Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

15 Utviding av a-opplysningslova sitt verkeområde til å omfatte enkelte pensjonsytingar

15.1 Innleiing og samandrag

I Skatteetaten sitt arbeid med å modernisere innsendinga av grunnlagsdata, er det komme forslag om at individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA) og individuelle pensjonsavtalar etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova skal vere omfatta av a-opplysningslova sitt verkeområde. Ytingar som oppgåvegivarane pliktar å rapportere inn etter a-opplysningslova, er ofte underlagde månadlege oppgjer, dette gjeld òg for løpande ytingar frå individuelle pensjonsavtalar.

Det er opplysningsplikt om løpande utbetalingar frå individuelle pensjonsavtalar (IPA og IPS), til dømes uføreytingar (tidlegare uførepensjon) og eingongsutbetalingar, etter likningslova § 5-5 nr. 3, og dette blir årleg rapportert inn som likningsoppgåver for individuelle pensjonsordningar. Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte frå ein individuell pensjonsavtale, til dømes IPA, blir òg omfatta av opplysningsplikta i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, men denne plikta er ikkje lagd til grunn når ein rapporterer inn i gjeldande ordning. Opplysningar som blir omfatta av likningslova § 5-2, pliktas med verknad frå 1. januar 2015 rapportert inn etter reglane i a-opplysningslova ved at ein leverer a-meldingar. Det er opplysningsplikt om eingongsutbetaling etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd etter likningslova § 5-5 nr. 3, og desse utbetalingane blir årleg rapporterte inn som likningsoppgåver for individuelle pensjonsordningar.

Det følgjer av tilvisingsføresegna i a-opplysningslova § 3 kva for opplysningar a-ordninga omfattar. Det følgjer av føresegna at alle opplysningar som blir omfatta av føresegnene om opplysningsplikt i likningslova § 5-2, skattebetalingslova § 5-11, folketrygdlova §§ 24-2, 25-1 andre ledd og 25-10, jf. § 21-4, statistikklova § 2-2 og svalbardskattelova § 5-2 femte ledd, er plikta rapportert inn etter reglane i a-opplysningslova.

Departementet foreslår å endre i likningslova § 5-2 slik at eingongsutbetalingane som er nemnde ovanfor, blir omfatta av a-opplysningslova sitt verkeområde. Alminnelege pensjonsutbetalingar kan bli overførte utan at det er nødvendig med lovendring. Vidare rår ein til at likningslova § 5-5 nr. 3 tredje og fjerde punktum blir oppheva.

Frå 1. januar 2015 er folketrygda sin uførepensjon og uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda erstatta av ny uføretrygd. Skattlegginga av ny uføretrygd på same vis som lønn inneber at uføretrygd og uføreytingar frå andre ordningar ikkje lenger blir omfatta av pensjonsomgrepet i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, og føresegna må derfor endrast. Departementet foreslår at likningslova § 5-2 blir endra slik at det går klart fram at uføretrygd og uføreytingar blir omfatta av føresegnene og av a-opplysningslova sitt verkeområde.

Ein rår til at den nye ordninga for innrapportering tek til å gjelde straks, med verknad for ytingar som er utbetalte i inntektsåret 2015, med ei overgangsordning for utbetalingar for 2015.

15.2 Gjeldande rett

15.2.1 Individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA)

Ved endringslov av 15. desember 2006 nr. 81 til skattelova blei regelen om frådragsrett for innbetalingar til IPA-ordningen etter skattelova § 6-47 (1) bokstav c oppheva med verknad frå og med 12. mai 2006.

Overgangsreglar for IPA-avtalar inngått før 12. mai 2006 blei gitt i endringsforskrift av 2. februar 2007 nr. 126. I tillegg er det gitt overgangsreglar i lov om individuell pensjonsordning kapittel 5. Overgangsreglane gjeld for individuelle pensjonsavtalar som blir omfatta av Finansdepartementets forskrift av 19. november 1999 til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14 (skattelovforskrifta) § 6-47 og der avtalen før 12. mai 2006 føresette at ein betalte inn premie 12. mai 2006 eller seinare, jf. lov om individuell pensjonsordning § 5-1 første ledd.

