Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

19 Petroleumsskatt – særregel om avskriving av investeringar i nytt LNG-anlegg

Selskapa som driv utvinning og røyrleidningstransport av petroleum på norsk kontinentalsokkel blir skattlagde etter særreglane i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. (heretter petroleumsskattelova).

Kostnader til erverv av røyrleidning og produksjonsinnretning med installasjonar som er ein del av eller høyrer til innretninga kan avskrivast lineært med inntil 16 2/3 per år, jf. petroleumsskattelova § 3 b andre punktum.

For å sikre utbygging av Snøhvit-feltet i Barentshavet blei det i 2001 vedteke ein særskild regel for avskriving med inntil 33 1/3 pst. per år av investeringar i nytt storskala LNG-anlegg, jf. Ot.prp. nr. 16 (2001–2002). Ordninga blei klaga inn for overvakingsorganet til EFTA (ESA) med påstand om at den var i strid med reglane om statsstønad. For å sikre ei rask avklaring, og for å klargjere rammevilkåra for utbygging av Snøhvit, blei regelen i petroleumsskattelova endra til å gjelde nytt storskala LNG-anlegg i Finnmark fylke eller i kommunane Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa eller Kvænangen i Troms fylke, jf. petroleumsskattelova § 3 b tredje punktum.

Departementet viser til omtalen i Ot.prp. nr. 84 (2001–2002) om den geografisk avgrensa særregelen i petroleumsskattelova. Stønadsordninga og den individuelle stønaden til Snøhvit blei godkjend av ESA i 2002 som regional statsstønad. I 2006 godkjende ESA stønadsordninga etter dei retningslinene for statsstønad som gjaldt frå 2007.

Frå 1. juli 2014 kom det nye retningsliner frå ESA om regional statsstønad. I Revidert nasjonalbudsjett 2014 sa regjeringa at den ønskjer at den gunstige avskrivingsregelen i petroleumsskattelova for LNG-anlegg i Finnmark fylke og nokre kommunar i Nord-Troms skal gjelde vidare framover, men at det var usikkert om ordninga ville bli godkjend etter dei nye retningslinene for regional statsstønad. Regjeringa sa òg at den fortset arbeidet med å kartleggje handlingsrommet for stønad til energisektoren med sikte på å få stønadsordninga godkjend etter reglane i EØS-avtalen om statsstønad. Departementet viser òg til omtala i Meld. St. 1 (2014–2015).

Bellona klaga i 2014 inn Noreg for ESA fordi den individuelle stønaden til Snøhvit ikkje var notifisert på nytt etter 2006. I brev av 26. september 2014 informerte ESA om at den individuelle stønaden til Snøhvit blei godkjend i 2002, og ikkje treng å bli godkjend på nytt sjølv om det blir vedteke nye regionale retningsliner for statsstønad.

I brev av 21. november 2014 er det avklart at ESA meiner at sjølve den gunstige avskrivingsregelen i petroleumsskattelova kan gjelde vidare framover utan å bli notifisert og godkjend som ei stønadsordning. Føresetnaden er at det berre er Snøhvit som får stønad etter heimelen, og at eventuelle nye prosjekt som kjem innanfor avskrivingsregelen blir notifisert individuelt som statsstønad. Individuell notifisering er uansett påkravd for all stønad til investeringar i den storleiken eit LNG-anlegg er. På bakgrunn av avklaringa frå ESA legg regjeringa til grunn at det ikkje er nødvendig å få godkjend sjølve avskrivingsregelen som ei stønadsordning.

Til forsida av dokumentet