Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

9 Endring av unntaksføresegna i grunnrenteskatten for eigenproduksjon i industrien

9.1 Innleiing og samandrag

Som hovudregel skal grunnlaget for grunnrenteskatt i kraftføretak fastsetjast til normerte salsprisar (spotmarknadsprisar). Det er likevel fastsett enkelte unntak frå hovudregelen om bruk av spotmarknadsprisar. Blant anna skal kraftproduksjon som er til bruk i eigen produksjonsverksemd på visse vilkår verdsetjast til prisen i Statkraft sine 1976-kontraktar, jf. skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 3. Dei siste av Statkraft sine 1976-kontraktar gjekk ut i 2010. Regjeringa foreslår no at skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 3 blir endra slik at Finansdepartementet får heimel til å gi forskrift om verdsetjing av slik produksjon til marknadspris.

Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 3. Endringa skal etter forslaget ta til å gjelde frå og med inntektsåret 2016.

9.2 Gjeldande rett

Overskot i kraftføretak skal skattleggjast som alminneleg inntekt på same måte som i andre føretak. Produksjon av vasskraft utnyttar ein knapp naturressurs og kan derfor gi særskild høg avkasting (grunnrente). Grunnrente er eit godt skattegrunnlag fordi skatten er utforma slik at den ikkje påverkar selskapa sine investeringsavgjerder. I tillegg til den ordinære selskapsskatten blir det derfor berekna 31 pst. grunnrenteskatt til staten for vasskraftverk.

Berekningsgrunnlaget for grunnrenteinntekt er brutto salsinntekter fråtrekt nærare bestemde kostnader samt ei friinntekt, jf. skattelova § 18-3 andre og tredje ledd. Etter skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a skal salsinntekta som hovudregel verdsetjast til spotmarknadspris per time multiplisert med faktisk produksjon ved kraftverket i dei tilhørande tidsavsnitta. Spotmarknadspris gir eit godt grunnlag for å verdsetje den jamlege grunnrenta i vasskraftverk.

Det er fastsett enkelte unntak frå hovudregelen om bruk av normerte salsprisar i skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 1 til 3. Dette gjeld for konsesjonskraft, som skal verdsetjast til konsesjonskraftprisar og ved visse langsiktige kontraktar mellom uavhengige partar, som skal verdsetjast til faktisk kontraktspris, jf. skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 1 og 2. Etter § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 3 skal «Kraft som forbrukes i skattyters produksjonsvirksomhet, og kraft som tas ut av eier og forbrukes i egen produksjonsvirksomhet, herunder selskap i samme konsern, verdsettes til prisen på kraft levert i henhold til Statkrafts 1976-kontrakter». Produksjonsverksemda må vere innanfor industriell verksemd som oppfyller vilkåra for registrering i Statistisk sentralbyrå sin industristatistikk i NACE-kode 20, 21, 24 og 27, slik desse var avgrensa per 1. januar 1997, jf. § 18-3-4 i skattelovforskrifta (forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14). Dette gjeld produksjon av trelast og varer av tre, papirmasse/papir, kjemikaliar, metall m.m. Departementet kunngjer 1976-prisen årleg, jf. skattelovforskrifta § 18-3-23. Dei siste av Statkraft sine 1976-kontraktar gjekk ut 31. desember 2010. Departementet har etter dette helde fram med å fastsetje 1976-prisen årleg til bruk for eigenprodusert kraft for grunnrenteskatteføremål, jf. ei fråsegn frå departementet datert 25. august 2010. Produksjonsvolumet som kjem inn under denne unntaksregelen er redusert over tid og utgjorde i 2013 om lag 5,1 TWh.

9.3 Vurderingar og forslag

Unntaka frå hovudregelen om verdsetjing til spotpris blei foreslått under finanskomitéen si behandling av kraftskattereforma i 1997, jf. Innst. O. nr. 62 (1995–96). For eigenprodusert kraft blei det vedteke at prisane som er fastsett i Statkraft sine 1976-kontraktar skulle leggjast til grunn, jf. punkt 6.3 i innstillinga. Statkraft sine 1976-kontraktar, som er grunnlaget for fastsetjing av 1976-prisen for eigenprodusert kraft for grunnrenteskatteføremål, er utløpt. Marknadsprisen har svekka seg dei siste åra og ligg no vesentleg under prisnivået som ville følgt av 1976-kontraktane.

Regjeringa foreslår å endre metoden for prisfastsetjing for grunnrenteføremål av eigenprodusert kraft til industriell verksemd innanfor trelast og varer av tre, papirmasse/papir, kjemikaliar, metall m.m. Metoden skal gi uttrykk for marknadspris og bør ta omsyn til industriens ønskje om langsiktige og føreseielege prisar. Dette kan føre til at reglane i nokon grad blir meir kompliserte. Departementet meiner at det er føremålstenleg at dei detaljerte reglane for fastsetjing av marknadspris basert på desse omsyna blir fastsett i forskrift.

Regjeringa foreslår at skattelova § 18-3 andre ledd bokstav a nr. 3 blir endra slik at Finansdepartementet får heimel til å gi forskrift om verdsetjing av eigenprodusert kraft i industrien til marknadspris.

9.4 Økonomiske og administrative følgjer

Prisane i spot- og forwardmarknaden for kraft ligg under prisnivået som ville følgt av Statkraft sine 1976-kontraktar. Endringa vil dermed truleg redusere staten sitt proveny dei næraste åra. Når marknadsprisane stig og ligg over prisnivået i 1976-kontraktane vil staten sitt proveny auke.

Dei administrative følgjene av forslaget kjem an på den nærare utforminga av forskrifta for å fastsetje marknadspris. Departementet går i alle høve ut frå at endringa ikkje vil føre med seg nokon vesentleg auke i administrative byrder for skattytarar og Skatteetaten.

9.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde med verknad frå og med inntektsåret 2016.

Til forsida av dokumentet