Det følgjer av skattelovforskrifta § 6-47-30 at reglane i skattelovforskrifta § 6-47-1 flg. om individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA) framleis gjeld for avtalar inngått før 12. mai 2006.

Institusjonar som har inngått ein individuell pensjonsavtale etter skattelova (IPA), måtte utferde pensjonskapitalbevis eller forsikringsbevis på tidspunktet då avtalen vart avslutta, seinast 31. desember 2008, sjå lov om individuell pensjonsordning § 5-2.

Rettar i samsvar med individuell pensjonsavtale, under dette IPA, er ikkje skattepliktig formue, jf. skattelovforskrifta § 4-2-1 og § 6-47-11. Forfalne terminar som ved årsskiftet ikkje er utbetalte til skattytar, er alltid skattepliktig formue. Inneståande midla (inklusive avkasting) i premiefond knytt til ein IPA er skattepliktig formue. Avkasting av midla som er inneståande i ordninga er ikkje skattepliktig når dei blir opptente.

Alle utbetalingar frå ein IPA-avtale til fysiske personar er skattepliktig inntekt etter skattelova §§ 5-40 og 5-42 og blir skattlagde som personinntekt. Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte i samsvar med forsikringsbevis/pensjonskapitalbevis som skriv seg frå ein individuell pensjonsavtale etter skattelova, er pensjonsinntekt og blir skattlagde på same vis som personinntekt etter skattelova § 12-2 bokstav b. Skatteplikta gjeld uavhengig av om utbetalingane gjeld midla som ein tidlegare har betalt inn eller avkasting av desse.

Frå 1. januar 2015 blir uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12 og uføreytingar frå andre ordningar ikkje lenger skattlagde som pensjonsinntekt, men som lønnsinntekt, jf. skattelova § 5-42 bokstav b og § 12-2 bokstav j. Dette inneber at uføreytingar som blir utbetalte frå ei IPA-ordning skal skattleggjast som lønnsinntekt.

Eingongsutbetalingar er ikkje pensjon. Heimelen for skatteplikt for eingongsutbetalingane som personinntekt følgjer derfor av ei eiga føresegn gitt i skattelova § 12-2 bokstav d. For dødsbu blir utbetalinga ikkje rekna som personinntekt. Dødsbu vil vere skattepliktig for bruttobeløpet etter ein særskild sats som blir fastsett årleg i Stortinget sitt skattevedtak, jf. skattelova § 5-40 fjerde ledd.

Pensjon og andre ytingar som er skattepliktige etter skattelova § 5-40 til § 5-42, mellom anna uføretrygd, andre uføreytingar og eingongsutbetalingar, er trekkpliktige etter skattebetalingslova § 5-6 første ledd bokstav b og g. Utbetalingar frå ein individuell pensjonsavtale, til dømes IPA, er unntekne frå trekkplikta i skattebetalingsforskrifta § 5-6-17 bokstav f. I praksis har òg eingongsutbetalingar vore omfatta av trekkfritaket. Dersom trekket blir omfatta av reglane om kjeldeskatt etter skattelova § 2-3 fjerde ledd, ligg det likevel ikkje føre trekkfritak, jf. skattebetalingslova § 5-5 femte ledd.

Skattytaren kan be om at det blir gjort frivillig skattetrekk i ytinga.

Opplysningsplikta for utbetalingane som er nemnde ovanfor, følgjer av likningslova § 5-5 nr. 3, jf. § 5-11 og § 5-12 og forskrift 17. september 2013 nr. 1092 (samleforskrifta) § 5-9-50 til § 5-9-57. Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte frå ein individuell pensjonsavtale, til dømes IPA, blir òg omfatta av opplysningsplikta i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, men denne opplysningsplikta er ikkje lagd til grunn ved rapporteringa i dagens ordning.

Løpande skattetrekk som utbetalar gjer, skal bli rapportert inn for kvar kalendermånad etter reglane i a-opplysningslova, jf. skattebetalingslova § 5-11.

