidare å redusere vegbruksavgifta på mineralolje (autodiesel) tilsvarande, til 3,36 kroner per liter, medan avgiftssatsen for biodiesel blir foreslått redusert med 0,23 kroner per liter til 1,68 kroner per liter. Dermed vil biodiesel framleis få halv sats av mineraloljebasert autodiesel. Mineraloljebasert autodiesel kjem samla sett uendra ut, medan biodiesel som oppfyller bærekraftkriteria, får ei avgiftslette på 0,23 kroner per liter.

Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 21 mill. kroner bokført i 2015 ved innføring frå 1. juli 2015.

Det blir vist til stortingsvedtak om vegbruksavgift på drivstoff romartal I og stortingsvedtak om CO2-avgift på mineralske produkt.

Regjeringa vil framover utgreie ulike alternativ til omlegging av vegbruksavgifta på drivstoff som stimulerer til bruk av biobasert drivstoff innanfor ramma av EØS-avtalen. Regjeringa vil komme tilbake til saka i budsjettet for 2016.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar i CO2-avgifta på mineralske produkt. Det blir vist til omtale i kapittel 6 og kapittel 7.

Til forsida av dokumentet