Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

20 Opprettingar i lovtekst

20.1 Svalbardskattelova § 3-2

Svalbardskattelova § 3-2 har føresegner om skattlegging ved lønstrekk. Fyrste ledd bestemmer korleis skatten skal bereknast av løn, pensjonar og andre ytingar som nemnd i skattelova § 12-2 bokstavane a, b og c. Uførereforma, som trådde i kraft 1. januar 2015, inneber mellom anna at uføreytingar frå folketrygda og andre ordningar vert skattlagde som lønsinntekt, og ikkje lenger som pensjonsinntekt. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar vart difor tekne inn i ei eiga føresegn i § 12-2 ny bokstav j, jf. lov 7. desember 2012 nr. 76 om endringar i skattelova. Det skal framleis gjennomførast trekk i uføreytingar, og det er difor naudsynt at § 3-2 også viser til skattelova § 12-2 bokstav j. Departementet viser til forslag til endring i svalbardskattelova § 3-2 fyrste ledd.

20.2 Skattelova § 15-4 fjerde ledd

Det følgjer av skattelova § 15-4 fjerde ledd at om ektefellar er fråskilt eller separert, og den eine har forsørgt den andre størsteparten av året, kan denne få personfrådrag i klasse 2 i staden for frådrag for bidrag etter § 6-41. Ved ei lovendring 13. desember 2013 nr. 117 blei føresegna som stod i § 6-41 om rett til frådrag for betalt regelmessig personleg støtte, føderåd mv. som skattytar er forplikta til å yte, flytta til ny § 6-52, og det blei innført ei ny føresegn i skattelova § 6-41 om innskrenking av rentefrådrag mellom nærståande. Tilvisinga i § 15-4 fjerde ledd blei ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av skattelova § 15-4 fjerde ledd.

20.3 Skattelova § 6-71

Etter skattelova § 6-71 fyrste ledd kan personleg skattytar med avgrensa skatteplikt til Noreg, krevje frådrag som om skatteplikta gjaldt all formue og inntekt. Skattytaren må vere busett i ein annan EØS-stat, og heile eller tilnærma heile inntekta frå arbeid, pensjon eller verksemd i inntektsåret må verte skattlagd i Noreg. Som følgje av uførereforma, er uføretrygd frå folketrygda ikkje lenger å rekne som ei pensjonsyting. Uføretrygd skal likevel takast med når ein vurderer om heile eller tilnærma heile inntekta til skattytar vert skattlagd i Noreg. Føresegna må difor også nemne uføretrygd. Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 6-71 fyrste ledd.

20.4 Meirverdiavgiftslova § 15-4 første ledd

For å bidra til enklare reglar for verksemder som leiger ut fast eigedom, blei det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2014 mellom anna vedteke eit nytt tredje ledd i meirverdiavgiftslova § 2-3, jf. endringslov 20. juni 2014 nr. 36. Endringa inneber at verksemder, som alt er registrerte i Merverdiavgiftsregisteret, blir rekna for frivillig registrert for utleige av fast eigedom dersom «utleieforholdet behandles som merverdiavgiftspliktig». Retten for skogsvegforeiningar til frivillig registrering, blei flytta til § 2-3 fjerde ledd. Sjå Prop. 94 LS (2013–2014) kapittel 4 og Innst. 261 L (2013–2014) kapittel 4. Endringslova tredde i kraft 1. juli 2014.

Flyttinga av føresegnet om skogsvegsforeiningar til § 2-3 fjerde ledd føresette også endringar i meirverdiavgiftslova § 15-4 første ledd andre punktum, som omhandlar oppgavetermin for einskilde frivillig registrerte primærnæringar. Disse endringane kom ved ein feil ikkje med i lovforslaget i Prop. 94 LS (2013–2014). Etter ordlyden i § 15-4 første ledd andre punktum skal no utleigar av fast eigedom, som er frivillig registrert ved at utleiga «behandles som merverdiavgiftspliktig», jf. meirverdiavgiftslova § 2-3 tredje ledd, levere årsoppgåve. I tillegg går det fram av § 15-4 første ledd, jf. § 2-3 fjerde ledd, at foreiningar som har til føremål å byggje og vedlikehalde skogsveg skal ha alminneleg oppgåveterminar på to månadar ved frivillig registrering. Dette var ikkje tilsikta ved endringane av § 2-3. Departementet foreslår derfor å endre § 15-4 første ledd andre punktum slik at utleigarar som er frivillig registrert ved at utleiga «behandles som merverdiavgiftspliktig» skal ha alminnelege oppgåveterminar på to månadar og at skogvegsforeiningar skal levere årsoppgåver.

Departementet viser til forslag til endring i meirverdiavgiftslova § 15-4. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida av dokumentet