Skattytaren skal innan 1. februar i året etter inntektsåret ha kopi av opplysningar om innbetalingar og utbetalingar frå individuell pensjonsavtale etter skattelova som nemnd i § 5-9-50 til § 5-9-57, jf. samleforskrifta § 5-11-1 bokstav o.

15.2.2 Individuelle pensjonsavtalar etter lov om individuell pensjonsordning (IPS)

Dei nye skattefavoriserte individuelle pensjonsavtalane blir skattlagde på same måte som dei tidlegare IPA-avtalane, dvs. at det verken er formuesskatt på inneståande midla eller inntektsskatt på løpande avkasting av midla i ordninga. Avkastinga på inneståande midla blir skattlagd først på tidspunktet for utbetalinga.

Årlege innbetalingar til skattefavorisert individuell pensjonsordning er avgrensa oppover til 15 000 kroner per person, som òg er den øvre grensa for årleg inntektsfrådrag for innbetaling til ordninga. Beløpsgrensa for innbetaling til individuell pensjonsordning blir regulert i lova om individuell pensjonsordning, medan grensa for inntektsfrådrag følgjer av skattelova § 6-47 første ledd bokstav c.

Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte etter ein individuell pensjonsavtale, er skattepliktig inntekt etter skattelova § 5-40 og blir skattlagde som pensjonsinntekt, jf. skattelova § 12-2 bokstav b. Frå 1. januar 2015 blir uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12 og uføreytingar frå andre ordningar ikkje lenger skattlagde som pensjonsinntekt, men på same vis som lønnsinntekt, jf. skattelova § 5-42 bokstav b og § 12-2 bokstav j. Dette inneber at uføreytingar som blir utbetalte frå ei individuell pensjonsordning (IPS) skal skattleggjast som lønnsinntekt. Skatteplikta gjeld både for ytingar til rettshavar og ytingar til andre enn rettshavar, t.d. føremonshavar eller arvingar.

Som nemnd tidlegare, reknar ein ikkje eingongsutbetalingar som pensjonsinntekt i skattemessig forstand. Det går fram av skattelova § 12-2 bokstav d at eingongsutbetalingar frå ei individuell pensjonsavtale etter lov om individuell pensjonsordning til personlege skattytarar er skattepliktig som personinntekt. For dødsbu blir utbetalinga ikkje rekna som personinntekt. Dødsbu vil vere skattepliktig for bruttobeløpet etter ein særskild sats som blir fastsett årleg i Stortinget sitt skattevedtak, jf. skattelova § 5-40 fjerde ledd.

Pensjon og andre ytingar som er skattepliktige etter skattelova § 5-40 til § 5-42, mellom anna uføretrygd, andre uføreytingar og eingongsutbetalingar, er trekkpliktige etter skattebetalingslova § 5-6 første ledd bokstav b og g. Utbetalingar frå ein individuell pensjonsavtale er unntekne frå trekkplikta i skattebetalingsforskrifta § 5-6-17 bokstav f. I praksis har òg eingongsutbetalingar vore omfatta av trekkfritaket. Dersom trekket blir omfatta av reglane om kjeldeskatt etter skattelova § 2-3 fjerde ledd, ligg det likevel ikkje føre trekkfritak, jf. skattebetalingslova § 5-5 femte ledd.

Skattytaren kan be om at det blir gjort frivillig skattetrekk i ytinga.

Opplysningsplikta for utbetalingane som er nemnde ovanfor, følgjer av likningslova § 5-5 nr. 3, jf. § 5-11 og § 5-12 og forskrift 17. september 2013 nr. 1092 § 5-9-50 til § 5-9-57. Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte frå ein individuell pensjonsavtale, blir òg omfatta av opplysningsplikta i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, men denne opplysningsplikta er ikkje lagd til grunn ved innrapporteringa i dagens ordning.

Løpande skattetrekk som utbetalar gjer, skal bli rapportert inn for kvar kalendermånad etter reglane i a-opplysningslova, jf. skattebetalingslova § 5-11.

