Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

2 Overgangsordninga for uføre

2.1 Innleiing og samandrag

Uførereforma blei vedteken av Stortinget i 2011 og sett i verk frå 2015. Det er ei viktig og god reform. Eit hovudføremål med reforma er å leggje til rette for å kombinere uføretrygd og arbeid for dei som kan det. Skattereglane for uføretrygda blei endra for å støtte opp om dette føremålet. Uføreytinga blir no skattlagd som lønnsinntekt, og brutto yting frå folketrygda er auka for å kompensere for auka skatt.

For uføre som ikkje har inntekt utover ytinga frå folketrygda og ikkje har frådrag utover standardfrådrag, gir reforma uendra inntekt etter skatt. For andre kan reforma gi auka eller redusert inntekt etter skatt, avhengig av samansetjinga og størrelsen på den samla inntekta, samt størrelsen på frådrag. Ifølgje anslag i samband med forskotsutskrivinga av skatt for 2015 vil om lag 188 000 uføre få ei auke i inntekt etter skatt etter omlegginga. I alt vil om lag 127 000 uføre ifølgje anslaga få ein nedgang i inntekt etter skatt etter omlegginga. Av dei som får ein nedgang i inntekta, vil om lag 83 000 (65 pst.) tape mindre enn 6 000 kroner etter skatt. Av desse vil om lag 49 000 få ein nedgang på under 2 000 kroner og om lag 19 000 mellom 2 000 og 4 000 kroner.

Ei gruppe som kan få redusert inntekt etter skatt, er uføre med store renteutgifter. For desse innførte regjeringa overgangsreglar for å lette overgangen til ny uføretrygd og nye skattereglar. Overgangsreglane kompenserer etter gjeldande reglar nedgang i inntekt etter skatt over 6 000 kroner gjennom eit frådrag i skatt. Regjeringa vil redusere denne grensa til 4 000 kroner. Då vil nokre fleire bli omfatta av overgangsreglane, og dei som allereie er omfatta, vil få eit større skattefrådrag.

2.2 Bakgrunn

Uføretrygd blei tidlegare skattlagd som pensjonsinntekt. Mellom anna gjaldt det ein særskild skatteavgrensingsregel for uføre (med meir enn 2/3 uføregrad) med låg alminneleg inntekt. Skatteavgrensingsregelen gav ein svært høg verdi av rentefrådraget (opptil 55 pst.). Når uføreytinga no vert skattlagd som lønnsinntekt, har alle uføre same verdi av rentefrådraget som andre skattytarar (27 pst.).

Skatteavgrensingsregelen var svært komplisert og hadde mange uheldige verknader. Mellom anna subsidierte han låneopptak. Han ga òg svært høg marginalskatt på arbeidsinntekt for dei som kombinerte uføretrygd og arbeid. Det var derfor riktig å avvikle denne regelen. Men regjeringa ynskte å gjere overgangen til ny uføretrygd og nytt skattenivå lettare for uføre med låg til middels inntekt og høg gjeld og innførte derfor overgangsreglar for denne gruppa. Overgangsordninga inneber at verknaden av dei nye reglane vert fasa inn gradvis.

2.3 Gjeldande rett

Overgangsordninga gjeld for uføre som både fekk uførepensjon i 2014 og ny uføreyting i 2015, som tidlegare blei skattlagd etter skatteavgrensingsregelen og som har negativ netto kapitalinntekt. Desse personane får eit særskilt frådrag i skatt dersom nedgangen i inntekta etter skatt med ny yting og nye skattereglar samanlikna med 2014-reglar er større enn 6 000 kroner. I 2015 blir heile nedgangen i inntekt over 6 000 kroner kompensert opp til maksimalt frådrag på 100 000 kroner. Ordninga blir trappa ned i 2016 og 2017. Frå og med 2018 blir det ikkje gitt skattefrådrag.

2.4 Vurderingar og forslag

Departementet anslo i budsjettet for 2015 at om lag 50 000 uføre ville bli omfatta av overgangsreglane. Tal frå Skattedirektoratet frå forskotsutskrivinga for 2015 gir grunn til å tru at dette anslaget er for høgt. Ifølgje dei nye tala frå Skattedirektoratet blir 30 000 uføre omfatta av overgangsreglane. Departementet understrekar at tala frå forskotstrekket òg er usikre, og at endelege tal ikkje vil liggje føre før ved likninga for 2015.

Det er positivt at det er færre som får ein betydeleg nedgang i inntekta etter skatt på grunn av renteutgifter enn tidlegare anteke. Samstundes har det blitt reist spørsmål ved beløpsgrensa på 6 000 kroner. For å gjere overgangen til ny uføretrygd og nye skattereglar endå enklare vil regjeringa redusere grensa til 4 000 kroner. Det inneber at nokre fleire blir omfatta av overgangsreglane, og dei som allereie er omfatta, vil få eit større skattefrådrag. Departementet anslår at om lag 40 000 vil få skattefrådrag i overgangsordninga med den nye grensa på 4 000 kroner. Beløpsgrensa i overgangsreglane er fastsett i forskrift gitt av Finansdepartementet. Reduksjon av grensa frå 6 000 til 4 000 kroner skjer ved å endre forskrifta med verknad frå inntektsåret 2015.

2.5 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet anslår på usikkert grunnlag at forslaget vil redusere provenyet med om lag 70 mill. kroner påløpt og 56 mill. kroner bokført i 2015. Samla provenytap over dei tre åra overgangsordninga skal gjelde, er anslått til 140 mill. kroner. Grensebeløpet blir redusert gjennom endring av forskrifta om overgangsordninga fastsett av Finansdepartementet. Endra inntektsløyving krev eit eige stortingsvedtak. Departementet viser til forslag til vedtak i Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015.

Skatteetaten vil setje i verk tiltak overfor dei som vert omfatta av endringa. Ein tek sikte på at endringane kan få verknad for forskotstrekket for siste halvår i 2015. Naudsynte tiltak vil krevje ressursar og tilpassingar i Skatteetaten. Dette vil mellom anna kunne seinke framdrifta og auke kostnadene i prosjektet for modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS). Om naudsynt vil ein kome attende til desse konsekvensane.

Til forsida av dokumentet