Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

8 Avgift på elektrisk kraft

8.1 Innleiing og samandrag

Regjeringa foreslår å setje opp avgifta på elektrisk kraft med 0,5 øre per kWh frå 1. juli 2015. Den reduserte satsen for industrien o.a. blir ikkje endra. I statsbudsjettet for 2016 vil regjeringa foreslå endring i avgifta slik at store datasenter betalar redusert sats.

8.2 Gjeldande rett

Avgifta på elektrisk kraft skal betalast for kraft som blir levert i Noreg anten krafta er produsert innanlands eller innført. Frå 1. januar 2015 er satsen 13,65 øre per kWh. Det er fritak for kraft til mellom anna kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar, veksthusnæringa, skinnegåande transportmiddel samt hushald og offentleg forvalting i tiltakssona (Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms). Bergverk, annan industri og fjernvarme betalar redusert sats med 0,45 øre per kWh for kraft til produksjonsprosessen. Hushald, primærnæringar, tenesteytande næringar og offentleg forvalting utanfor tiltakssona betalar den ordinære satsen.

8.3 Vurderingar og forslag

Avgifta på elektrisk kraft er i hovudsak fiskalt grunngitt, men skal òg bidra til å redusere straumforbruket. Straumprisen har svinga mykje, medan avgifta på elektrisk kraft var stabil frå 2002 til 2014 rekna i faste prisar, jf. figur 8.1.

Figur 8.1 Pris (inkl. nettleige og avgifter) og avgift på elektrisk kraft for hushald 1. kvartal 1998–1. kvartal 2015. 2015-kroner per kWh

Figur 8.1 Pris (inkl. nettleige og avgifter) og avgift på elektrisk kraft for hushald 1. kvartal 1998–1. kvartal 2015. 2015-kroner per kWh

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.

Frå 1. januar 2014 blei avgifta sett opp med 0,56 øre per kWh og frå 1. januar 2015 med 1 øre per kWh utover den generelle prisaukinga. Sidan årsskiftet har straumprisen auka om lag like mykje som avgifta blei sett opp. Til vanleg aukar straumprisen i vintermånadene. Regjeringa foreslår å setje opp avgifta med 0,5 øre per kWh frå 1. juli. Dette vil styrkje insentiva til å redusere straumforbruket.

Framleis er avgifta på elektrisk kraft lågare for hushalda i Noreg enn i Danmark, Sverige og Finland, jf. figur 8.2. I Danmark betalar hushalda DKK 0,38 per kWh for elektrisk bustadoppvarming utover 4 000 kWh og elles DKK 0,878. I Sverige er ordinær sats SEK 0,294 og i Finland EUR 0,02253. Figuren viser satsane rekna om til norske kroner.

Figur 8.2 Avgifter på elektrisk kraft i Danmark1, Sverige, Finland og Noreg2, ordinær sats i norske kroner per kWh

Figur 8.2 Avgifter på elektrisk kraft i Danmark1, Sverige, Finland og Noreg2, ordinær sats i norske kroner per kWh

1 Elektrisk bustadoppvarming over 4000 kWh. Anna forbruk om lag NOK 0,99 per kWh.

2 Inkl. påslag på nettariffen.

Kjelde: Finansdepartementa i landa.

Dei siste åra er det bygd fleire store anlegg for datalagring i dei nordiske landa. I Noreg er det etablert tre store datasenter dei to siste åra, og enda eit blir bygt i år. Datalagring krev energi til å drive serverane og til kjøling. Store anlegg kan redusere energibruken ved å allokere ressursar for mange brukarar på ei samling serverar etter behov (virtualisering). Kaldt klima reduserer straumforbruket, og er dermed eit konkurransefortrinn. Eit anna fortrinn kan være ein marknad for overskotsvarme, til dømes lokal fjernvarme. Kraftprisen vil òg ha betyding for lokaliseringa. Med ein felles nordisk kraftmarknad vil det i hovudsak være forskjell i avgiftene som kan gi ulik pris mellom landa. Danmark utvida frå 1. januar 2014 den reduserte satsen til produksjonsprosessar i alle næringar. Finland inkluderte frå 1. april 2014 datasenter med straumuttak over 5 MW i redusert sats, som er om lag 6 øre per kWh i det finske systemet. I Sverige har finansdepartementet starta ei utgreiing om energiskatten på elektrisitet, som har frist 9. oktober. Ifølgje mandatet skal den svenske utgreiinga mellom anna vurdere konkurransesituasjonen for næringar utanfor industrien, til dømes informasjons- og kommunikasjonsverksemd (der datalagring inngår).

Stortinget har gjort romartalsvedtak XXII som følgjer, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015):

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan avgiften på elektrisk kraft bør avgrenses med redusert sats i lys av at det etableres ny, energiintensiv virksomhet utenfor tradisjonell industri, blant annet datasentre, og legge fram et forslag i statsbudsjettet for 2016.»

Datasenter betalar i dag, som anna tenesteytande verksemd, avgift på elektrisk kraft med ordinær sats. Finansdepartementet vil saman med Nærings- og fiskeridepartementet vurdere om redusert sats for datasenter fell inn under gruppeunntaket for offentleg støtte. Viss støtta ikkje fell inn under gruppeunntaket må den notifiserast overvakingsorganet i EFTA (ESA).

I statsbudsjettet for 2016 vil regjeringa foreslå endringar slik at store datasenter betalar redusert sats.

8.4 Økonomiske og administrative følgjer

Provenyet av å auke avgifta på elektrisk kraft med 0,5 øre per kWh frå 1. juli 2015 er berekna til om lag 150 mill. kroner påløpt og 75 mill. kroner bokført i 2015.

På årsbasis er avgiftsprovenyet berekna å auke med om lag 300 mill. kroner. Hushalda får auka straumutgifta med om lag 175 mill. kroner. For ein gjennomsnittleg bustad aukar utgifta med om lag 100 kroner inklusiv meirverdiavgifta årleg. Tenesteytande næringar vil betale om lag 100 mill. kroner meir og offentleg forvalting om lag 20 mill. kroner meir for straumen. Jordbruket blir belasta med om lag 5 mill. kroner på årsbasis.

8.5 Iverksetjing

Departementet viser til endring i vedtaket om avgift på elektrisk kraft § 1 første ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2015.

Til forsida av dokumentet