Skattytaren skal innan 1. februar i året etter inntektsåret ha kopi av opplysningar om innbetalingar og utbetalingar frå individuell pensjonsavtale etter skattelova som nemnd i § 5-9-50 til § 5-9-57, jf. samleforskrifta § 5-11-1 bokstav o. Samleforskrifta er ikkje oppdatert i samsvar med nye reglar for skattefavoriserte individuelle pensjonsavtalar. IPA-avtalane blei avvikla frå og med 2009 og erstatta av individuelle pensjonsavtalar etter lov 27. juni 2008 nr. 62 om individuell pensjonsordning. Ein må likevel gå ut frå at plikta til å gi skattytar ein kopi av opplysningane som er rapporterte til skattestyresmaktene også gjeld for individuelle pensjonsavtalar etter lov om individuell pensjonsordning.

15.2.3 Eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd

Innskotspensjonslova § 7-7 har føresegner om korleis ein skal handsame pensjonskapitalen når eit medlem eller innehavar av pensjonskapitalbevis døyr. Dersom pensjonskapitalen overstig det som trengst for å gi pensjon til forsørgde barn og ingen har rett til pensjon etter innskotspensjonslova § 7-7 tredje ledd, skal pensjonskapitalen som står att utbetalast som eit eingongsbeløp til dødsbuet, jf. innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd. Like eins kan det vere aktuelt å betale ut eingongsbeløp når den avlidne ikkje forsørgjer barn under 21 år eller ikkje har ektefelle, sambuar eller registrert partnar.

Alle løpande, terminvise pensjonsutbetalingar frå ei innskotspensjonsordning er skattepliktige som alminneleg inntekt etter skattelova § 5-1 første ledd, jf. § 5-40 og som personinntekt etter skattelova § 12-2 bokstav b.

Eingongsutbetaling etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd er skattepliktig inntekt etter skattelova § 5-40. Eingongsutbetalingar fell ikkje inn under pensjonsomgrepet i skattelova § 5-1 første ledd. Heimelen for skatteplikt for eingongsutbetalingane som personinntekt følgjer derfor av ei eiga føresegn gitt i skattelova § 12-2 bokstav e. For dødsbu blir ikkje utbetalinga rekna som personinntekt, men er skattepliktig for bruttobeløpet etter ein særskild sats som blir fastsett årleg i Stortinget sitt skattevedtak, jf. skattelova § 5-40 fjerde ledd.

Pensjon og andre ytingar som er skattepliktige etter skattelova § 5-40 til § 5-42, mellom anna eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova, er trekkpliktige etter skattebetalingslova § 5-6 første ledd bokstav b.

Løpande utbetaling av innskotspensjonar skal med heimel i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b bli rapportert inn etter reglane i a-opplysningslova. Dette gjeld både alderspensjon, barnepensjon og ev. etterlatnepensjon. Føresegna dekkjer berre løpande pensjonsutbetalingar og ikkje eingongsutbetalingar. I forarbeida til innskotspensjonslova (Ot.prp. nr. 71 (1999–2000)) blei det foreslått at alle utbetalingar knytte til innskotspensjon bør bli rapportert inn med heimel i same føresegn og endringa blei teken inn i likningslova § 6-7 andre ledd (no § 5-5 nr. 3 fjerde punktum). Ei tilsvarande føresegn om opplysningsplikt for utbetalingar av føretakspensjon er ikkje heimla i likningslova § 5-5 nr. 3. Her følgjer opplysningsplikta berre av likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b. Ettersom utbetalingar av pensjon frå ei innskotspensjonsordning og ei føretakspensjonsordning blir handsama skattemessig likt, blir løpande utbetalingar innrapporterte etter likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b etter reglane i a-opplysningslova.

Opplysningsplikta for eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd følgjer av likningslova § 5-5 nr. 3, jf. § 5-11 og § 5-12 og forskrift 17. september 2013 nr. 1092 § 5-5-20 til § 5-5-24. Eingongsbeløp kan ikkje rapporterast inn etter reglane i a-opplysningslova, og må derfor innrapporterast årleg på likningsoppgåve for individuelle pensjonsordningar.

