Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Oppheving av miljøavgift på plastposar og papirposar

Som følgje av avtalen med Kristelig Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget ei miljøavgift på plastposar og papirposar. Avgifta skulle iverksetjast frå det tidspunktet departementet bestemde, og ein tok sikte på at avgifta skulle tre i kraft frå 15. mars 2015.

I budsjettet blei det lagt opp til at avgifta skulle ta utgangspunkt i ei tilsvarande avgift som finst i Danmark. Det blei også bede om at avgifta skulle bli lagt på importør eller tilverkar, slik dei andre særavgiftene er.

Forslaget til nytt regelverk blei sendt på høyring 16. januar 2015 med frist 27. februar 2015. Toll- og avgiftsdirektoratet gjennomførte høyringa på vegne av Finansdepartementet.

I høyringa blei det foreslått at avgifta ikkje skulle gjelde posar med eit voluminnhald på under 5 liter. Fruktposar, posar til sopp mv. i daglegvarebutikkar og apotekposar ville då ikkje bli avgiftspliktige. Avgifta ville heller ikkje omfatte posar med voluminnhald over 80 liter, posar som er toppsveisa eller lukka på annan måte frå produsenten eller posar selde på rull til avfallshandtering.

Toll- og avgiftsdirektoratet tok i mot over 30 høyringsinnspel. Ein stor del av innspela hadde innvendingar mot avgifta og viste til moglege utilsikta konsekvensar. På bakgrunn av innvendingane mot regelverket, bestemde departementet at avgifta ikkje skulle tre i kraft frå 15. mars 2015. Det blei uttalt at regjeringa ville kome tilbake til saka i revidert nasjonalbudsjett for 2015. Nedanfor følgjer ein gjennomgang av nokre av innspela som blei framheva av fleire høyringsinstansar.

Det blei vist til at avgifta manglar miljøgrunngiving. Ifølgje ein rapport bestilt av Statens forureiningstilsyn frå 2008 blir om lag 80 pst. av bæreposane i Noreg gjenbrukte til emballering av avfall eller anna og utgjer ikkje eit forureiningsproblem. Dei små posane, som typisk ikkje blir brukte igjen til emballering av avfall, ville derimot falle utanfor avgiftsplikta.

Avgifta skulle omfatte posar laga av plast eller papir, og posar laga berre av materiale som til dømes stivelse, skulle dermed ikkje bli avgiftspliktige. Fleire høyringsinstansar har peika på at ein visuelt ikkje kan skilje posar laga av stivelse frå vanlege plastposar. Det blei hevda at det kan medføre vanskar for plastgjenvinninga sidan det ikkje kan blandast inn meir enn 2 pst. posar laga av stivelse i gjenvinninga om dei ferdige produkta skal ha ein tilstrekkeleg god kvalitet. Det er også stilt spørsmål ved den miljømessige grunngivinga for den avgiftsmessige forskjellsbehandlinga mellom papirposar og posar av stivelse.

I høyringsrunda blei det vidare peika på at det i dag er ein avtale med bransjen om plastemballasje og plastretur der næringslivet har teke på seg eit utvida produsentansvar som eit alternativ til fiskale avgifter. Det har blitt stilt spørsmål ved om produsentar av plastposar som ville bli omfatta av avgifta framleis skulle betale vederlag for plastretur etter bransjeavtalen.

Høyringa la opp til at bæreposar som ein kan likestille med bærenett og vesker og som er egna til fleire gongars bruk, skulle vere fritekne for avgift. Slike posar måtte bestå av kraftig plast og ha ein slik tjukkleik og kvalitet at dei skilde seg vesentleg frå vanlege bæreposar. Fleire aktørar meiner at ein slik regel kunne bli vanskeleg å følgje i praksis, og at det kunne oppstå vanskar i avgrensinga.

Etter å ha vurdert forslag til regelverk og innspela frå høyringsrunda nærare foreslår regjeringa at ein ikkje iverkset ei poseavgift og foreslår å oppheve vedtaket om miljøavgift på plastposar og papirposar. Det vil gi eit provenytap i 2015 på 1 mrd. kroner påløpt og bokført samanlikna med saldert statsbudsjett for 2015. Det er grunn til å anta at anslaget er for høgt i innføringsåret bl.a. grunna hamstring. Dersom ein hadde innført miljøavgift på posar frå 15. mars kunne eit berekna proveny ha vore om lag på 500 mill. kroner påløpt og 300 mill. kroner bokført. Anslaga er usikre.

Departementet viser til forslag til vedtak om endring i vedtak om miljøavgift på plastposar og papirposar.

Til forsida