Løpande skattetrekk som utbetalar gjer, skal bli rapportert inn for kvar kalendermånad etter reglane i a-opplysningslova, jf. skattebetalingslova § 5-11.

Skattytaren skal innan 1. februar i året etter inntektsåret ha kopi av opplysningar om utbetaling frå innskotspensjonsordning som nemnd i § 5-5-20 til § 5-5-24, jf. samleforskrifta § 5-11-1 bokstav e.

15.2.4 A-opplysningslova sitt verkeområde

Det følgjer av a-opplysningslova § 3 kva for opplysningar a-ordninga omfattar. Det følgjer av føresegna at alle opplysningar som blir omfatta av opplysningspliktføresegnene i likningslova § 5-2, skattebetalingslova § 5-11, folketrygdlova §§ 24-2, 25-1 andre ledd og 25-10, jf. § 21-4, statistikklova § 2-2 og svalbardskattelova § 5-2 femte ledd, skal rapporterast inn etter reglane i a-opplysningslova.

Av likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b. følgjer det at opplysningsplikta etter a-opplysningslova omfattar pensjon. Ut frå ordlyden i føresegna blir alle typar pensjonsytingar omfatta av opplysningsplikta, også pensjonsutbetalingar frå individuelle pensjonsavtalar. Det er i tillegg gitt ei eiga føresegn om opplysningsplikt for utbetalingar frå individuelle pensjonsavtalar og etter innskotspensjonslova i likningslova § 5-5 nr. 3 tredje og fjerde punktum (tidl. likningslova § 6-7 andre ledd).

I forarbeida til den tidlegare føresegna i § 6-7 andre ledd uttalte departementet m.a. dette i Ot.prp. nr. 1 (1997–98):

«Ligningsloven § 6-2 bestemmer at pensjoner skal innrapporteres. Etter departementets vurdering er det nødvendig med en klar hjemmel også for innberetning av engangsutbetalinger fra tilbyderne av IPA. Utbetalinger vil ikke bare foretas av forsikringsselskap, men også av banker og av verdipapirfond. Reguleringen må omfatte utbetalinger til rettighetshaver, begunstiget, boer og arvinger. Ligningsloven § 6-7 første ledd regulerer at forsikringsselskaper ukrevet skal levere oppgave over blant annet utbetalinger i siste år. Departementet er av den oppfatning at hjemmelsgrunnlaget for utbetalinger under IPA ivaretas best ved å gi ligningsloven § 6-7 et nytt annet ledd med slikt innhold som nevnt.»

Vidare er det uttalt følgjande i Ot.prp. nr. 71 (1999–2000) «Om lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold» pkt. 17.2.11:

«Etter utvalgets oppfatning dekker denne bestemmelsen bare løpende pensjonsutbetalinger og ikke engangsutbetalinger. Utvalget antar det er hensiktsmessig at alle utbetalinger kan innrapporteres med hjemmel i samme bestemmelse og foreslår en endring av ligningsloven § 6-7 annet ledd. Den foreslåtte endringen gir samme løsning som for IPA.»

[…]

Departementet støtter utvalgets vurderinger og forslag.»

Det går fram av sitata ovanfor at departementet har lagt til grunn at føresegna om lønnsopplysningsplikt etter likningslova § 6-2 (nogjeldande § 5-2 om opplysningsplikt for lønnsopplysningar m.m.) omfattar utbetalingar i form av pensjonsytingar, men ikkje eingongsutbetalingar, frå individuelle pensjonsavtalar. I praksis er det likevel føresegna om opplysningsplikt i likningslova § 5-5 nr. 3 som er blitt brukt som heimel for plikta til å gi opplysningar om utbetalingar frå individuelle pensjonsavtalar, under dette periodiske ytingar i form av pensjonsutbetalingar. Desse opplysningane er derfor ikkje blitt innrapporterte på lønns- og trekkoppgåva, men på ei eiga likningsoppgåve.

Opplysningsplikta for utført skattetrekk, under dette frivillig trekk, følgjer av dei gjeldande føresegnene i skattebetalingslova § 5-11.

15.3 Høyringa

Skattedirektoratet sende forslaget om å utvide a-opplysningslova sitt verkeområde på høyring 5. desember 2014. Høyringsfristen var 27. februar 2015. Høyringsnotatet blei sendt til 206 instansar. Direktoratet har fått svar frå 17 instansar og desse er positive til forslaget. Desse instansane har hatt konkrete merknader:

  • Statistisk sentralbyrå (SSB)

  • Finans Norge

Vi gir att merknadene frå dei to instansane nedanfor, knytt til handsaminga av forslaget.

15.4 Nærare om forslaget

15.4.1 Høyringsnotatet

Skattedirektoratet uttalar i høyringsnotatet at føremålet med a-ordninga mellom anna er å forenkle rapporteringa frå arbeidsgivar til det offentlege, jf. Prop. 112 L (2011–2012) punkt 9. Ytingar frå individuelle pensjonsavtalar skal bli skattlagd etter reglane for pensjons- og lønnsinntekt, og dei er såleis ytingar som etter sin art er meint å vere omfatta av a-ordninga. Det vil vere enklare for opplysningspliktige å rapportere inn slike ytingar, under dette andre pensjons- og uføreytingar, gjennom a-ordninga. Gjennom Skattedirektoratet sin kontakt med opplysningspliktige i denne sektoren har det fleire gongar komme fram at dette er ei ønskjeleg omlegging.

Eingongsutbetalingar knytt til ei IPA/IPS-ordning og eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova er ikkje pensjon, men blir skattlagde som personinntekt på same måte som pensjon. Når ein rapporterer inn, er det ikkje føremålstenleg å skilje mellom denne typen ytingar og pensjonsytingar, som spring ut av det same avtaleforholdet. Derfor bør både eingongsutbetalingar frå IPA/IPS og etter innskotspensjonslova følgje same rapportering som for dei løpande pensjonsytingane.

I høyringsnotatet foreslår ein å lovfeste rapportering av eingongsutbetalingar i likningslova § 5-2, slik at dei blir omfatta av verkeområdet til a-opplysningslova. I tillegg foreslår ein å gjere nødvendige tilpassingar i likningslova slik at opplysningsplikta berre følgjer av den nemnde føresegna.

Etter at høyringsnotatet blei sendt ut, har uførereforma teke til å gjelde. Frå 1. januar 2015 er folketrygda sin uførepensjon og uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda erstatta av ny uføretrygd. Uføretrygd etter folketrygdlova kapittel 12 og uføreytingar frå andre ordningar blir ikkje lenger skattlagde som pensjonsinntekt, men som lønnsinntekt. Dette inneber at uføreytingar som blir utbetalte frå ei individuell pensjonsordning (IPS) og ei IPA-ordning ikkje lenger blir omfatta av omgrepet pensjon i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b. Ordlyden i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b må derfor justerast slik at det går klart fram at det er opplysningsplikt om desse ytingane og at dei er omfatta av a-opplysningslova sitt verkeområde.

15.4.2 Dette meiner høyringsinstansane

Dei instansane som har komme med høyringssvar, er i utgangspunktet positive til forslaget om å utvide a-opplysningslova sitt verkeområde.

Statistisk sentralbyrå er positive til forslaget. Dei peikar likevel på at det er behov for eit sentralt register for opparbeidde pensjonsrettar, og dei meiner ein bør vurdere å utvide a-opplysningslova sitt område til òg å omfatte innbetalingar til pensjonsordningar. Ei slik rapportering bør omfatte alle pensjonsordningar, ikkje berre pensjonsordningar som blir handsama i høyringsnotatet.

Finans Norge støttar forslaget om å utvide verkeområdet til a-opplysningslova. A-ordninga inneber enklare rapportering for arbeidsgivar sitt vedkomande, sjølv om ein må gi opplysningar kvar månad. Dei meiner det er føremålstenleg å samle rapporteringa av desse ytingane i same rapportering som for andre pensjonsutbetalingar. Dei meiner likevel at det vil vere ein fordel om endringa blir innført frå årsskiftet 2015/2016 og ikkje midt i året 2015, slik at det ikkje blir to ulike rapporteringsløysingar for 2015.

15.4.3 Vurderingar og forslag

Generelt

Ytingane som oppgåvegivar skal rapportere inn etter a-opplysningslova, er ofte underlagde månadlege oppgjer. Dette er komme til uttrykk i a-opplysningslova ved at oppgåvegivar som hovudregel skal gi opplysningane minst ein gong i månaden, jf. a-opplysningslova § 4 første ledd. På lik linje med dei fleste andre pensjons- og lønnsytingar blir ytingar frå individuelle pensjonsavtalar utbetalte løpande gjennom inntektsåret. Normalt er ytingane underlagde månadlege utbetalingar, dvs. at utbetalingsfrekvensen er godt tilpassa den nye rapporteringsordninga.

Føremålet med a-ordninga er mellom anna å forenkle rapporteringa frå arbeidsgivar til det offentlege, jf. Prop. 112 L (2011–2012) punkt 9. Departementet meiner at dette forslaget vil gjere det enklare for dei som rapporterer inn ytingar som i det vesentlege liknar på ytingar som blir rapporterte inn gjennom a-ordninga, til dømes andre pensjons- og uføreytingar. Gjennom Skattedirektoratet sin kontakt med opplysningspliktige på dette området har det fleire gongar komme fram at dette er ei ønskjeleg omlegging.

Eingongsutbetalingar knytte til ei IPA/IPS-ordning og eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova er ikkje pensjon, men blir skattlagde som personinntekt på same måte som pensjon. Når ein rapporterer inn, er det ikkje føremålstenleg å skilje mellom denne typen ytingar og pensjonsytingar, som spring ut av det same avtaleforholdet. Derfor bør både eingongsutbetalingar frå IPA/IPS og etter innskotspensjonslova følgje same rapportering som for dei løpande pensjonsytingane.

A-meldinga er lagd til rette for å rapportere inn renter ved forseinka utbetaling, slik at dette er uproblematisk når opplysningsplikta blir overført frå likningsoppgåva til a-meldinga. På den måten kan ein rapportere inn alle utbetalingar på a-meldinga, og likningsoppgåva kan då bli avgrensa til rapportering av opplysningar om innbetalingar og inneståande på premiefond. Når det gjeld Statistisk sentralbyrå sine merknader om at også innbetalingar til andre pensjonsordningar bør bli omfatta av a-ordninga, så meiner departementet at ein ikkje kan ta dette inn i ordninga på det noverande tidspunkt då dette ikkje har vore omfatta av høyringa. Innbetalingar til andre pensjonsordningar skal etter gjeldande rett bli rapportert årleg på likningsoppgåver.

A-opplysningslova sitt verkeområde

Det går fram av omtalen i punktet om a-opplysningslova sitt verkeområde at opplysningspliktige institusjonar i prinsippet har opplysningsplikt for løpande utbetaling av opptente pensjonsytingar frå individuelle pensjonsavtalar (IPS og IPA) etter likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b. Departementet meiner derfor at det ikkje er påkravd å endre likningslova § 5-2 for å sikre at opplysningar om løpande pensjonsutbetalingar frå ein individuell pensjonsavtale etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og forsikringsbevis/pensjonskapitalbevis som skriv seg frå ein tidlegare individuell pensjonsavtale etter skattelova (IPA) er omfatta av opplysningsplikta etter a-opplysningslova. Den gjeldande føresegna om plikta til innrapportering av IPA og utbetalingar etter innskuddspensjonslova i likningslova § 5-5 nr. 3 andre og tredje punktum er ikkje lenger nødvendige. Departementet foreslår derfor at likningslova § 5-5 nr. 3 andre og tredje punktum blir oppheva.

Frå 1. januar 2015 er folketrygda sin uførepensjon og uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda erstatta av ny uføretrygd. Skattlegging av ny uføretrygd som lønnsinntekt inneber at uføretrygd og uføreytingar frå andre ordningar ikkje lenger blir omfatta av pensjonsomgrepet i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b. Departementet foreslår derfor at likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b blir endra slik at det går klart fram at uføretrygd og uføreytingar blir omfatta av føresegnene og av a-opplysningslova sitt verkeområde.

Departementet legg vidare til grunn at likningslova § 5-2 må bli endra for å sikre at opplysningar om eingongsutbetalingar frå IPA/IPS og eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd blir omfatta av opplysningsplikta etter a-opplysningslova.

Det blir vist til forslag om endring av likningslova § 5-2 og § 5-5 nr. 3.

15.4.4 Økonomiske og administrative følgjer

Den nye rapporteringsordninga etter a-opplysningslova får følgjer for opplysningspliktige, Skatteetaten og for den som tek imot ytingar som skal bli rapportert inn. Ein ventar at a-ordninga kjem til å gi samfunnsøkonomisk gevinst i form av redusert belasting for opplysningspliktige ved at dagens rapportering til Skatteetaten blir erstatta av ei felles ordning for rapportering av utbetalingar og skattetrekk, høgare effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane, og betre tenester frå det offentlege.

Ordninga vil òg vere til fordel for dei som tek imot pensjonsytingane, då ho vil innebere eit redusert behov for å dokumentere inntekt og gjennomførte trekk ved førespurnader til det offentlege. Inntektsmottakaren skal få betre oversikt over kva for opplysningar som er rapporterte inn om han eller henne.

Vidare tilseier praktiske omsyn at det er mest fordelaktig og føremålstenleg både for Skatteetaten og dei opplysningspliktige at det berre finst ei løysing for rapportering av alle pensjonsytingar og skattetrekk.

Systemet i a-ordninga må bli tilpassa før eingongsutbetalingar kan bli rapportert inn i ordninga. Dei opplysningspliktige må òg tilpasse systema sine før opplysningane som tidlegare er gitt på likningsoppgåver for individuelle pensjonsordningar kan bli gitt i ny a-melding. Dei opplysningspliktige må allereie når a-ordninga blir innført i 2015, rapportere inn løpande skattetrekk (også frivillig skattetrekk) knytt til ovannemnde utbetalingar via a-meldinga, ettersom terminoppgåva opphøyrde då a-ordninga blei innført.

Dersom verkeområdet til ordninga blir utvida etter forslaget her, medfører ikkje dette vesentlege administrative og økonomiske konsekvensar.

15.4.5 Iverksetjing og overgangsregel

A-meldinga er tilrettelagt for rapportering av pensjonsyting, renter ved eventuell forseinka betaling og skattetrekk. Uføreytingar frå andre ordningar skal innrapporterast som uførepensjon frå andre enn folketrygda i a-meldinga. Opplysningane blir då handsama etter dei nye skattereglane for uføreytingar. Dei opplysningspliktige må likevel tilpasse systema sine for å kunne rapportere inn det ovannemnde etter a-opplysningslova. På same måte må Skatteetaten tilpasse systema sine før dei kan ta imot eingongsutbetalingar i a-ordninga.

Departementet foreslår at ny ordning for rapportering skal setjast i verk straks og gjelde for inntektsåret 2015, og at dei opplysningspliktige må rapportere alt som er utbetalt i 2015. Dette medfører at også ytingar som er utbetalte før vedtaket om utvidinga av ordninga skal bli rapportert i a-meldinga. Departementet legg likevel opp til at utbetalingar for overgangsåret 2015 berre skal innrapporterast ein gong og då seinast 5. januar 2016. Dette inneber at dei løpande månadlege rapporteringane som følgje av a-opplysningslova ikkje må følgjast i 2015.

Finans Norge har i sin merknad gitt uttrykk for at dei ikkje ønskjer to ulike rapporteringsløysingar for 2015, ei før og ei etter iverksetjing av ny løysing for rapportering. Departementet er einig i at dette ikkje er ønskjeleg, og legg derfor opp til at det berre er rapportering i a-ordninga som skal gjelde for inntektsåret 2015.

Det blir vist til forslag til føresegna om iverksetjing.

Til forsida